Psykologi satsar på høgteknologisk hjerneforsking

Psykologisk institutt investerer to millionar kroner i den nye MR-skannaren på Intervensjonssenteret på Rikshospitalet. - Det vil føra oss heilt opp i verdsfronten i forsking innanfor psykologi og hjernebiologi, seier førsteamanuensis Tor Endestad.

AVTALE: SV-dekan Asbjørn Rødseth skriv under avtalen på vegner av Psykologisk institutt. F.v. Åge Danielsen, Erik Fosse, Fanny Duckert og Tor Endestad.
Foto: Ola Sæther

I april skal den nye MR-skannaren vera i drift på Intervensjonsenteret på Rikshospitalet. Medan skannaren kostar 18 millionar kroner i innkjøp, vil byggjekostnadane koma på rundt åtte millionar kroner. Tidlegare har både UiO og Forskingsrådet løyvd åtte millionar kroner til prosjektet, medan Rikshospitalet dekkar resten.

I går var både Åge Danielsen, som er administrerande direktør for Radiumhospitalet-Rikshospitalet, SV-dekan Asbjørn Rødseth, instituttleiar Fanny Duckert og førsteamanuensis Tor Endestad ved Psykologisk instittutt, dagleg leiar Frode Vartdal ved Fakultetsdivisjonen på Radiumhospitalet-Rikshospitalet og avdelingsleiar Erik Fosse til stades då kontrakten mellom samarbeidspartnarane blei underskriven på MR-rommet på Intervensjonssenteret. Avdelingsleiar Erik Fosse på Intervensjonssenteret er full av entusiasme for prosjektet.

Fokusert ultralyd

- Stamcelleforskinga gjer det mogleg å dyrka nytt vev og nye celler. MR-teknologien kan overvaka denne behandlinga. Den gjer det også mogleg å overvaka destruksjon av kreftsvulstar med såkalla fokusert ultralyd. Dei nye teknologiane både i biletbehandling og i pasientbehandling flyttar forståinga vår av sjukdom frå eit makroanatomisk til eit mikroanatomisk nivå. Det vil seia at det vil vera mogleg å gå inn på kvar einskild celle i kroppen, trur Fosse.

Stort framsteg

Også førsteamanuensis Tor Endestad ved Psykologisk institutt har stor tru på at samarbeidet om MR-skannaren kan gi psykologane ny innsikt i dei ulike funksjonane i hjernen.

- Det vil vera eit stort framsteg for forskinga på minnet og på gløymsla. Me vil ha høve til å finna ut meir om kontrollen av fokus. Til dømes kan me forska på kva som får oss til å halda i gang ein samtale med kvarandre. Dessutan skal me sjå på anatomien til hjernen og kopla det saman med korleis nervecellene heng saman i hjernen, fortel Endestad. Han leier ei stor forskargruppe som konsentrerer seg om hjerneforskinga på Psykologisk institutt. Gruppa er på fire forskarar, to stipendiatar og fem masterstudentar.

- Når det gjeld samarbeidet med kreftforskarane, kan me vera med på å avgjera om ein svulst er så nær språkområdet i hjernen at det vil bli skada om den blir fjerna, fortel Endestad. Og Fosse understrekar ein stor fordel med den nye skannaren.

- I den nye MR-skannaren vil det ikkje vera behov for å ha pasientane inne i den i så lang tid som i dag. No er det mange pasientar som utviklar klaustrofobi mot opphaldet i skannaren. Det vil me oppleva i mindre grad med den nye. Dagens skanner er ti år gamal. Ideelt sett burde alle MR-skannarar bli skifta ut kvart femte år, om det hadde vore pengar til det, meiner han.

Emneord: Psykologi, Forskning, Medisin Av Martin Toft
Publisert 22. des. 2006 13:33 - Sist endra 10. des. 2008 15:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere