Bestemmer om vikingskipa skal flyttast

Skal vikingskipa flyttast frå Bygdøy til eit nytt museum i Bjørvika? Det spørsmålet skal Universitetsstyret ta stilling til på årets siste møte i morgon 20. desember. Universitetsdirektør Hanne Harlem foreslår at styret stemmer ja til flytting.

FLYTTING ELLER IKKJE FLYTTING: Universitetsstyret avgjer onsdag 20. desember om vikingskipa skal flyttast frå Bygdøy til Bjørvika.
Foto: Ståle Skogstad

Lagnaden til vikingskipa og dei andre funna i Vikingskipshuset på Bygdøy er den desidert viktigaste saka på saklista til Universitetsstyrets møte onsdag 20. desember.

I Det blå rommet i Midtbygningen i Sentrum skal styremedlemane avgjera om dei skal fylgja universitetsdirektør Hanne Harlems framlegg om at dei skal slutta seg til tilrådinga frå styret for Kulturhistorisk museum. Den går ut på at vikingskipa og dei andre funna i Vikingskipshuset på Bygdøy skal flyttast til ein ny museumsbygning i Bjørvika.

I vedtaksframlegget går det også fram at Universitetsstyret skal be om at museet arbeider vidare med dei konkrete flytteplanane og ei vidare sikring av både vikingskipa og dei andre funna. I det siste punktet blir det understreka at Universitetsstyret skal be om at ein før ei mogleg flytting, får flytteplanane til handsaming.

Tidlegare har altså eit samrøystes styre for Kulturhistorisk museum gått inn for flytting, trass i motstand frå blant andre den tidlegare samlingsansvarlege ved Vikingskipshuset, Arne Emil Christensen og professor i arkeologi, Dagfinn Skre. Begge viser til at faren for at desse tinga kan bli øydelagde under flyttinga, må vega meir enn at eit nytt museum i Bjørvika også skal innehalda hovudattraksjonane til Kulturhistorisk museum.

Det norske Veritas har gjort undersøkingar som har konkludert med at det vil vera mogleg å flytta vikingskipa, medan det knyter seg større uvisse til både sleden og kjerra. Safetech-rapporten har kome til den same konklusjonen.

Riksantikvaren gjekk tidlegare i haust dessutan inn for å freda Vikingskipshuset med alt som det inneheld. Dersom alt går etter planen reknar museumsdirektør Egil Mikkelsen med at ein ny museumsbygning i Bjørvika med vikingskipa kan stå ferdig i 2015.

Sjølv om dei fleste andre sakene i Universitetsstyret denne gongen vil koma i skuggen av framlegget om å flytta vikingskipa, så skal styret likevel også ta stilling til andre viktige saker. Det skal koma med sitt framlegg til Kunnskapsdepartementet om nytt regelverk for opptak for grunnutdanninga frå og med studieåret 2009/2010. Eitt av punkta går ut på å innføra matematikk R1 som spesielt opptakskrav til det femårige integrerte masterstudiet i samfunnsøkonomi.

Bak stengde dører skal Universitetsstyret også tilsetja ny fakultetsdirektør for Det humanistiske fakultetet.

Emneord: Museene, Vikingskipshuset Av Martin Toft
Publisert 19. des. 2006 10:12 - Sist endra 10. des. 2008 14:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere