- Overlevingsinstinktet avgjer lojaliteten i Afghanistan

- Det er overlevingsinstinktet meir enn ideologi som avgjer om afghanarar viser lojalitet til regjeringa eller Taliban. Det seier Afghanistan-ekspert Kristian Berg Harpviken som har skrive ei doktoravhandling i sosiologi om korleis afghanarar vel mellom flukt og tilslutning til ulike fraksjonar.

IKKJE IDEOLOGISKE: - Dei fleste afhanarar er ikkje ideologiske Taliban-tilhengjarar, konstaterer Kristian Berg Harpviken ved Institutt for fredsforsking.
Foto: Ståle Skogstad

- Utgangspunktet for å skriva ei doktoravhandling om dette temaet var at eg hadde reist mykje rundt på eiga hand i Afghanistan. Då oppdaga eg at nokre lokalsamfunn var tømt for folk under heile krigen, medan andre ikkje var det. Eg ville gjerne finna ut kva som var grunnen til det, seier sosiologen Kristian Berg Harpviken til Uniforum. Han er no nestleiar ved Institutt for fredsforsking (PRIO), men han rettleier også masterstudentar ved UiO.

I avhandlinga såg han nærare på to landsbyar i utkanten av byen Herat som valde å støtta ulike fraksjonar under krigen i landet på 1980-talet. Den eine landsbyen valde å støtta den sovjetdominerte regjeringa med militssoldatar, medan folk i den andre landsbyen støtta motstandsrørsla og tok ei felles avgjerd om å flykta til Iran.

Forståing for ulike val

- Då eg undersøkte denne situasjonen nærare, fann eg ut at landsbyen som støtta regjeringa hadde ein landsbyhovding som hadde nær kontakt med folk i regjeringa. Dessutan låg landsbyen berre 500 meter frå Afghanistans viktigaste artilleribase. Dei kunne sjølvsagt velja å støtta motstandsrørsla, men då ville landsbyen heilt garantert bli øydelagd.Difor valde folket å støtta regjeringa og bidra med militssoldatar. I den andre landsbyen,som låg litt lenger vekke, valde altså folket å støtta motstandsrørsla med folk og samtidig tok dei ei felles avgjerd om å flykta til Iran.

- Den siste landsbyen blei heilt utradert under borgarkrigen, medan den første var heilt intakt då krigen var over. Og folka i den siste landsbyen hadde heile tida stor forståing for kvifor folk i den første landsbyen hadde gjort eit anna val, fortel Harpviken.

Etter at motstandsrørsla tok makta i 1992 vende mange flyktningar tilbake. Nokre av dei hadde fordel av gode kontaktar til det nye regimet, medan andre kunne nyta godt av at eigedomane deira var intakte.

Talibans maktovertaking i Herat i 1995 snudde maktforholda på hovudet, og innsetjinga av regjeringa til president Hamid Karzai i 2001 var eit anna vendepunkt. Seinare fann Harpviken ut at situasjonen i dei to landsbyane ikkje var slik som den såg ut ved første augekast.

- Det viste seg at mange av innbyggjarane i den siste landsbyen hadde overlevd som internflyktningar i den første landsbyen under borgarkrigen. Dei var koner, mødrer, fedrar og sysken til dei som var med i motstandsrørsla. Samtidig synte det seg at militssoldatane smugla våpen til motstandsrørsla og av og til gav den melding om kvar eit mål var, før eit åtak, fortel Harpviken.

Overlevingsinstinktet viktigast

Han trur dette kan gi to viktige lærdomar.
- Det er overlevingsinstinktet og i mindre grad ideologi som bestemmer lojaliteten til dei ulike afghanske grupperingane. Dessutan kan ein flyktningsituasjon vera eit resultat av ei felles medviten avgjerd, og ikkje berre ein naturleg konsekvens av ein krig slik ei biljardkule får ei anna biljardkule til å flytta seg, understrekar han.

Harpviken meiner at både vestlege styrkar og norske flyktningstyresmakter kan læra av dette.

- Afghanarar støttar Taliban berre når dei har fordelar av det. Dei fleste er ikkje ideologiske Taliban-tilhengjarar. Difor er potensialet for endring av støtta svært stort.

- Elles understrekar avhandlinga at så lenge ein ser på flyktningar som personar med kompetanse og på situasjonen deira som eit resultat av ei medviten avgjerd, ser ein også på dei som ein ressurs og sjølvstendige individ i eksil. Då blir det viktig å få brukt den ressursen og ikkje stua dei inne på eit lagerrom i to til tre år, slik me også har gjort i dei norske asylmottaka. Det er den første tida motivasjonen til å læra eit nytt språk og ein ny kultur er størst. Mange års ventetid kan føra til at dei ikkje blir like entusiastiske, trur han.

Fekk brukt ny kunnskap

Mange millionar afghanarar var flyktningar i nabolanda Pakistan og Iran, både under borgarkrigen på 1980-talet og fram til dagens regjering overtok hausten 2001.

- Desse landa ligg begge på eit høgare utviklingsnivå enn Afghanistan. Afghanarane lærte nye yrke og nye byggjeteknikkar, som dei fekk god bruk for då dei vende tilbake til heimlandet mange år seinare. Sjølv om afghanske bygningsarbeidarar blei sett ned på i Iran og ofte måtte gjera det dårlegast betalte arbeidet, plukka dei opp dei iranske byggjeteknikkane. I dag tener ein bygningsarbeidar betre i Afghanistan enn han ville gjera i Iran, fortel Harpviken.

Samtidig ser han ikkje berre fordelar med at over tre millionar flyktningar har vendt tilbake til Afghanistan.

- Nokre gjer det berre for å skaffa seg politiske posisjonar eller for å gå inn i militærapparatet til krigsherrane. Alle som vender tilbake, er likevel nøydde til å ha eit godt nettverk basert på familie, vennskap eller ei stamme for å få husrom, jobb og tryggleik. Også dei flyktningane i Noreg som har vore involverte i militære aktivitetar, kan koma heim att utan problem dersom dei har eit godt nettverk. Dei som manglar nettverk, har derimot vanskar med å skaffa seg både bustad og arbeid.

Vendepunktet

- Korleis er situasjonen i Afghanistan i dag?

- I Kabul er den relativt bra, men folk lever i stadig frykt for sjølvmordsaksjonar. I Sør-Afghanistan er situasjonen svært utrygg, og det er få internasjonale hjelpearbeidarar som vågar seg inn dit.

- Då det braut ut eit opprør i Kabul i mai i fjor, etter at ein amerikansk militærtransport kjørte inn i ei folkemengd og drap to personar, viste regjeringa at den ikkje lenger kunne tilby folk tryggleik. Mange av dei som deltok i robbinga, var politimenn med vrengde uniformer. Dermed fekk president Hamid Karzais regjering ein alvorleg knekk, og denne hendinga står no fram som vendepunktet. Mange byrja å støtta Taliban, trass i at rørsla brukar trugsmål for å skapa frykt hos folk.

- Du har nettopp kome tilbake etter eit lengre opphald i landet. Ser du noko håp om ei løysing på situasjonen i Afghanistan?

- For meg ser det ut til at Vesten nok ein gong har gjort opp rekning utan vert. Gong etter gong set Vesten inn politiske leiarar som både viser seg som korrupte og som manglar legitimitet hos folket dei skal styra. Det har skjedd i Afghanistan, i Iran, i Midtausten og det kan vera det same som no skjer i Somalia.

- Men det er eit viktig land for Noreg?

- Det er over 550 norske soldatar der i tillegg til folk frå hjelpeorganisasjonane. Noreg har vel aldri vore så tungt inne med humanitær hjelp og militær innsats i noko land før. Difor er utviklinga i Afghanistan utruleg viktig for Noreg, slår han fast.

Fakta om Afghanistan:
President: Hamid Karzai
Hovudstad: Kabul
Innbyggjarar: 23,8 millionar
Offisielle språk: Dari og pashtun
Flatevidd: 645,807 kvadratkilometer
(Kjelde: Encyclopædia Britannica)
Emneord: Afghanistan, Forskning Av Martin Toft
Publisert 17. jan. 2007 15:54 - Sist endra 10. des. 2008 15:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere