Idékasting i Silicon Valley

Eit datasystem som skal hindra feilmedisinering av pasientar. Ein alarm som seier frå dersom den berbare datamaskina er i ferd med å bli stolen. Eit dataprogram som kan gjera det lettare for folk flest å forstå rekneprogrammet Excel. Ein betre metode for å kroppsvisitera fangar. Dei gode ideane strøymer gjennom klasserommet i Santa Clara i Silicon Valley i California, der 24 norske studentar deltar på det tre månader lange praksisopphaldet til Gründerskulen.

GRÜNDERSTUDENTAR: F.v. Elise Reiten, Torunn Margrethe Hardeland, Bjørn Fjellstad og Bjørnar Trondsen.
Foto: Martin Toft

Santa Clara er ein by som er prega av nye og raskt veksande verksemder. Nye glasspalass skyt i veret over alt, mest kjent er selskapet Yahoo, som har hovudkvarteret sitt i tvillingbyen Sunnyvale. Drar du til Mountain View vil du finna hovudkvarteret til Google. I same området ligg også Stanford University, der mange av bedriftsgrunnleggjarane har fått den faglege bakgrunnen sin.

- Det er nokre personar som alltid er redde for å fortelja om ideane sine til andre. Dette er ei heilt feil haldning. Har du ein god idé, må du dela den med andre for at dei skal bli interesserte, seier Christos Christopoulos, frå The Johnson School ved Cornell University i New York. Masterstudenten frå Hellas er hyra inn som vikar for gründerguruen John Nesheim, som er blitt sjuk. Fordelen er at han har god innsikt i skilnaden mellom europeisk og amerikansk bedriftskultur.

- Amerikanarar skil ikkje mellom arbeidstid og fritid eller kvardag og helgedag. Dei arbeider heile tida, og er mykje meir opptekne av å lykkast enn det me er i Europa, slår han fast overfor både studentane og Uniforum.

Dei 24 norske studentane har allereie tatt den første delen av det eitt semester lange kurset på Gründerskulen, som er eit samarbeid mellom norske universitet og høgskular. Dei har allereie hatt den første arbeidsdagen sin i ei amerikansk bedrift i Silicon Valley, og dei er alle fulle av forventingar til kva impulsar dette kan gi dei på vegen mot deira eiga bedriftsetablering. Mange av studentane kjem frå Noregs handelshøgskule i Bergen, NTNU i Trondheim og Universitetet for miljø og biovitskap på Ås.

Jusstudent med gründerånd

Ei av dei som skil seg ut er Torunn Margrethe Hardeland, som er jusstudent på Universitetet i Oslo.
- Då Gründerskulen hadde informasjonsmøte på juss, var det nesten ingen som dukka opp utanom meg, smiler ho oppgitt. - Eg trudde også at det var berre ingeniørar som stelte med å grunnleggja bedrifter før eg trefte ein annan jusstudent som hadde tatt Gründerskulen, fortel ho. Også ho har tenkt nøye gjennom kva utbyte ho vil ha av opphaldet i Silicon Valley, California.

- Målet mitt er å starta ei bedrift som kan rettleia gründerane og få orden på papirarbeid og andre ting som må vera på plass. Sjølv er eg ingen typisk gründer, men eg kan vera den som fører nyskapingsverksemda i rett retning. Eg kan vera med å få tak i "business angels", dei som kan bidra med både kunnskap og pengar, fortel ho. No lærer ho om den amerikanske forretningskulturen i selskapet My SQL.
- Det er svært verdifullt å setja seg inn i måten dei arbeider på i USA.

- Mykje high-tech

Men den som kanskje er mest spent av dei 24 studentane er Elise Reiten frå Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo.

- Det er første gong eg er i USA, og alt er spennande og nytt. Difor valde eg også San Francisco. Eg vil gjerne starta ei eiga bedrift innanfor interiør og design, men først vil eg skaffa meg litt arbeidspraksis og læra litt om korleis ein går fram for å starta eiga bedrift, fortel ho. Førsteinntrykket hennar er om lag slik ho venta.

- Det faglege innhaldet er bra, men det er mykje high-tech, har ho oppdaga. Før ho kom til Silicon Valley, hadde ho bestemt seg for å arbeida for ei bedrift som var inkluderande.

- Bedriftsleiinga for eit dataselskap intervjua meg og fann ut at dei faktisk trong den kunnskapen eg hadde. Difor skal eg laga så kreativ design for bedrifta at den vekkjer meir merksemd enn liknande bedrifter, seier Reiten.

- Kan feila

Bjørn Fjellstad er i ferd med å utdanna seg til siviløkonom på Noregs handelshøgskule i Bergen, og han er svært nøgd med sommarkurset i Silicon Valley, då me kontaktar han to månader etter kursstart.

- Det eg absolutt har lært mest av, er kulturen som herskar i Silicon Valley, det å våga å satsa og ikkje minst tora å feila. Aksepten for å gå på ein smell er kjempestor her borte, noko som resulterer i at mange startar selskap, konstaterer han. Fjellstad er likevel ikkje i tvil om kva han har likt aller best.

- Det er det gode miljøet i oppstartsbedrifta eg jobba i, NeoGuide Systems, som har vore prega av å vera meir ein storfamilie enn eit firma, fortel han. Målet hans om å starta noko for seg sjølv, er ikkje lagt på hylla etter opphaldet i Silicon Valley.

- Eg kan med handa på hjartet seia at ynsket om å gjera det sjølv, er mykje større enn det var før, seier Fjellstad.

- Kan lykkast

Og faglærar Christos Christopoulos trur dei norske studentane har to i seg til å lykkast i USA.


- Dei har alle svært gode idear og har god kunnskap om amerikansk kultur. Dessutan har dei den rette bakgrunnen for å kunna lykkast med ideane sine i det amerikanske samfunnet. Og ikkje minst så er det mykje lettare for dei å integrera seg i dette samfunnet, sjølv om amerikanarane ser på kva du kan, og ikkje kvar du kjem frå. Det viktigaste er at dei legg ideane sine fram på bordet, er rådet han gir til studentane.

Fakta om Gründerskulen:
starta opp i 1999 av informatikkprofessor Nils D. Christophersen
- ligg under Senter for entreprenørskap ved UiO.
- eit samarbeid mellom norske universitet og høgskular
- 150 studentar tar eit semester langt kurs i korleis dei kan starta nye selskap
- kurset inkluderer eit tre månader langt praksisopphald i utlandet
- aktuelt: Gründerskulen får UiOs pris for godt læringsmiljø på 250 000 kroner på UiOs årsfest 1. september
Emneord: Studentsaker, Undervisning, Sentrene, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 28. aug. 2006 10:08 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere