Vikingskipa blir flytta til Bjørvika

Vikingskipa blir flytta til Bjørvika. Det vedtok eit fleirtal på åtte i Universitetsstyret i dag. Tre av styremedlemane stemte i mot. Dermed vil ein ny museumsbygning i Bjørvika innehalda både vikingskipa og resten av samlingane som i dag er i Vikingskipshuset på Bygdøy.

BLIR FLYTTA: Vikingskipa blir flytta frå Vikingskipshuset til Bjørvika i 2015.
Foto: Ståle Skogstad

- Eg er letta, for no kan me byrja å gjera alt det andre me har sett oss føre, sa direktør Egil Mikkelsen ved Kulturhistorisk museum etter at Universitetsstyret med åtte mot tre stemmer hadde vedtatt å slutta seg til framlegget om å flytta vikingskipa og dei andre funna frå Vikingskipshuset på Bygdøy til ein ny museumsbygning i Bjørvika.

- Eg er uroleg for framtida til vikingskipa. No blir det fokusert så mykje på flytting at vikingskipa kan bli gløymde, sa styremedlem Kristian Mollestad i ein kommentar. Han kom med eit framlegg som ville opna for at vikingskipa kunne bli verande på Bygdøy, om det ville visa seg umogleg å få til ei flytting utan at ein kunne risikera skader på vikingskipa, sledane og vogna. Han ville også at både flytteplanar og vidare sikring av desse vikingfunna skulle gjerast i samarbeid med Riksantikvaren. Framlegget hans fekk berre støtte frå han sjølv, Grete Berget og Johanne Sundby. Saman med dei to sistnemnde, stemte han også imot framlegget til universitetsdirektør Hanne Harlem som innebar flytting av vikingskipa til Bjørvika.

Åtte mot tre

Før røystinga tok til, oppmoda både Egil Myklebust, Paul Chaffey og Geir Ellingsrud styret til å stemma for framlegget til administrasjonen. Det same gjorde Boel Flodgren, Klaus Magnus Hålan Johansen og Torkel Nybakk Kvaal.Alle meinte at eit klart vedtak om flytting ville gi eit klart signal om kva Universitetet i Oslo ville i den saka. Også Nils Damm Christophersen gav klar melding om at han ville stemma for flytting.

- Eg ser at formidling står imot konservering i denne saka, men eg synest at argumenta for ei betre formidling av desse vikingfunna i eit nytt museum i Bjørvika talar mest for flytting. Difor vil eg stemma for, sa han under møtet.

Også den andre studentrepresentanten Lene Camilla Westgaard stemte for flytting. Det gjorde at framlegget frå administrasjonen fekk åtte stemmer medan tre stemte imot. Dermed blei det altså vedtatt at vikingskipa skulle flyttast.

Skal handsama flytteplanane

I tillegg til at Universitetsstyret vedtok flytting av vikingskipa, inneber vedtaket at styret ber om at museet arbeider vidare med dei konkrete flytteplanane og vidare sikring av desse vikingfunna. Det blir også bede om at ein før flytting får dei konkrete flytteplanane til handsaming i styret. Ei flytting kan først ta til om sju til åtte år, sida eit nytt museum ikkje vil stå klart før i 2015.
UiO-rektor Geir Ellingsrud trur avgjerda vil vera positiv for vikingskipa.

- Vikingskipa er blant verdas viktigaste kulturminne. Formålet med å flytta skipa er å gi dei dei beste forholda i arbeidet med å ta vare på dei, syta for nok sikring og gjera dei betre tilgjengelege for publikum, understrekar han i ei pressemelding frå UiO.

- Risikomomenta må vegast opp mot å dekka behova for å gi skip og gravfunn ei best mogleg framtid. Me trur ikkje at krav til sikring, vern og formidling blir best tatt vare på ved å lata skipa bli ståande i dagens lokale og heller ikkje ved ei ombygging av Vikingskipshuset, seier Ellingsrud.

Direktør Egil Mikkelsen ved Kulturhistorisk museum fryktar ikkje at Riksantikvaren vil stansa ei flytting.

- Nei, no skal me ha ein god dialog med Riksantikvaren, og eg minner om at både direktøren for ABM-utvikling og direktøren for Norske Folkemuseum har kritisert Riksantivaren for å ha blanda seg inn i vernet av ei museumsutstilling, slo han fast etter styrevedtaket.

Emneord: Vikingskipshuset Av Martin Toft
Publisert 20. des. 2006 16:19 - Sist endra 10. des. 2008 16:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere