Forsvarar mål- og resultatstyringa i staten

- Eg blir både opprørt og sint når nokon prøver å få mål- og resultatstyring i Noreg til å bli det same som ny offentleg styring (New Public Management). Det seier Marianne Andreassen, som er administrerande direktør for Senter for statleg økonomistyring (SSØ).

POLITISKE MÅL: - Politisk skal det setjast mål, og nokon må levera resultata, seier administrerande direktør Marianne Andreassen i Senter for statleg økonomistyring.
Foto: Ola Sæther

Det er Senter for statleg økonomistyring og spesielt direktør Marianne Andreassen som blir skulda for å innføra marknadsprinsipp etter mønster frå ny offentleg styring (New Public Management) på universiteta. Senteret har eksistert sidan 2004, og like lenge har Marianne Andreassen vore administrerande direktør. Dette senteret arrangerer også kurs i mål- og resultatstyring for statstilsette. Men ho vil gjerne kvitta seg med stempelet som den store stygge ulven som er ute etter å innføra marknadsprinsipp på universiteta.

- Eg tar sterk avstand frå å kalla styringsforma i statleg sektor for New Public Management, og då særleg dei elementa som knyter seg til privatisering og marknadsretting. Denne regjeringa har tatt eit prinsipielt standpunkt mot privatisering og utskiljing, som er trekk ved New Public Management, slår ho fast. Andreassen synest kritikarane av dagens styringsform på universiteta er på ville vegar når dei ser likskapar mellom New Public Management og mål- og resultatstyring.

- Velferds- og samfunnsmål

- Mål- og resultatstyring tar utgangspunkt i forholda innanfor offentleg forvalting. Dette er verksemder som har velferds- og samfunnsmål - ikkje overskot og eigaravkasting som i private verksemder, og dei er i all hovudsak skattefinansierte. Dermed tar mål- og resultatstyring omsyn til både velferd og samfunn på ein måte som privat sektor ikkje kan gjera.

- Det vil blant anna seia at universiteta ikkje driv og flyg etter studentane og vil ha tak i dei same kva det kostar. Målet med eit slikt system er å kunna styra ressursar og dokumentera resultat i forhold til dei politiske føringane. Det er jo sjølvsagt at politikarar og veljarar ynskjer innsikt i det som går føre seg i staten. Politisk skal det setjast mål, og nokon må levera resultata. Og resultata må vera i samsvar med dei måla som er sette. Dette er røyndomsbiletet mitt av offentleg styring, understrekar Andreassen.

- Dreier seg om politiske mål

Ho meiner dei hardaste kritikarane av mål- og resultatstyring ikkje vil sjå kva det eigentleg går ut på.

- Faktisk så dreier det seg jo om politiske mål som blir sette for den statlege forvaltinga. Og politikarane har bestemt at me skal ha ei statleg forvalting nettopp fordi me ikkje har privatisert den sektoren. Diskusjonen på UiO om farane ved mål- og resultatstyring er difor komplett uforståeleg for meg, konstaterer ho.

- Trur du at du klarer å overtyda kritikarane dine om at mål- og resultatstyring ikkje har noko å gjera med ny offentleg styring (New Public Management)?

- Verken dagens regjering eller den førre regjeringa har nokon gong prøvd å innføra dei elementa innanfor New Public Management som dreier seg om privatisering, på universiteta. Og dei som kritiserer mål- og resultatstyringa, har enno ikkje presentert nokon alternativ styringsmodell for meg. Alternativet til mål- og resultatstyring er at ein ikkje veit kva som går føre seg på ein statleg institusjon, peikar ho på. SSØ-direktøren er nøgd med måten universiteta blir styrte på i dag.

- Ikkje lett å måla kvalitet

- I tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet til Universitetet i Oslo er det gitt opp gode styringsparameter. For det er ikkje enkelt å dokumentera resultat i statleg forvalting, det vedgår eg, men problema er ikkje så store at ein ikkje kan måla resultata. Det er heller ikkje lett å måla kvalitet. Men når ein skal telja vitskaplege artiklar og gi institusjonane publikasjonspoeng, så vil eg tru at me får ein viss peikepinn på at dette har noko å gjera med kvalitet. På sjukehusa er jo ikkje målet å telja flest mogleg operasjonar, men å få folk friske.

- Det finst ikkje nokon statleg leiar som ikkje tar styringsansvaret alvorleg. Styringsparameter måler ikkje alt, men skal kunna gi grunnlag for å vurdera om verksemdene når dei overordna måla sine. Dei vil kunna ha biverknader som kan føra til utilsikta tilpassingar, og dersom dei er store, bør ein sjølvsagt endra på dei, understrekar ho.

- Kva fordelar har mål- og resultatstyringa?

- Den etablerer eit rammeverk for styring gjennom å delegera avgjerder internt i statsforvaltinga. Kvar enkelt institusjon har stor grad av fridom når det gjeld korleis dei politiske måla skal oppfyllast. Dei som sit med skorne på, veit best kvar skorne trykkjer, presiserer ho.

- Engasjement og inspirasjon

- Men vil det ikkje bli betre motivasjon hos dei statstilsette, dersom ein gir dei meir tillit, i staden for å bruka meir kontroll?

- Mål- og resultatstyring skal nettopp vera eit viktig bidrag til å motivera tilsette til å strekkja seg mot dei måla som er sette for verksemda. Det skal gi dei tilsette engasjement og inspirasjon. Det faktum at ein kan dokumentera resultata sine, bør vel også vera viktig for læring og vidare utvikling, understrekar ho.

Tar delt ansvar for problema med POLS

Senter for statleg økonomistyring er også ansvarleg for å innføra nytt personal- og lønnssystem på Universitetet i Oslo og har fått skulda for at alt ikkje har gått etter planen. Marianne Andreassen vedgår at det ikkje har vore enkelt.

- I løpet av 2008 skal 75 000 statstilsette vera lagde inn på det nye personal- og lønnssystemet. Fram til no er
36 000 statstilsette lagde inn i det nye SAP-systemet. UiO er den største enkeltverksemda med rundt 6000 tilsette. Årsaka til at det har vore ein god del vanskar med innføringa av dette systemet på UiO, er det faktum at universitetet har spesielle behov. Difor kjører me ekstraordinære tiltak no fram til 1. mars, då me skal evaluera det første driftsåret. Og då reknar me med å ha det meste på plass.

- Tar ikkje Senter for statleg økonomistyring ansvaret for problema med POLS på UiO?

- Jau, men SSØ og UiO tar eit delt ansvar for at det ikkje har fungert slik det skulle. Når det gjeld forhold som har å gjera med rekneskapssystemet til UiO, så har ikkje me levert det, så det kan me ikkje ta ansvaret for, seier SSØ-direktør Marianne Andreassen.

Fakta om SSØ:
- etablert i 2004, som ein etat under Finansdepartementet.
- administrerande direktør: Marianne Andreassen, tidl. statssekretær i Finansdepartementet.
- har 270 tilsette, fordelt på seks regionkontor og eit hovudkontor i Oslo.
- er rådgjevar for sentrale styresmakter i statleg økonomistyring og handterer også statens konsernkontoordning, statsrekneskapen og regelverket for økonomistyring i staten.
Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 16. feb. 2007 08:18 - Sist endra 10. des. 2008 15:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere