Ingen gåvepakker til UiO i statsbudsjettet

Finansminister Kristin Halvorsen har ikkje tildelt pengar til nye satsingar på forsking ved UiO i regjeringa Stoltenbergs forslag til statsbudsjett for 2007. Derimot inneheld budsjettet eit kutt i løyvingane til basisaktivitetane på 58 millionar kroner. Universitetet i Oslo får ei samla løyving på 3,5 milliardar kroner, medan det nasjonale fondet for forsking og nyskaping blir tilført 10 milliardar ekstra kroner.

GÅVEFRITT BUDSJETT: Budsjettframlegget for 2007 inneheld ingen gåvepakker til UiO frå finansminister Kristin Halvorsen. (Arkivfoto)
Foto: Ola Sæther

Etter dei utrekningane som universitetsleiinga har gjort, inneber budsjettet ein realvekst, men alt dette er knytt opp til konsekvensar av tidlegare byggjevedtak, som utstyrsløyvingar til det nye informatikkbygget og til Akershus universitetssjukehus på til saman 64,6 millionar kroner.

Basisløyvinga til UiO aukar likevel med 84,1 millionar kroner i høve til budsjettet for 2006. Av dette utgjer mellombelse midlar til utstyr og budsjettmessige endringar rundt 70 millionar kroner, medan pris- og lønnskompensasjon er rekna ut til å bli på om lag 66 millionar kroner.

Inga forskingssatsing

Løyvinga til utdanning blir foreslått auka med 57,5 millionar kroner. Av dette har 30,9 millionar kroner samanheng med auken i studiepoeng og utvekslingsstudentar, medan resten av auken er lønns- og priskompensasjon, viser utrekningane til universitetsleiinga. Men det er først og fremst dei foreslåtte løyvingane til forsking som uroar universitetsleiinga.

Budsjettet inneheld kun konsekvensjusterte endringar frå 2006, men altså ingen nye satsingar. Av auken på 41,8 millionar kroner er 26,6 millionar kroner ein konsekvens av heilårseffekten av stipendiatstillingar som det blei gitt pengar til i 2006. 33,7 millionar er pris- og lønnskompensasjon, og 6,7 millionar er tilbakeføring av resultatbaserte midlar som blei trekte inn i 2006. 25,2 millionar er overførte til post 50, som inneheld basisløyvinga.

Startløyvinga til nybygget til informatikk på 2006-budsjettet blir ført vidare på budsjettet for 2007 med ei løyving på 360 millionar kroner.

Når me ser nærare på budsjettframlegget, går det fram at det også er foreslått ein auke på 5,1 millionar kroner til Regional komité for medisinsk forskingsetikk. Midlar til gratis inngang på musea for skuleelevar er overførte til UiOs budsjett. Derimot er den nasjonale delen av Norsk senter for menneskerettar overført til Utanriksdepartementet. Dette er ein budsjettpost som utgjer 6,1 millionar kroner.

Realnedgang for universiteta og høgskulane

Budsjettframlegget for universitets- og høgskulesektoren utgjer 20,6 milliardar kroner i 2007. Dette tilsvarar ein auke på om lag 0,6 milliardar kroner i høve til saldert budsjett 2006, altså rundt 2,8 prosent auke. Regjeringa vedgår likevel at framlegget til statsbudsjett for 2007 inneber ein viss realnedgang for universiteta og høgskulane.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget er basisløyvingane for universitet og høgskular reduserte med 274,3 millionar kroner.

Utteljinga i det resultatbaserte finansieringssystemet, som er knytt til endringar i oppnådde studiepoeng og talet på utvekslingsstudentar, aukar derimot med 80,3 millionar kroner frå 2006 til 2007..

Ingen reduksjon i studieplassar

Men realnedgangen i 2007 fører ikkje til ein reduksjon i talet på studieplassar. Det blir foreslått å løyva til saman 189 millionar kroner til utstyr og inventar i samband med realiseringa av nye bygg i universitets- og høgskulesektoren. Det kjem ikkje startløyvingar til nye bygg i 2007, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

10 milliardar ekstra til Forskingsfondet

Når det gjeld Fondet for forsking og nyskaping foreslår regjeringa å auka kapitalen i fondet med 10 milliardar kroner til 60 milliardar i 2007. Med dagens rente vil dette gi ei auka avkasting på om lag 440 millionar kroner i 2008.

Får pengar frå Forskingsfondet

Regjeringa foreslår at den auka avkastinga frå Forskingsfondet i 2007 skal brukast til å styrkja prioriterte område i forskingspolitikken.

Det vil seia at Det internasjonale polaråret (IPY) 2007-08 får 80 millionar kroner, tematiske satsingar får 80 millionar kroner, brukarstyrt innovasjonsarena får 20 millionar kroner, strategiske høgskuleprosjekt får 10 millionar kroner), utvida gåveforsterkingsordning får 30 millionar kroner og vitskapleg utstyr får 12 millionar kroner av denne avkastinga. Det er Noregs forskingsråd som disponerer desse pengane.

Budsjettframlegget inneheld likevel ei bittelita gåvepakke til studentane. For regjeringa foreslår å prisjustera satsane i utdanningsstøtteordningane i Lånekassen for undervisningsåret 2007-2008 med 1,75 prosent. Basisstøtta aukar dermed til 82 900 kroner for kvart studieår.

Regjeringa prioriterer òg å styrkja lærarutdanninga, med å løyva ein samla sum på om lag 35 millionar kroner for å dekkja behovet samfunnet har for lærarkompetanse. Dette er 7 millionar meir enn i år. Av desse pengane er det løyvd 11 millionar kroner til nye utviklingsprosjekt i lærarutdanninga. Tiltaka fylgjer opp behovet for å styrkja lærarutdanninga, noko som NOKUT-evalueringa av allmennlærarutdanninga klart avdekte i september 2006.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 6. okt. 2006 11:29 - Sist endra 10. des. 2008 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere