Enklare godkjenning av utanlandsk utdanning

Det skal bli både enklare og raskare å få godkjent utanlandsk utdanning i Noreg. Eit viktig verkemiddel blir å oppretta eit nasjonalt informasjonssenter for godkjenning av utdanning frå utlandet, foreslår eit utval sett ned av Kunnskapsdepartementet. Utvalsleiar Knut Brautaset overrekte innstillinga til kunnskapsminister Øystein Djupedal i dag.

OVERREKKING: Kunnskapsminister Øystein Djupedal og utvalsleiiar Knut Brautaset utvekslar handtrykk før rapporten blir overrekt.
Foto: Martin Toft

- Dette er eit positivt forslag som kan hjelpa til med å betra innvandrarane sin sjanse til inkludering og deltaking i samfunns- og arbeidsliv, sa kunnskapsminister Øystein Djupedal etter at han hadde fått presentert innstillinga frå utvalet. Også Knut Brautaset frå Høgskulen i Agder, som har leidd utvalet, trur at tiltaka vil gjera det enklare og meir oversikteleg for innvandrarar, utanlandske statsborgarar og norske statsborgarar å få godkjent utanlandsk utdanning.

-Det nasjonale informasjonssenteret vil både føra dei som vil ha godkjent utanlandsk utdanning på rett spor, samtidig som det vil vera til stor hjelp for sakshandsamarar i kommunane, fylka og i staten til å vurdera søkjarar med utanlandsk utdanning. Det vil truleg også vera til stor hjelp for tilsette i Innvandraretaten, slo han fast.

Utvalet foreslår at informasjonssenteret skal få fem faste stillingar og at det skal leggjast til NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga).

Styrkjer arbeidet med GSU-lista

Arbeidet med lista over kvalifikasjonar frå utlandet som tilfredsstiller krava til generell studiekompetanse (GSU-lista) skal styrkjast, meiner utvalet. Lista inneheld namn og utdanningar på institusjonar i 200 land. Utvalet deler seg derimot i eit fleirtal og i eit mindretal når det gjeld kva status denne lista bør ha.

Fleirtalet med utvalsleiar Knut Brautaset i brodden, meiner at lista skal halda fram som i dag som grunnlag både for opptak av søkjarar med utanlandsk utdanning og for godkjenning av utanlandsk utdanning. Mindretalet vil at lista berre skal vera bindande for opptak, men berre rettleiande når det gjeld godkjenningsarbeidet.

Medan fleirtalet vil setja av tre årsverk til dette arbeidet, meiner mindretalet det vil vera nok med 1-2 årsverk. Mindretalet går også inn for at minimum 12-års skulegang må til for å oppnå ein kvalifikasjon som gir tilgang til universitetsutdanning i heimlandet. Dessutan må ein vera minimum 17 år ved avslutting av utdanning som opnar for universitetsstudium i heimlandet.

Dersom desse to krava er oppfylte, skal søkjarane automatisk få generell studiekompetanse. Dette meiner mindretalet vil føra til ein einsarta og rettferdig praksis for søkjarar med utanlandsk utdanning uansett kva land dei kjem frå.

Betre norskopplæring

Dessutan foreslår eit samla utval å avklara ansvaret for kapasitet og opplegg for norskopplæring for innvandrarar som har, eller ynskjer å ta, høgare utdanning.

Det skal også opprettast ei arbeidsgruppe som skal gå gjennom Nasjonal database for godkjenning av utanlandsk utdanning (NAG), slik at den kan fungera som ein betre reiskap for forenkling og effektivisering av godkjenningsarbeidet. Det siste punktet utvalet foreslår, er ei kvalitetssikring av godkjenningsarbeidet til universitet og høgskular når det gjeld utanlandsk utdanning.

- Det faglege innhaldet i den utanlandske utdanninga til ein søkjar, skal framleis den einskilde utdanningsinstitusjonen ha ansvaret for å vurdera. NOKUTs ansvar blir å godkjenna avslutta eller ikkje avslutta utanlandsk utdanning for ein person som søkjer jobb i Noreg, forklarte Brautaset då rapporten blei lagt fram. Han peika spesielt på søkjarar frå eit bestemt land.

- India har nokre svært gode universitet og mange dårlege universitet. - Nokre land har eit stort problem med at folk skaffar seg falske vitnemål frå universitet og høgskular. I enkelte land går det an å sjekka dette, medan det er svært vanskeleg å finna ut om eit vitnemål er falskt i andre land, slo han fast.

- Føler seg stemoderleg behandla

I dag tar det i gjennomsnitt fire månader å få godkjent eller underkjent ei utanlandsk utdanning frå NOKUT.

- Mange søkjarar med utanlandsk utdanning føler seg stemoderleg behandla, fordi dei ikkje forstår at ei godkjenning frå NOKUT, ikkje gir dei automatisk rett på ein studieplass ved ein av utdanningsinstitusjonane. Difor er det viktig for oss å få informert dei det gjeld om dette, så tidleg som råd. Det arbeidet håpar med det nyoppretta informasjonskontoret kan ta seg av. Det skal både ha ein eigen nettstad og eit eige domenenamn på Internett. Informasjon kan gjevast både over e-post og telefon, lovde Brautaset.

I 2005 blei det handsama rundt 3500 søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning ved dei ulike institusjonane. I perioden 2003-2005 blei det til saman handsama rundt 10 100 slike saker. Då held me Statens autorisasjonskontor for helsepersonell utanfor. For på dei tre åra frå 2003 til og med 2005 handsama kontoret åleine 19 120 søknader om godkjenning av utanlandsk helseutdanning.

På høyring

Etter at innstillinga til utvalet no er overlevert statsråd Øystein Djupedal, skal den ut på vandring.

- Kunnskapsdepartementet vil senda rapporten på høyring før me bestemmer korleis den skal fylgjast opp i detalj. Det er allereie klart at me vil be NOKUT om å setja ned ei arbeidsgruppe for å sjå på kva som kan gjerast for at Nasjonal database for godkjenning av utanlandsk utdanning, kan bli det gode verktyet, det var meininga at den skulle vera, sa Djupedal.

Emneord: Undervisning, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 24. jan. 2007 15:34 - Sist endra 10. des. 2008 14:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere