Skal leia europeisk forskingsnettverk

InterMedia-direktør Sten Ludvigsen er utnemnd til ny vitskapleg sjef for det europeiske nettverket for toppforsking innanfor digital læring, Kaleidoscope. - Det er ei fjør i hatten både for UV-fakultetet og UiO, seier han til Uniforum.

LEIER NETTVERK: InterMedia-direktør Sten Ludvigsen er utnemnd til vitskapleg sjef for det europeiske forskarnettverket Kaleidoscope.
Foto: Martin Toft

Sten Ludvigsen reknar med at han vil bruka halvparten av arbeidstida si til det internasjonale vervet.

- Men eg blir kjøpt fri av pengar som me får overført frå EU, slik at andre kan gjera dei arbeidsoppgåvene eg ikkje rekk, presiserer han. Og det er nettopp strukturering av EUs forsking innanfor læring og IKT han skal arbeida med.

- Det er ikkje minst overgangen frå EUs 6. til EUs 7. rammeprogram og korleis me kan klara å utvikla berekraftige modellar under ulike finansieringsformer som blir ein viktig del av jobben min, fortel han. Kaleidoscope har eit nettverk på 1000 forskarar og doktorstudentar fordelt på 24 europeiske land. Dei held til på 90 ulike forskingsinstitusjonar i EU-landa, EØS-landa og i Sveits.

Psykologar, pedagogar og informatikarar deltar

- Ei anna viktig oppgåve blir å skriva opp ei kunnskapsoversikt, slik at me veit kva forskingsarbeid som går føre seg innanfor digital læring. Innanfor dette nettverket vil du finna tre faggrupper, sett saman av læringsforskarar som pedagogar, psykologar og informatikarar. Teknologi og studiet av sosiale prosessar er ein viktig del av denne forskinga.

- Då ser me på nettbasert læring og på applikasjonsverktøy innanfor nye område som til dømes biologi, men mykje forsking er også knytt til korleis datateknologi i langt større grad enn før kan brukast til dømes i matematikk. Og me vil sjølvsagt sjå på utviklinga av virtuelle laboratorium som kan brukast overalt, og dei som berre kan brukast i klasserommet, forklarar han.

Ludvigsen vil leggja til at Kaleidoscope også har utvikla eit virtuelt nettverk for doktorstudentar, Virtual Doctor School.

- Mellom 200 og 300 doktorstudentar er involverte i dette nettverket. Etter påtrykk frå EU-kommisjonen er me også i ferd med å jobba for å etablera opne elektroniske arkiv med vitskaplege artiklar. Dette er ei viktig oppgåve for sekretariatet vårt, som held til i Grenoble i Frankrike.

InterMedia viktig

- Men kvifor blei du vald som vitskapleg sjef for dette nettverket?

- Eg trur det må vera fordi UiO har eit forskingssenter som InterMedia, noko som viser at UiO prioriterer slik forsking og har eit stort nok forskingsmiljø innanfor feltet.

- Dessutan er dette høgt prioritert på lista over internasjonale satsingar hos Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Og gjennom eit slikt verv kan UiO vera med og observera og påverka utviklingstrekk i det europeiske forskingsområdet, understrekar han.

Og Ludvigsen har også visjonar om framtida.
- Det neste steget for oss er å sjå nærare på E-vitskap (E-science), som handlar om utveksling av teknologi mellom ulike forskingsmiljø i ulike land.

Emneord: Internasjonalisering, Forskning Av Martin Toft
Publisert 16. jan. 2007 15:27 - Sist endra 10. des. 2008 15:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere