UiO går imot formidlingsindikatorane

Universitetet i Oslo slaktar dei fem indikatorane for formidling i innstillinga "Sammen for kunnskap II". UiO meiner effekten blant anna kan bli formidling som blir driven for langt i retning av kommersialisering. Dermed sluttar UiO seg til kritikken som tidlegare har kome frå universiteta i Bergen og Stavanger.

MÅ TELJA: UiO ynskjer at også artiklar i populærvitskaplege tidsskrifter som Apollon må telja som formidling.

Formidlingsutvalet blei sett ned av Universitets- og høgskulerådet for rundt eitt år sidan på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Utvalet, som blei leidd av høgskuledirektør Torunn Klemp ved Høgskulen i Sør-Trøndelag, la fram innstillinga si i juli i år. Då foreslo utvalet fylgjande fem indikatorar som skulle telja som formidling:

1. Omsetning: Sal av tenester og publikasjonar
2. Innovasjon
- verksemder (selskapsetableringar)
- lisensar
3. Publikasjonar
- bøker, læremiddel og faglege ressursar
- artiklar i fagtidsskrift
- aviskronikkar
4. Brukarretta samhandling
- foredrag på brukarretta fagkonferansar
- studentprosjekt
5. Massemedia og direkte formidling

I høyringsfråsegna frå Universitetet i Oslo, som er underskriven av både rektor Geir Ellingsrud og universitetsdirektør Hanne Harlem, kjem det altså fram sterk kritikk mot dei føreslåtte formidlingsindikatorane. Der heiter det blant anna at operasjonaliseringa og fylgjene av å ta akkurat desse indikatorane i bruk fører til utveljing av nokre former for formidling og utelukking av andre. Samla gir dette ei uheldig redefinering, meiner universitetsleiinga. "Vi er også bekymret for at det å bruke de fem indikatorene vil kunne bremse en virksomhet som i dag er omfattende, mangfoldig og variert, og dessuten er i rivende utvikling." står det i høyringssvaret frå UiO til Kunnskapsdepartementet.

Formidling = kommersialisering

UiO har også gått inn og sett på moglege konsekvensar av bruken av dei føreslåtte indikatorane. Dei meiner framlegget ikkje skil mellom formidling og kommersialisering og den kommersielle verksemda blir lønna dobbelt opp. Det blir vist til at det som kan seljast allereie har ein pris, og dermed vil bli stimulert av innteninga. For dei forskingsresultata som har eit kommersielt potensial, finst det allereie utvikla støtteformer ved universiteta og selskap i randsonene deira.

UiO understrekar difor at innsatsen for å styrkja formidling som basisverksemd, nettopp bør støtta aktivitetar som har andre kvalitetar enn økonomisk lønnsemd. Det blir dessutan peika på at den føreslåtte innstillinga favoriserer monolog framfor dialog. Utvalet blir skarpt kritisert for å ha tatt vekk heile debattsjangeren, noko dei meiner ikkje vil stimulera forskarane til å bringa kunnskap og kritiske perspektiv inn i samfunnsdebatten.

Ikkje framtidsretta

UiO er heller ikkje nøgd med at intervju i massemedia skal vektast lågt, medan kronikkar og innsiktsartiklar skrivne av forskarane sjølve skal stimulerast mest. Dei meiner at utvalet heller ikkje tenkjer særleg framtidsretta, sidan det favoriserer papirmedium framfor elektroniske format. Ein framtidsretta formidlingspolitikk må inkludera nettformidling på ein heilt annan måte, slår UiO-leiinga fast.

I svaret til Kunnskapsdepartementet peikar UiO også på at heile systemet med indikatorar er basert på at det er einskildtilfelle av forsking som skal registrerast, og at det bak kvart tilfelle står éin ansvarleg person som kan identifiserast. "Det er imidlertid tvilsomt om forskerne selv alltid står for den beste formidlingen. Gode journalister kan bidra til å trekke ut det vesentlige, de kan relatere forskningens innsikt til viktige samfunnsspørsmål, initiere debatter, og stille oppfølgende og kritiske spørsmål," står det i høyringssvaret frå UiO.

Innovasjon bør ikkje inkluderast

Universitetet går sterkt imot at innovasjon skal inkluderast som ein eigen indikator på formidling. Innovasjon er ei eigenarta og spesialisert verksemd som krev betre tilpassa og meir effektive støtteformer. Får universiteta og musea desse til å fungera, er det ingen grunn til å ta innovasjon med i eit program for betre forskingsformidling, heiter det.

UiO meiner at det er positivt at ein prøver å inspirera til formidling, men kan ikkje støtta den føreslåtte operasjonaliseringa av formidlinga. Difor kjem UiO med alternative løysingsforslag, og viser samtidig til at det vil vera betre å bruka administrative støttefunksjonar for å utvikla ei tidsmessig og kommunikasjonsmedviten formidling frå sektoren enn å bruka slike ressursar på registrering og kontroll.

Allmennretta formidling

UiO slår fast at eit godt system for premiering av formidling skal gi utteljing for populærvitskaplege publikasjonar. Det skal også fremja allmennretta formidling som til dømes forskingsinformasjon og formidlingstenester på nettstadene til institusjonen og deltaking i offentleg debatt.

Eit slikt system må heller ikkje underkjenna kor viktig det er med kompetanse i kommunikasjon for å få god kvalitet på formidling, anten det er forskaren sjølv, ein journalist eller ein informasjonsmedarbeidar som har denne kompetansen. Systemet må også premiera kollektive formidlingsformer, krev UiO.

Universitetsleiinga slår på vegner av UiO fast at etter deira meining bør dei midlane som vil gå med til innføringa og drifta av den føreslåtte formidlingskomponenten, i staden brukast til målretta støttetiltak for å stimulera nyskapande formidling, bruk av ny teknologi og til kommunikasjon og dialog med omverda. UiO meiner slike tiltak vil gi sikrare gevinst på ein langt enklare måte.

Emneord: Forskningsformidling, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. des. 2006 11:17 - Sist endra 10. des. 2008 16:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere