Rettferd sett med filosofiske briller

- Viss me klarer å påvisa at mennesket handlar meir ut ifrå rettferd enn egoisme, kan me konkludera med at rettferdskjensle er ein grunnleggjande menneskeleg eigenskap. Det seier filosofiprofessor Christel Fricke, som skal leia Centre for the Study of Mind in Nature, det aller første senteret for framifrå forsking ved Det humanistiske fakultetet. Det er første senter ut i Uniforums presentasjon av dei fem nye sentra ved UiO.

NORMATIV ÅTFERD: - Me skal forska på menneskesinnet sin plass i naturen gjennom å sjå på forskjellige former for normativ åtferd, fortel Christel Fricke.
Foto: Ola Sæther

Christel Fricke frå Heidelberg i Tyskland blir dermed både UiOs og Noregs første kvinne som leier eit senter for framifrå forsking. - Eg vil syta for å rekruttera mange flinke kvinnelege forskarar frå både Europa og USA, og det trur eg vil vera viktig for å motivera dei få kvinnelege masterstudentane på Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske fag (IFIKK) til å satsa på ei forskarkarriere, slår ho fast. Sjølv blei ho oppmuntra til å koma til Universitetet i Oslo av tidlegare instituttleiar Camilla Serck-Hanssen for rundt tre år sidan.

- Initiativet til å oppretta eit senter for framifrå forsking på HF kom frå ei gruppe med filosofar frå IFIKK, sett saman av blant andre Olav Gjelsvik, Herman Cappelen, Bjørn Ramberg og Carsten Hansen. No inkluderer gruppa også andre norske forskarar både innanfor lingvistikk, statsvitskap og sosialøkonomi. Dessutan samarbeider me med forskarar frå andre europeisk land og USA. Blant dei finst internasjonalt kjende namn som Jennifer Hornsby og Deirdre Wilson, fortel Fricke.

Menneskesinnet sin plass i naturen

- Me skal forska på menneskesinnet sin plass i naturen gjennom å sjå på forskjellige former for normativ åtferd og samla oss om rasjonalitet, kommunikasjon og etikk. Dette skal me gjera gjennom å bringa empirisk og filosofisk forsking i nærkontakt med kvarandre, fortel Christel Fricke. Hennar eige forskingsfelt er moralsk handling.

- Moralfilosofi handlar om to ting: Kva er moralsk rett å gjera, og kva motiverer folk til å gjera det som er moralsk rett? seier ho.

I Bergen er det blitt gjort interessante eksperiment på eit felt som utgjer eit svært viktig saksområde for det nye senteret. Christel Fricke og forskargruppa hennar vil difor samarbeida med sosialøkonomar ved Noregs handelshøgskule i Bergen, og dei vil i fellesskap planleggja eksperiment som skal hjelpa til med å oppnå ei betre forståing av korleis oppfatninga av rettferd kan påverka individuelle avgjerder. Dei vil dessutan sjå nærare på kva folk forstår med rettferd og korleis deira idé om rettferd utviklar seg over tid. Ein annan plan er å involvera psykologar som kan driva med forsking på psykologien bak moralsk utvikling.

- Forståinga vår av rettferd heng nøye saman med oppfatningane av kva som er rimeleg og ein idé om at alle menneske er like. Men kva vil det seia å vera rimeleg når det handlar om fordelinga av gode som ulike menneske på ulikt vis har vore med i produksjonen av? Og kva vil det seia at alle menneske er like når me ser på den svære ulikskapen mellom menneske? Korleis er det mogleg å forklara handlingsnormer som er gyldige for alle menneske på tvers av dei naturlege og kulturelle skilnadane deira? Dette er ikkje lenger problem som berre opptar filosofar, men i stigande grad også sosialøkonomar, understrekar ho.

Ser på handlingane til rusmisbrukarar

Når det gjeld forskingsfelta på det nye senteret, vil ho gjerne dela dei inn i tre hovudgrupper.

- Det første handlar om rasjonalitet på ein normativ måte. Kvifor handlar me slik me gjer? Det andre handlar om kommunikasjon og kvifor mottakar kan oppfatta bodskapen annleis enn den som framfører den. Det tredje feltet handlar om etikk og politiske normer og korleis det står offisielt press bak normene, forklarar Fricke. Ho viser spesielt til prosjektet til filosofiprofessor Olav Gjelsvik, som i samarbeid med kollega Carsten Hansen og nevrologar og psykologar skal sjå på normer og handlingsmønstera til rusmisbrukarar og andre typar misbrukarar.

- Kva er grunnen til at dei handlar slik dei gjer og av og til går ut av det som er gjengs oppfatning om kva som er rett og gale? Og kvifor gjer dei det som er irrasjonelt, sjølv om dei godt veit kva som er rasjonelt? listar ho opp. - Spørsmålet er om me kan kalla folk som lir av eit misbruk for rasjonelle individ eller ikkje. Og det rasjonelle individet er ikkje det same som det moralske individet, legg Fricke til.

Forskarane vil også sjå på dei politiske konsekvensane av dette.

- Me ynskjer å forstå det sosiale motivet bak rettferdiggjeringa av nokre normer og korleis det påverkar dei politiske institusjonane. Eit døme kan vera arbeidet for global rettferd. Når det gjeld dette spørsmålet, vil me samarbeida med den internasjonalt kjende professoren i etikk og statsvitskap, Thomas Pogge, fortel Fricke.
- Det er heilt unikt internasjonalt at så mange forskarar frå så mange forskjellige disiplinar saman skal forska på desse problemstillingane, konstaterer ho.

Manglar lokale

No står det berre igjen eit problem før senteret offisielt kan starta 1. august.

- Me veit enno ikkje kvar me skal vera. Det er viktig at me får vera i nærleiken av fagmiljøet vårt på universitetsområdet på Blindern. I verste fall må me gå på jakt etter lokale utanfor UiO. Men me har stor tru på at dekan Trine Syvertsen og resten av fakultetsleiinga vil løysa dette spørsmålet for oss, seier ho.

- Og når kan de ta til å forska på desse filosofiske problema?

- Me har allereie kome i gang ved hjelp av dei pengane som Universitetsstyret løyvde til alle SFF-finalistane frå UiO. No ventar me på pengane frå Forskingsrådet, og me veit at me vil visa oss tilliten verdig og gi samfunnet tilbake ein del viktige svar på spørsmåla me tar opp.

- Korleis er det blitt markert at HF har fått eit senter for framifrå forsking?
- Me har fått ein bukett med blomar frå rektor Geir Ellingsrud og mange lykkynskingar frå fakultetsleiinga og kollegaer på instituttet. Etter kvart så håpar me å få tid til å feira det med ein skikkeleg fest saman med dei andre forskarane som skal vera med i senteret, seier ho.

UiO fekk fem av åtte nye senter for framifrå forsking. Dei fire andre er:

Equality, Social Organization and Performance - Confronting theory with the Nordic Lessons. Senterleiar: Professor Karl-Ove Moene, Økonomisk institutt

Centre of Excellence: Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis.
Senterleiar: Professor Nils Chr. Stenseth, Biologisk institutt

Centre for Cancer Biomedicine. Senterleiar: Professor Harald A. Stenmark, Institutt for kreftforsking, Rikshospitalet-Radiumhospitalet HF

Centre for Immune Regulation. Senterleiar: Professor Ludvig M. Sollid, Rikshospitalet- Radiumhospitalet HF

Dessutan får Simula-senteret på Fornebu også eit senter for framifrå forsking. Det blir kalla Centre for Software components for biomedical flows og vil bli leidd av professor Hans Petter Langtangen.
Kjemisk institutt og Trygve Helgaker er også involverte i det nye senteret for framifrå forsking ved Universitetet i Tromsø, Center of Theoretical and Computational Chemistry.

Emneord: Forskning, SFF - Senter for fremragende forskning Av Martin Toft
Publisert 19. jan. 2007 14:14 - Sist endra 10. des. 2008 15:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere