Ein verdsmeister i samfunnsvitskapen

- Medan andre samfunnsvitarar deltar i krinsmeisterskap og noregsmeisterskap deltar Johan P. Olsen i verdsmeisterskapen. Det sa avdelingsdirektør Morten Thornquist i Forskingsrådet då professor i statsvitskap, Johan P. Olsen blei utnemnt til Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden torsdag 1. februar.

TILDELT ST.OLAV: Professor i statsvitskap, Johan P. Olsen er nettopp utnemnt til Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Kansellist Egil Vindorum overrekte dei synlege prova på utnemninga.
Foto: Martin Toft

Johan Peder Olsen er professor i statsvitskap og arbeider i dag ved Arena- Senter for Europaforsking ved Universitetet i Oslo. Dette er eit senter som han har vore med og bygd opp, etter at han tidlegare har vore med og bygd opp Norsk senter for forsking i leiing, organisasjon og styring (LOS-senteret) ved Universitetet i Bergen.

Johan P. Olsen var blant dei forskarane som stod bak den første maktutgreiinga frå 1972-82. Administrativ leiar for Arena, Ragnar Lie, peika på at Johan P. Olsen truleg er den mest kjende norske samfunnsvitaren internasjonalt.

- Han har åleine 1790 poeng på SCI-indeksen og då verdas mest anerkjente samfunnsvitskaplege tidsskrift "American Political Science Review" skulle kåra dei 100 viktigaste samfunnsvitskaplege artiklane i løpet av dei siste hundre åra, hamna den mest kjende artikkelen hans på 6. plass. Det var artikkelen The New Institutionalism: Organizational Factors in Political Life. Også artikkelen A Garbage Can Model of Organizational Choice er ein av verdas mest siterte samfunnsvitskaplege artiklar. Den skreiv han saman med M.D. Cohen og James G. March. På den måten har han klart å knyta to omgrep til namnet sitt, nemleg Garbage Can og institusjonsmodellen.

- Ein stor del av det internasjonale arbeidet har han altså gjort saman med den amerikanske forskaren James G. March under forskingsoppholda ved Stanford-universitetet i USA. Olsen byrja å forska på kommunal forvalting i Nesodden kommune, deretter har han forska på statleg forvalting i Noreg og seinare på EU-forvalting. Denne veka har Johan P. Olsen saman med professor Peter Maassen ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet publisert ei bok om universiteta og europeisk integrasjon. Det er eit godt døme på den intellektuelle nyfikna som karakteriserer Olsen, sa Ragnar Lie i gratulasjonstalen til den nyslåtte kommandøren av St. Olavs Orden.

Johan P. Olsen er fødd i Tromsø i 1939. Han er utnemnt til Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen sin for norsk og internasjonal samfunnsforsking.

Emneord: Fakultetene, Internasjonalisering, Priser Av Martin Toft
Publisert 6. feb. 2007 12:03 - Sist endra 10. des. 2008 14:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere