Overraska av milliongåve frå Djupedal

-Då Øystein Djupedal kom inn på kontoret mitt, kjende eg han først ikkje igjen. Då eg såg kven det var og at Dagsrevyen hang på slep, forstod eg at noko stort var på gang. Det seier professor Harald A. Stenmark ved Radiumhospitalet. Han er tildelt 100 millionar kroner av Forskingsrådet for å leia eit senter for framifrå forsking.

GLAD: - Eg blei både svært glad og overraska over at senter for kreft- og biomedisin er tildelt eit slikt forskingssenter, seier professor Harald A. Stenmark.
Foto: Ola Sæther

- I går feira alle forskargruppene som skal vera med i senteret nyhendet med ekte sjampanje, fortel Stenmark. Og sjølv om han visste at kunngjeringa av tildelinga av senter for framifrå forsking byrja å nærma seg, så kom besøket til kunnskapsminister Øystein Djupedal som julekvelden på kjerringa.

- Eg blei både svært glad og overraska over at senter for kreft- og biomedisin er tildelt eit slikt forskingssenter. Samtidig føler eg personleg eit stort press, fordi det er eit stort ansvar å leia eit slikt senter, sidan me har så ambisiøse målsettingar, seier han til Uniforum. Stenmark ser ikkje minst ein stor verdi i at senteret gjer det mogleg å føra forskarar frå fleire fagområde saman.

Cellebiologar og translasjonsforskarar

- Det blir to typar forskarar: grunnforskarar i cellebiologi som meg sjølv og translasjonsforskarar som samarbeider med klinikarar ved å analysera svulstmateriale for å finna ut kva gen som kan vera ansvarleg for den krefttypen pasienten har fått. Me cellebiologar forskar på kva det genet gjer i cella. Dessutan får me hjelp frå ei tredje gruppe, nemleg statistikarane. Det er så store datamengder det er snakk om her, at me treng hjelp frå dei for å dra informasjon ut frå alt dette datamaterialet, forklarar han.

Med unntak av statistikarane, som kjem frå Institutt for informatikk, vil alle forskarane koma frå Radiumhospitalet. Men dei fleste stipendiatane og masterstudentane vil koma frå Universitetet i Oslo.

- Det er der me har det viktigaste rekrutteringsgrunnlaget vårt. Difor håpar me at UiO også får dei pengane universitetet treng, for det vil også koma oss til gode i form av stipendiatar og masterstudentar frå medisin, biologi eller farmasi, understrekar Stenmark. Til saman vil 90 personar jobba ved senteret, når det kjem i drift neste sommar.

Raskare framgang

- Til saman vil sju forskargrupper delta i senteret som førebels skal fordelast på to etasjar i dagens lokale. Men når den nye forskingsbygningen står klar i 2008, skal me flytta inn der. Det er viktig at heile senteret held til på same gang, synest han. Med seg i Centre for Cancer Biomedicine får Harald A. Stenmark selskap av toppforskarar som Sjur Olsnes, Ragnhild A. Lothe, Knut Liestøl, Kirsten Sandvig, Erlend B. Smeland, Antoni Wiedlocha og Håvard E. Danielsen. Og Stenmark trur senteret vil få mykje å seia for kreftforskinga.

- Når me no får ressursar til å sameina kreftene, vil det kunna føra til ein raskare framgang i diagnose og behandling av ein del utvalde krefttypar, slår han fast.

Emneord: Forskning, SFF - Senter for fremragende forskning Av Martin Toft
Publisert 21. des. 2006 15:12 - Sist endra 10. des. 2008 15:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere