Arne Laukholm blir superdirektør for IT

IT-direktør Arne Laukholm ved UiO er tilsett som ny direktør for informasjonssystem ved UiO. Det vedtok Universitetsstyret tysdag 28. november.

IS-DIREKTØR: IT-direktør Arne Laukholm ved UiO er tilsett i den nyoppretta stillinga som direktør for informasjonssystem ved UiO.
Foto: Ola Sæther

Den nye superdirektøren blir direkte underlagt universitetsdirektøren og skal få ansvaret for forvaltinga av alle dei felles datatenestene på UiO.

Då IT-direktør Arne Laukholm i februar i år fortalde Uniforum kva som var arbeidsoppgåvene til ein ny superdirektør, gjekk det fram at personen skal ha ansvaret for planlegging og implementering og for samspelet mellom arbeidsprosessane og nye informasjonssystem.

- I åra framover må USIT i endå sterkare grad enn i dag delta i konkurransen med private om tilbod på datatenester ved UiO. Difor blir det viktig å ha både IT-direktør og IT-forvaltar, sa Laukholm til Uniforum.

Emneord: Universitetspolitikk, USIT, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 12. des. 2006 10:32 - Sist endra 10. des. 2008 19:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere