Meir pengar til likestilling
Dei sentrale midlane til likestillingstiltak blir auka frå 1,8 millionar til 2,8 millionar kroner. Det bestemte Universitetsstyret då det tysdag 28. november vedtok handlingsplanen for likestilling mellom kjønna 2007-2009.
I vedtaket går det også fram at dagens insentivmodell på 4 millionar kroner årleg blir ført vidare neste år. Det skal seinare vurderast om ein skal gå bort frå den modellen i 2008. Alle fakulteta skal laga eigne, langsiktige handlingsplanar, som blir knytte opp til dei tiltaka det blir søkt om midlar til. Fakulteta skal dekka minst halvparten av dei kostnadene det blir søkt om støtte til, går det fram av vedtaket.
For å kommentere på dette dokumentet må du logge inn.
Om du ikkje har UiO- eller Feide-brukarnamn, kan du opprette ein WebID-brukar.