Mexico vil auka studentutvekslinga

Det medisinske fakultetet ved Nasjonaluniversitetet i Mexico by vil gjerne ha norske studentar, medan Det veracruzanske universitetet i Xalapa får for mange norske studentar i høve til kor mange dei sender til UiO.

SAKNAR UTVEKSLING: - Me vil gjerne ha studentutveksling med UiO, seier Dr. Leandro Loya Moniet på Det medisinske fakultetet ved Nasjonaluniversitetet i Mexico.
Foto: Martin Toft

Uniforum har besøkt to meksikanske universitet med ulik røynsle med utvekslingsavtalen med UiO. Det viser seg altså at to fakultet på to forskjellige meksikanske universitet opplever denne avtalen ulikt.

Først tok me turen til Nasjonaluniversitetet i Mexico by. Det er eit av verdas største universitet, med nærare 300 000 studentar og over 50 000 tilsette. Der møtte me Dr. Leandro Loya Moniet, som er sjef for utvekslingsprogrammet ved Det medisinske fakultetet. Han var svært interessert i å koma i kontakt med Det medisinske fakultetet ved UiO og har gjort fleire forsøk på å etablera kontakt, utan hell.

- Eg fekk ingen reaksjon dei gongene eg ringte dit. I alle fall er me framleis svært ivrige på å få i stand ein utvekslingsavtale med det medisinske fagmiljøet ved Universitetet i Oslo.

- Først og fremst kunne me tenkt oss ein studentutvekslingsavtale, men eg ser også det som eit høve til å få i stand ei gjensidig utveksling av stipendiatar. Det må sjølvsagt vera ein føresetnad at begge universiteta kan tilby undervisning på engelsk for dei som får dra, seier Loya Moniet til Uniforum. Han trur studentar både frå Mexico og Noreg vil ha stort utbyte av ei slik utveksling.

- Kan dela erfaringar

- I Mexico er legane gode på sjukdomar som har å gjera med mageinfeksjonar, augesjukdomar og tropesjukdomar. I Noreg veit eg at legane er gode på å behandla forkjøling og luftvegsinfeksjonar, som er meir vanlege sjukdomar hos dykk. Det kunne også vera mogleg å dela dei ulike røynslene medisinstudentar eller stipendiatar frå dei to landa har på område som fødselsmedisin, barnemedisin og kreftbehandling, seier han.

Tretti prosent av all medisinsk forsking

Og han ser ikkje bort frå at det vil vera mogleg å få til eit medisinsk forskingssamarbeid med forskarar ved Universitetet i Oslo.

- Tretti prosent av all medisinsk forsking i Mexico skjer ved dette fakultetet. Det omfattar all medisinsk grunnforsking. Difor har me i dag eit stort internasjonalt samarbeid med blant andre fem universitet i Frankrike, universitet i Madrid og Barcelona i Spania og med University of London i Storbritannia. Pasteur-instituttet i Paris har me også ein utvekslingsavtale med, understrekar han. Montiel peikar på at dei berre sender ut studentar som er komne til det femte året på medisinstudiet.

- Dei er gode i engelsk og vil difor få utvekslingsstipend frå oss, og dei vil ikkje ha problem med å fylgja med på ei engelskspråkleg undervisning, slår han fast.

- Eg trur dessutan at me vil ha mykje å læra av kvarandre når det gjeld undervisningsmetodar, seier han til Uniforum og ber oss om å formidla dette ynsket vidare til Det medisinske fakultetet ved UiO.

- Vil ha betre balanse

Mellom Mexico by og hamnebyen Veracruz, i Xalapa, ligg Det veracruzanske universitetet. Det har 60 000 studentar i heile delstaten, men berre 20 000 av dei studerer i Xalapa. Fram til sommaren 2006 hadde universitetet tatt imot 11 utvekslingsstudentar frå Universitetet i Oslo, og berre sendt frå seg to meksikanske studentar til Oslo.

- Me skulle gjerne hatt litt betre balanse i studentutvekslinga mellom dei to universiteta, synest direktør Pilar Castillo de Gulson og utvekslingsansvarleg Leticia Rendón González på Avdelinga for utanlandske studentar. - Difor hadde me gjerne sett at studentane frå universitetet vårt kunne fått litt ekstra støtte frå norske styresmakter på grunn av dei høge levekostnadene i Noreg, meiner dei.

FLEIRE UT: - Me har mottatt 11 UiO-studentar og sendt frå oss to. Det er for dårleg balanse, meiner frå venstre Hector Rangel Rámirez, Pilar Castillo, Leticia Rendón González og Marisa Guevara Hernández ved Det veracruzanske universitetet i Xalapa.

Studerte ved UiO

Begge får støtte av Marisa Guevara Hernández, som var den første studenten frå universitetet som tok imot tilbodet om å studera eit halvt år ved Universitetet i Oslo. I dag arbeider ho på studentutvekslingskontoret.

- Det er klart at det var tøft økonomisk å vera i Noreg. Etter kvart byrja eg å jobba i ein restaurant, og då blei økonomien betre, fortel ho. Men elles hadde ho gode røynsler med studieopphaldet.

- Klart eg hadde det. Eg studerte på Institutt for medium og kommunikasjon, og eg blei kjent med svært mange studentar frå heile verda, men heller få frå Noreg. Difor synest eg at det burde ha vore organisert fleire treff der utvekslingsstudentar kunne møta norske studentar, foreslår ho.

- Eg vil gjerne oppfordra andre meksikanske studentar til å ta eit studieopphald i Oslo, og sjølv reiser eg gjerne tilbake, legg ho til.

Både ho og Pilar Castillo de Gulson har notert seg at norske studentar i Xalapa oppfører seg svært forskjellig.

- Dei norske jentene held seg for seg sjølv og takkar ofte nei til private middagsinvitasjonar. Derimot har me hatt gode røynsler med fleire av dei norske gutane som har vore her. Dei har det vore lettare å koma i kontakt med, og nokre av dei har nesten blitt meksikanarar, seier dei to.

Dei er svært stolte over universitetet dei jobbar for.
- Det har eit svært høgt nivå både på kulturfag, språkfag, sosialantropologi og sosiologi. Ein liten by som Xalapa blir også positivt prega av alle studentane som bur her, konstaterer dei.

Fakta om Det meksikanske nasjonaluniversitet i Mexico by (UNAM):
- nærare 300 000 studentar
- rundt 50 000 tilsette
- har 50 prosent av all forsking i Mexico
- 22 fakultet og avdelingar
- grunnlagt i 1956
Fakta om Det veracruzanske universitetet:
- 60 000 studentar, 20 000 i Xalapa
- har godt renommé på kulturfag, arkeologi, antropologi og samfunnsvitskap
- grunnlagt i 1957
- ligg i Xalapa som er hovudstaden i delstaten Veracruz
- har tatt imot 11 utvekslingsstudentar frå UiO og sendt to hit
Emneord: Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 28. nov. 2006 09:49 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere