Kaare Aksnes får Kongens gull

Professor Kaare Aksnes ved Institutt for teoretisk astrofysikk blei tysdag 5. desember tildelt Kongens fortenestmedalje i gull. Aksnes har drive forsking innanfor celestial mekanikk eller himmelmekanikk. Sidan 1993 har Kaare Aksnes vore leiar i Almanakk-komitéen ved UiO, og han reknar personleg ut kalendariet i Almanakk for Noreg.

KONGENS GULL: Professor Kaare Aksnes ved Institutt for teoretisk astrofysikk er tildelt Kongens fortenestmedalje i gull.
Foto: Ola Sæther

Han har også hatt ei viktig rolle internasjonalt i namngjevinga av objekt i solsystemet vårt. Det gjeld namn på nyoppdaga månar, kometar, asteroidar og overflatedetaljar på planetane.
Det har han gjort gjennom den mangeårige medlemskapen sin i Den Internasjonale Astronomiske Unions arbeidsgruppe for planetsystem-nomenklatur, som er det offisielle organet for slike namn. I fleire år var han også leiar for denne unionen.

Emneord: Forskning, Priser
Publisert 14. des. 2006 15:31 - Sist endra 10. des. 2008 15:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere