Startar singleklubb for UiO-tilsette

I desember 2005 blei Liv Sagvolden påkjørt og drepen i Lier. Medisinprofessor Terje Sagvolden vart enkjemann. - Tida etterpå har vore vanskeleg, fortel Sagvolden til Uniforum. No vil han starta ei sosial foreining for UiO-tilsette som er blitt single.

BLEI ENKJEMANN: - Då kona mi, Liv blei påkjørt og drepen i ein fotgjengarovergang, raste mykje av det livet eg hadde ført saman, fortel medisinprofessor Terje Sagvolden.
Foto: Ståle Skogstad

Litt over eitt år etter at Terje Sagvolden blei enkjemann, sit me på kontoret hans ved Avdeling for fysiologi som held til i Domus Medica på Gaustad. Der arbeider han som hjerneforskar, og han ser spesielt på forandringar i hjerne og åtferd i samband med ADHD. Men det har ikkje vore lett å byrja å arbeida igjen etter at han mista kona Liv. Dei var saman i 42 år.

- Me blei saman på gymnaset, då me begge var 17 år gamle. Då ho blei påkjørt og drepen i ein fotgjengarovergang, raste mykje av det livet eg hadde ført saman. Men eg er heldig som har mange gode venner, slik at eg slapp å vera ofte åleine om kveldane. Det hjelpte meg.

- Men det avgrensar seg sjølv kor lenge ein kan oppsøkja venner kvar kveld. Mange av dei som mister livspartnaren sin, byrjar då å sitja lenger på jobben for å arbeida litt meir og svara på nokre fleire e-postar. Om eg i tillegg blir småsvolten, vert eg lett litt deprimert, og då opplever eg situasjonen min som endå vanskelegare, fortel Sagvolden.

- Blei ofte mørkredd

Sjølv merka han det på andre måtar.
- Som hjerneforskar var det "interessant" å oppdaga at eg fekk kjenslereaksjonar som eg ikkje ante at eg hadde. Til dømes, når eg kom heim til eit tomt hus utan kona mi, blei eg ofte mørkredd, og dessutan byrja eg brått å grina, sjølv om situasjonen då ikkje var vanskelegare enn elles. Den rasjonelle delen og kjensledelen av hjernen fungerte ikkje lenger på same måten som før, minnest han.

Etter kvart oppdaga han at mykje av singlelivet var forskjellig frå livet han førde i ekteskapet og også forskjellig frå livet dei gifte eller sambuande vennene hans førde.

- Det er til dømes mykje enklare å få gode råd hos venner som har opplevd å leva åleine enn frå dei som er i stabile parforhold. Eg fekk difor behov for å treffa andre som hadde opplevd noko liknande. Først gjorde eg eit søk på UiOs nettsider for å finna ut om det fanst noko tilbod for ufrivillig single på universitetet. Men eg fann ikkje eit einaste. Deretter tok eg kontakt med Organisasjons- og personalavdelinga. Der fekk eg beskjed om at eg jo kunne ta initiativet til å starta noko for denne gruppa med UiO-tilsette.

- Det førde til at eg fekk kontakt med Eirin Hov i Velferdsutvalet, og resultatet er at me skal ha eit møte for alle interesserte på Klubben i Georg Sverdrups hus måndag 29. januar klokka 16.00, seier han godt nøgd til Uniforum.

- Tilbod for likesinna

Sagvolden har allereie ein del tankar om kva som kan koma ut av ei slik singleforeining.

- Det er viktig å ha ein stad der ein kan møta og ha aktivitetar saman med andre likesinna utan å måtta gå på ein bar eller på ein danserestaurant. I ei slik foreining vil det vera mogleg å arrangera temakveldar med foredrag, organisera besøk i Operaen, gå på teater og konsertar, slik at ein slepp å gå åleine. Framfor alt så trur eg at foreininga må skipa til dansetilstellingar. Det er ofte det mest populære tiltaket for single, har han notert seg.

- Initiativet frå den einskilde blir viktig i ei singleforeining, for at flest moglege ynskje skal kunna dekkast. Dette kan gjerast ved at ein enkeltmedlem, via foreininga, kan søkja etter andre medlemar som til dømes har lyst til å gå på fjelltur saman, dra på tur til Syden eller dra på kulturtur til København eller Roma. Det skal også bli mogleg å danna ein sjakklubb, vinklubb, fotoklubb, bridgeklubb med meir. Kva tilbod singleklubben skal ha, blir dermed opp til kvar og ein av medlemane, slår han fast.

- Ikkje naudsynt at to døyr
Terje Sagvolden har sjølv sett mange personlege tragediar som ein konsekvens av at ektefellen eller sambuaren har døydd.

- Det er mange som går rundt fleire år etterpå utan at dei har fått behandla sorga. Men det er ikkje naudsynt at to døyr, sjølv om ein blir borte. Eg trur mange ville ha trengt ei form for katastrofepsykiatri. Dessutan treng me hjelp til ei rekkje praktiske forhold som gravferda, til å skifta bu og til å avklara rettsstatusen til den som sit igjen, minner han om.

- Behova i samband med samlivsbrot er nok forskjellige frå dødsfall, men då vil nok rettslege spørsmål i samband med fordeling av eigedom og samværsrett med barna krevja mykje energi frå partane, legg Sagvolden til.

- Kvart år kostar skilsmål det norske samfunnet mange milliardar kroner. I Oslo går halvparten av ekteskapa og sambuarforholda i oppløysing. Det er truleg også tilfellet blant dei over 5000 UiO-tilsette, seier han. Sagvolden trur at Universitetet i Oslo vil auka livskvaliteten til den enkelte tilsette gjennom å ha organiserte tilbod som gir single ved UiO både støttetiltak og eit betre sosialt nettverk.

- Om dei kjem seg tidlegare tilbake i jobb og klarer å vera like produktive som før, vil det dessutan spara universitetet for mange millionar kroner årleg, seier Sagvolden.

Stiftingsmøtet for singleklubben blir i regi av Velferdsutvalet i Klubben i Georg Sverdrups hus (UB) måndag 29. januar kl. 16.00-18.00.
Emneord: Universitetspolitikk, Velferdsutvalget, Velferd på UiO Av Martin Toft
Publisert 23. jan. 2007 09:12 - Sist endra 10. des. 2008 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere