Frå fakultetsdirektør til administrasjonsleiar

Fakultetsdirektør Bjørnar Sarnes ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet har takka ja til ei nyoppretta stilling som administrasjonsleiar i Informasjonsavdelinga. Frå mai 2005 og fram til juni i år var han også fungerande assisterande universitetsdirektør.

IKKJE NEDRYKK: - Eg ser ikkje på stillinga som administrasjonsleiar i Informasjonsavdelinga verken som eit nedrykk, opprykk eller eit sidespor, seier fakultetsdirektør Bjørnar Sarnes.
Foto: Trine Nickelsen

- Gratulerer med ny jobb, Bjørnar Sarnes!
- Tusen takk for det.

- Kvifor takka du ja til denne stillinga?

- Først og fremst var det ynsket om å gjera noko heilt anna. No har eg hatt jobben som fakultetsdirektør sidan UV-fakultetet blei oppretta i 1996, så difor er det naturleg å gjera noko anna. Akkurat no dukka det opp eit tilbod til meg i Informasjonsavdelinga og sidan eg treivst så godt med å jobba i Sentraladministrasjonen den tida eg var der, sa eg ja til jobben.

- Saman med Inger Stray Lien og Arvid Hallén var du ein av søkjarane til den ledige stillinga som universitetsdirektør etter at Tor Saglie hadde gått av. Dessutan har du vikariert som assisterande universitetsdirektør i ein lengre periode. Samtidig har du altså i over 10 år vore fakultetsdirektør ved UV-fakultetet. Vil ikkje ei stilling som administrasjonsleiar i Informasjonsavdelinga vera ei degradering for deg?

- Det er naturleg å spørja om det. Informasjonsavdelinga har eit godt rykte og eg har stor respekt for den nye informasjonsdirektøren, Siv Nordrum. Og når eg hadde lyst til å gjera noko anna, så var det ikkje for å gjera endå meir enn det eg gjer i dag. Eg har hatt meir enn nok å gjera i den leiarstillinga eg har i dag. Difor ser eg ikkje på stillinga som administrasjonsleiar verken som eit nedrykk, opprykk eller eit sidespor.

- I Informasjonsavdelinga får du jo selskap av tidlegare fakultetsdirektør for HF, Grete Starheim, tidlegare informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal og ...

- ... tidlegare assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien. Ja, det ser ut som om Informasjonsavdelinga øver ei viss tiltrekkingskraft på tidlegare direktørar. Eg kjenner desse personane som fine menneske, og eg trur det blir ålreit å jobba med dei. Medan dei har valt å takka ja til rådgjevarstillingar, har eg altså valt å jobba som administrasjonsleiar.

- Kva blir arbeidsoppgåvene dine?

- Førebels veit eg berre at eg skal jobba som administrasjonsleiar. Og eg arbeider etter regelen om at målet på kor god jobb du gjer er summen av innsatsen til dei du jobbar saman med.

- Og når byrjar du i den nye jobben?

- I midten av februar.

Emneord: Fakultetene, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 15. des. 2006 11:12 - Sist endra 10. des. 2008 15:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere