Øystein Djupedal: - Eit kvileskjer

- Budsjettframlegget er eit kvileskjer for universiteta og høgskulane etter at sektoren har hatt ein samla auke frå 14 til 21 milliardar kroner i løpet av dei siste åra. Det sa kunnskapsminister Øystein Djupedal til Uniforum i ein kommentar til at regjeringa foreslår ein reduksjon på 274 millionar kroner til universiteta og høgskulane.

- VIL TOLA DET: - Eg reknar eg med at sektoren vil tola ein realnedgang på ein prosent, også sidan finanssituasjonen deira ser så god ut, sa kunnskapsminister Øystein Djupedal.
Foto: Ola Sæther

- Eg reknar eg med at sektoren vil tola ein realnedgang på ein prosent, også sidan finanssituasjonen deira ser så god ut. Det synest eg ikkje er dramatisk og eg synest at universitets- og høgskulebudsjettet er tilfredsstillande, sa kunnskapsminister Øystein Djupedal på ein godt besøkt pressekonferanse på eit iskaldt Frammuseum.

Og det var også dei litt kaldare stroka lengst nord og lengst sør som kunne gleda seg over den største gåvepakka frå regjeringa. Til saman 400 millionar kroner blir løyvd til nordområdesatsing gjennom Forskingsrådet. Ein god slump av desse pengane er øyremerkte forsking og utdanning på Svalbard og samarbeid med Russland. Også Det internasjonale polaråret blir det satsa på med ei løyving på 80 millionar kroner.

- Ikkje nedprioritert

Både opposisjonspolitikarar og representantar for universiteta og høgskulane har i dag hevda at budsjettframlegget er for dårleg, og at det er langt frå målet om at investering i forsking og utvikling skal utgjera tre prosent av bruttonasjonalproduktet i 2010. Kunnskapsminister Øystein Djupedal var ikkje einig i denne karakteristikken.

- Eg vil ikkje vera med på at denne sektoren er nedprioritert av regjeringa. Men denne gongen fekk me klar melding frå finansminister Kristin Halvorsen om at det var viktig å halda eit stramt budsjett, sa Djupedal. Han tykte heller ikkje det var dårleg at regjeringa foreslår å auka forskingsfondet.

- Det vil me auka med 10 milliardar kroner på 2007-budsjettet og det er den tredje høgaste auken fondet nokon gong har hatt. Dermed er Forskingsfondet på 60 milliardar kroner og 24 milliardar er tilført fondet av denne regjeringa, slo han fast.

- Næringslivet sviktar

Djupedal innsåg at det ikkje blir lett å innfri målet om at investeringane i forsking og utvikling skal koma opp i tre prosent av BNP i 2010.

- Det er næringslivet som sviktar her, ikkje staten. Store norske selskap brukar meir pengar på marknadsundersøkingar enn det dei brukar på forsking. Det er no det er gode tider, og difor må dei bruka pengane sine på forsking no, var utfordringa han kom med til norsk næringsliv.

- Regjeringas forskingsutval har i løpet av sommaren prøvd å finna ut korleis norske selskap skal kunna overtalast til å satsa meir på forsking, sa statsråden.

Han fekk også spørsmål om kvifor regjeringa ikkje har gitt friske pengar til etablering av nye stipendiatstillingar.

- I samband med budsjetthandsaminga i fjor, fekk me lagt inn 350 nye stipendiatstillingar. Me vidarefører finansieringa av desse stillinga på 2007-budsjettet, peika han på. Regjeringa har dessutan løyvd 184 millionar kroner til EUs 7. rammeprogram.

1,4 milliardar til Kunnskapsløftet

Elles har regjeringa også løyvd 1,4, milliardar kroner til Kunnskapsløftet. Av desse pengane skal 670 millionar kroner gå til kompetanse og utviklingsarbeid. Ein del av denne pakken er ein auke på løyvingane til Viten-sentra frå 10 til 16 millionar kroner.

- Eg er overraska over kor lite turbulens det har vore i høve til Kunnskapsløftet, registrerte statsråden.

Holocaust-sentret på Bygdøy får også auka den årlege løyvinga si med tre millionar kroner på 2007-budsjettet.

Noreg skal slutta seg til EUs program for livslang læring og regjeringa vil løyva 142 millionar kroner til dette. Det er ein auke på 40 millionar kroner i høve til det salderte 2006-budsjettet.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 6. okt. 2006 16:07 - Sist endra 10. des. 2008 15:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere