Frå vikarierande til fast fakultetsdirektør

Universitetsstyret har tilsett Anne Ma Eide i fast stilling som fakultetsdirektør ved Det humanistiske fakultetet etter at ho har vikariert for Inge Øystein Moen sidan november 2005.

INGA ULEMPE: - Eg trur ikkje det er ei ulempe at det er eit kvinneleg dekanat på HF, seier nytilsett fakultetsdirektør Anne Ma Eide.
Foto: Ståle Skogstad

- Gratulerer med tilsettinga som fakultetsdirektør for UiOs største fakultet, Anne Ma Eide!
- Tusen takk!

- Trur du dei tilsette på HF vil merka noko til at du no er blitt fast tilsett?
- Eg har jo vore vikar her sidan november 2005 og har jobba som nestleiar sidan sommaren 2003, så eg håpar i alle fall dei tilsette er glade for at det var eg som blei tilsett.

- Lærte å setja grenser

- Kva annan yrkesbakgrunn har du?
- Den einaste jobben eg har hatt utanom universitetet, var dei to åra eg arbeiddepå Ungdomskontoret til Oslo kommune. Der lærte eg å setja grenser, og det har eg fått god bruk for seinare i dei stillingane eg har hatt på UiO. Før eg kom til Det humanistiske fakultetet arbeidde eg som kontorsjef ved Pedagogisk forskingsinstitutt frå 1995, og eg blei med på overgangen frå SV-fakultetet til det nye utdanningsvitskaplege fakultetet i 1996. Endå tidlegare jobba eg med økonomi- og personalsaker på Institutt for statsvitskap.

- Kva visjonar har du for Det humanistiske fakultetet?
- For meg er det viktig at fakultetet held stillinga som Noregs og Nordens beste humanistiske fakultet og som eitt av dei beste i Europa. Difor er det svært gledeleg at me nyleg også har fått tildelt vårt første senter for framifrå forsking.

- Og kva blir det viktigaste arbeidet i tida framover?
- Arbeidet med fagprioriteringa blir den store saka. Størstedelen av dette arbeidet vil gå føre seg på fakulteta. Nettopp difor er me glade for at me aller først skal sjå på utfordringane på forskingsområdet, slik at me kan få eit bilete av kva me er verkeleg gode på. Deretter kjem turen til andre ting på fakultetet.

- Trur uroa har lagt seg

- Det var stor uro på HF i samband med omorganiseringa i 2004 og den påfylgjande flyttinga. Er det framleis uro her?
- Eg trur den har lagt seg no. Når alt kjem til alt så trur eg at omorganiseringa har ført med
seg mange gode synergieffektar. Det er sjølvsagt ei utfordring å få så store institutt, men samtidig har me fått ein meir profesjonalisert stab. Me har både fast tilsette informasjonskonsulentar og forskingskonsulentar på kvart institutt. Det hadde dei ikkje tidlegare. Når det no har gått over to år sidan omorganiseringa blei sett i verk, skal me setja i gang ei evaluering av kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Me vil undersøkja kor tilfredse eller utilfredse dei tilsette er med dei endringane me har vore gjennom. Dessutan kjem me til å få masse å gjera i samband med innføringa av elektronisk arkiv og elektronisk fakturahandsaming.

- Inga ulempe med kvinneleg dekanat

- Dekanatet er berre sett saman av kvinner, og no får fakultetet også ein kvinneleg fakultetsdirektør. Korleis vil det gå?
- Eg trur ikkje det er ei ulempe at det er eit kvinneleg dekanat. Og eg har aldri høyrt at det har vore eit problem der heile fakultetsleiinga er sett saman av menn. Elles så vil eg som fakultetsdirektør gjerne vera ein diskusjonspartnar når politikken skal utformast, i tillegg til at eg skal passa på at det forvaltingsmessige blir tatt vare på. Med dagens dekanat vil det vera mogleg.

- Om det hadde blitt eit anna dekanat, ville det ha vore like enkelt?
- Som fakultetsdirektør ville eg ha jobba med det dekanatet som dei HF-tilsette hadde stemt på uansett. Det handlar om å vera profesjonell. Resultatet av dekanvalet var ikkje avgjerande for at eg søkte denne stillinga.

- Og kva politikk har du overfor studentane?
- Det viktigaste for oss blir å få studentane til å halda fram med å studera på HF etter at dei har byrja å studera her.

Emneord: Fakultetene, HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 10. jan. 2007 13:20 - Sist endra 10. des. 2008 15:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere