UiO får fem av åtte nye senter for framifrå forsking

UiO får fem nye senter for framifrå forsking. Det har Forskingsrådet bestemt. To senter blir knytte til Det medisinske fakultetet, eitt til Det humanistiske fakultetet, eitt til SV-fakultetet og eitt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. I tillegg har Forskingsrådet bestemt å leggja eit senter til Simula-senteret på Fornebu.

SFF-VINNAR: Biologiprofessor Nils C. Stenseth er ein av dei fem forskarane som skal leia kvar sine senter for framifrå forsking ved UiO.
Foto: Ståle Skogstad

Åtte norske forskingsmiljø får 800 millionar kroner for å skapa forsking i verdstoppen. Forskningsrådet har i dag peika ut kva forskingsmiljø som får status som Senter for framifrå forsking (SFF) etter knallhard konkurranse mellom 98 søkjarar. Fem av dei åtte er altså knytte til Universitetet i Oslo. Dei fem er:

- Equality, Social Organization and Performance - Confronting theory with the Nordic Lessons
Senterleiar: Professor Karl-Ove Moene, Økonomisk institutt

- Centre for the Study of Mind in Nature
Senterleiar: Professor Christel Fricke, Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk

- Centre of Excellence: Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis
Senterleiar: Professor Nils Chr. Stenseth, Biologisk institutt

- Centre for Cancer Biomedicine
Senterleiar: Professor Harald A. Stenmark, Institutt for kreftforsking, Rikshospitalet - Radiumhospitalet HF)

- Centre for Immune Regulation
Senterleiar: Professor Ludvig M. Sollid, Rikshospitalet - Radiumhospitalet HF

Dessutan får Simula-senteret på Fornebu også eit senter for framifrå forsking. Det blir kalla for "Centre for Software components for biomedical flows" og blir leidd av
professor Hans Petter Langtangen. Senteret er bygd rundt forskingsmiljøet til dei avdøde informatikkprofessorane Kristen Nygaard og Ole-Johan Dahl ved Universitetet i Oslo.

Med tildelingane i dag får også SV-fakultetet og HF sine første senter for framifrå forsking. Økonomiprofessor Karl Ove Moenes senter skal samanlikna generelle økonomiske teoriar med den nordiske modellen. Filosofiprofessor Christel Fricke blir både den første som leier eit slikt senter ved HF, og den første kvinna som leier eit senter for framifrå forsking ved UiO.

Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø får eit senter kvar, medan NTNU og Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås ikkje fekk tildelt noko senter denne gongen.

Administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet er godt nøgd med tildelingane:

- Dette er eit viktig tiltak for å styrkja kvaliteten på norsk forsking - og for å heva Noreg som kunnskapsnasjon. Det har vore svært hard konkurranse om midlane som no er tildelt, og dei 26 av i alt 98 søkjarar som har vore med i den avgjerande runden, held eit svært høgt nivå, seier Hallén i ei pressemelding frå Forskingsrådet.

Kriteriet for utveljinga av sentra er vitskapeleg kvalitet på høgste nivå internasjonalt

Ordninga med senter for framifrå forsking starta i 2003 med 13 senter. Desse sentra mottar mellom 6 og 20 millionar kroner i årleg støtte og med ei årleg budsjettramme på 155 millionar kroner. Med dei nye sentra kjem summen opp i over 235 millionar pr år.

- Eg vil seia at SFF-ordninga absolutt har innfridd forventingane våre. SFF-ane har bidratt til å forandra forskingslandskapet i Norge og gjort norsk forsking endå meir synlig for det internasjonale forskarsamfunnet. Sentra har trekt til seg ei lang rekkje svært gode utanlandske forskarar, synest Hallén.

Dei åtte sentra er:
Economics, Institutions, and Social Forces. Confronting theory with Nordic Lessons
Senterleiar: Professor Karl-Ove Moene
Forskningsutførande stad: Økonomisk institutt
Vertsinstitusjon: Universitetet i Oslo

Centre for Geo-Biosphere Research: Deep Seafloor, Deep Biosphere & Roots of Life
Senterleiar: Professor Rolf Birger Pedersen
Forskningsutførande stad: Institutt for geovitenskap
Vertsinstitusjon: Universitetet i Bergen

Centre for the Study of Mind in Nature
Senterleiar: Professor Christel Fricke
Forskningsutførande stad: Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk
Vertsinstitusjon: Universitetet i Oslo

Center of Theoretical and Computational Chemistry
Senterleiar: Professor Kenneth Ruud
Forskningsutførande stad: Institutt for kjemi
Vertsinstitusjon: Universitetet i Tromsø

Centre of Excellence: Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis
Senterleiar: Professor Nils Chr. Stenseth
Forskningsutførande stad: Biologisk institutt
Vertsinstitusjon: Universitetet i Oslo

Centre for Cancer Biomedicine
Senterleiar: Professor Harald A. Stenmark
Forskningsutførande stad: Institutt for kreftforsking, Rikshospitalet - Radiumhospitalet HF)
Vertsinstitusjon: Universitetet i Oslo

Centre for Immune Regulation
Senterleiar: Professor Ludvig M. Sollid
Forskningsutførande stad: Rikshospitalet - Radiumhospitalet HF
Vertsinstitusjon: Universitetet i Oslo

Centre for Software components for biomedical flows
Senterleiar: Professor Hans Petter Langtangen
Forskningsutførande stad og vertsinstitusjon: Simula Research Laboratory AS

Emneord: Forskning, SFF - Senter for fremragende forskning Av Martin Toft
Publisert 19. des. 2006 16:26 - Sist endra 10. des. 2008 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere