Psykologiprofessorar: - Forskingsetikk må inn på alle kurs

Forskingsetikk og rett framferd i forsking må inn på timeplanen på alle kurs på Universitetet i Oslo. Det foreslår psykologiprofessorane Anne Inger Helmen Borge og Fanny Duckert i eit lesarinnlegg som blir publisert i papirutgåva av Uniforum denne veka. - Det kan vera med på å hindra forskingsfusk i framtida, seier Helmen Borge til Uniforum.

KURS I FORSKINGSETIKK: - Alle dei vitskapleg tilsette på UiO bør få etterutdanningskurs i forskingsetikk, foreslår psykologiprofessor Anne Inger Helmen Borge.
Foto: Ståle Skogstad

Dei to forskarane Anne Inger Helmen Borge og Fanny Duckert har lenge vore svært opptekne av forskingsetikk. I samband med dei siste avsløringane av at to UiO-tilknytte forskarar truleg har fuska med funna sine, kjem dei no med sitt eige forslag til korleis UiO kan setja i verk tiltak som kan hindra meir forskingsfusk.

- Me er ikkje glade for at det er så mange som trur at juridiske reglar og retningslinjer kan løysa dette problemet. Derimot trur me at noko som nyttar, vil vera undervisning i forskingsetiske spørsmål og i kva som er reieleg og ureieleg forsking, frå det minste kurset og opp til doktorgradskursa. Det krev sjølvsagt at dei som underviser også kan mykje om forskingsetikk. Alle dei vitskaplege tilsette på UiO bør difor få etterutdanningskurs i forskingsetikk, foreslår Anne Inger Helmen Borge.

- Forskingsetikk skal gi betre karakter

Både ho og Fanny Duckert meiner at det i alt vitskapleg arbeid, altså i både avhandlingar, essay, bøker og i vitskaplege artiklar skal gjerast greie for korleis studentar og forskarar har handtert forskingsetiske forhold.

- Det skal få positive fylgjer for karakteren om ein student tar med ei setning om forskingsetikk i ein tre timar lang eksamen. Kvar einaste student skal ha kompetanse på forskingsetikk, sjølv om han eller ho berre har tatt eitt einaste kurs på UiO. I dag blir det undervist i profesjonsetikk både på psykologi og på medisin, men det er slett ikkje det same som forskingsetikk. Når studentane får undervisning i det temaet, må dei sjå meir kritisk på det dei les og det dei formidlar, trur ho.

I år er det ein forskar på medisin og ein forskar i biologisk mangfald som er blitt tatt i forskingsfusk i Noreg. Innanfor psykologifaget har dei så langt blitt sparte for slike skandalar.

Vitskapleg arbeid må inkludera forskingsetikk

- Det er uhyre sjeldan det hender noko slikt innanfor psykologi, men i ettertid, når ein får tenkt seg om, kjem ein på at det truleg var nokon som tok nokon snarvegar for mange år sidan. I ei hovudoppgåve i psykologi har ein student funne ut at forskingsetikk berre er nemnd i ein av fem vitskaplege artiklar på psykologi. Difor foreslår me at alle vitskaplege arbeid må ha med eit eige avsnitt om forskingsetikk i disposisjonen. Det må bli like vanleg som "introduksjon", "metode", "resultat" og "diskusjon", seier ho.

Helmen Borge trur at kappløpet om både å bli best og vinna ære fører til at enkelte forskarar lett tyr til snarvegar for å få publisert nokre sensasjonelle funn.

- Då Jon Sudbø sende den eine vitskaplege artikkelen sin til The Lancet, åtvara ein av dei som hadde lese artikkelen redaktøren mot å trykkja den. Men han blei overkjørt av redaktøren som likevel publiserte artikkelen som inneheldt nye data om kreft i munnhola. Mange forskarar blir så individualistiske og så opptekne av seg sjølve at dei mister kontakten både med forskarkollegaer og med røyndomen. Forskarar burde oftare setja seg ned og drikka kaffi saman, slik som studentane gjer, meiner ho.

- Tillate å publisere null funn

Likevel ser ho lys i tunnelen for dei som forskar og ikkje finn noko nytt.

- Heldigvis er det i dag tillate å publisera vitskaplege artiklar utan nye funn også, slår ho fast. Helmen Borge er sikker på at dei to norske sakene om forskingsfusk har fått både medforfattarar og andre rettleiarar til å skjerpa seg.

- Eg synest også at universitetsleiinga oftare burde fokusera på kva funn me har gjort i staden for kor mange funn me har gjort. Dei "flinkaste" forskarane er dei som spring mellom forskingsgruppa og forelesingssalen heile dagen og aldri får god nok tid til å tenkja. Dei bør ta seg ein skogstur eller joggetur for å få naudsynt tid til tenking, synest ho.

- Korleis vil de få innført forskingsetikk og rett framferd i forsking på timeplanen?

- Nei, me må jo då syta for å bli valde inn i ein komité som kan vedta at forskingsetikk skal inn i den tredje timen på alle kurs, svarar ho.

Emneord: Etikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 25. okt. 2006 12:38 - Sist endra 10. des. 2008 15:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere