UiOs senter for framifrå forsking får halda fram

Alle dei tre sentra for framifrå forsking ved UiO får halda fram i fem år til. Det har hovudstyret i Forskingsrådet bestemt etter at konklusjonen i den internasjonale evalueringa av sentra no er klar.

Fysikkprofessor Jens Feder, medisinprofessor Ole Petter Ottersen og matematikkprofessor Ragnar Winther har leia dei tre SFFane ved UiO.
Foto: Ståle Skogstad

Avgjerda til hovudstyret i Forskingsrådet fører til at både Senter for molekylærbiologi og nevrovitskap (CMBN), Senter for bruksretta matematikk (CMA) og Physics of Geological Processes (PGP) no kan sjå fram til fem nye år som senter for framifrå forsking.

Det kan også International Centre for Geo Hazards (ICG) ved Noregs Geotekniske Institutt, som har samarbeidd mykje med geofagmiljøet ved UiO. Elles blir også Senter for studiet av borgarkrig ved Fredsforskingssenteret i Oslo vidareført. Det same blir Centre for Ship and Ocean Structures og Centre for the Biology of Memory ved NTNU i Trondheim. Ved Universitetet i Bergen blir Bjerknes Centre for Climate Research ført vidare i fem år til. Det blir også Centre for Advanced Studies in Theoretical Linguistics ved Universitetet i Tromsø.

Universitetet i Oslo er dermed det einaste universitetet som har fått alle sentra for framifrå forsking gjennom nålauga til den internasjonale evalueringskomiteen.

Fire senter på venteliste

To senter ved Universitetet i Bergen, eitt ved NTNU og eitt ved Universitetet for miljø- og biovitskap blir førebels ikkje ført vidare, heiter det i vedtaket frå hovudstyret i Forskingsrådet. Det gjeld Centre for Integrated Petroleum Research og Centre for Medieval Studies ved Universitetet i Bergen, Centre for Quantification of Quality of Services ved NTNU og Aquaculture Protein Centre ved Universitetet for miljø- og biovitskap. Vertsinstitusjonane for dei fire sentra som ikkje blir førde vidare no, blir oppfordra til å gjera ei grundig utgreiing slik at dei punkta som i fylgje evalueringsrapporten kan betrast, kan bli fylgde opp. Ei slik utgreiing må vera klar til 1. mars 2007. Planane for ei oppfylging blir lagde til grunn for ei fornya handsaming av saka, går det fram av vedtaket til hovudstyret.

Positiv for forskinga

Hovudkonklusjonen til den internasjonale evalueringskomiteen er at dei tretten sentra for framifrå forsking har vore svært positive for utviklinga av god forsking innanfor fagfelta til desse sentra. Det er blitt publisert mange framifrå vitskaplege artiklar i dei mest prestisjefylte forskingstidsskrifta, går det fram av gjennomgangen til evalueringskomiteen.

Statusen som senter for framifrå forsking har også ført til ekstra pengestraumar frå vertsinstitusjonen, frå stiftingar og frå næringslivet. Det blir også vist til at dei mest suksessfulle sentra hadde leiarar som har hatt både vitskaplege visjonar og gode administrative evner.

Evalueringskomiteen ser positivt på at det er ei ganske bra kjønnsfordeling i sentra. Likevel peikar komiteen på at den daglege leiaren for sentra som regel er ein mann, medan kvinnene ofte er nestkommanderande. I framtida bør denne fordelinga bli betre, synest komiteen. Det blir også oppfordra til å planleggja slik at sentra ikkje får problem når nokre av forskarane må gå av for aldersgrensa. Difor bør det vera ei viss spreiing i alder på forskarane som blir tilsette på sentra, slik at det alltid vil vera nokon dyktige forskarar som kan overta når dei eldre forskarane blir pensjonistar.

Den internasjonale evalueringskomiteen er blitt leidd av professor Sten Grillner frå Nobels institutt for nevrofysiologi ved Karolinska Institutet i Stockholm. Med seg i komiteen har han åtte forskarar frå fem europeiske land.

Desse sentra for framifrå forsking blir førde vidare i fem år til:
Centre for Molecular Biology and Neuroscience, UiO
Physics of Geological Processes, UiO
Mathematics for Applications, UiO
International Centre for Geo Hazards, NGI
Centre for the Study of Civil War, PRIO
Centre for the Biology of Memory, NTNU
Centre for Ship and Ocean Structures, NTNU
Centre for Advanced Studies in Theoretical Linguistics, Universtetet i Tromsø
Bjerknes Centre for Climate Research, Universitetet i Bergen
Desse fire sentra blir førebels ikkje førde vidare:
Centre for Integrated Petroleum Research, Universitetet i Bergen
Centre for Medieval Studies, Universitetet i Bergen
Aquaculture Protein Centre, Universitetet for miljø- og biovitskap
Centre for Quantification of Quality of Services, NTNU

Vertsinstitusjonane til desse sentra får frist til 1. mars med å forbetra enkelte punkt.

Desse personane har sete i evalueringskomiteen:

Professor Sten Grillner (leiar)
The Nobel Institute for Neurophysiology, Karolinska Institutet, Stockholm

Professor Cecilia Albin
Department of Peace and Conflict Research, Uppsala universitet

Professor Elena Anagnostopoulou
Department of Philology, University of Crete, Rethymno, Hellas

Professor Bertil Nilsson
Department of Religious Studies and Theology, Göteborgs universitet

Professor Preben Terndrup Pedersen
Department of Mechanical Engineering, Technical University of Denmark, Lyngby, Danmark

Professor Randolph Richards
Institute of Aquaculture, University of Stirling,
Stirling, Storbritannia

Professor Colette Rolland
Centre de Recherche en Informatique, Université Paris Panthéon Sorbonne, Paris, Frankrike

Professor Gerold Wefer Marum,
Bremen University, Bremen, Tyskland

Professor Marjorie Wilson
Earth Sciences, School of Earth and Environment, The University of Leeds, Leeds, Storbritannia

Emneord: SFF - Senter for fremragende forskning, Forskning Av Martin Toft
Publisert 18. des. 2006 13:15 - Sist endra 10. des. 2008 16:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere