Drysser ut 4,5 millionar til fleksibel læring

Fagmiljø som vil ha pengar for å utvikla nye læringsformer som byggjer på informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) kan no søkja om pengar frå ein pott på 4,5 millionar kroner. Det er summen Universitetsstyret har løyvd til fleksibel læring. - Utlysinga for 2007 dekkjer både ordinære studietilbod og etter- og vidareutdanning, opplyser teamleiar for Fleksibel læring ved UiO, Edvin Bach-Gansmo til Uniforum.

PENGEDRYSS: - Alle fagmiljø på UiO kan søkja om pengar til å utvikla læringsprosjekt basert på nye medium, seier Edvin Bach-Gansmo og Ida Heier som først inviterer alle på seminar om temaet.
Foto: Ståle Skogstad

- Alle fagmiljø på UiO kan søkja om pengar til å utvikla læringsprosjekt basert på nye medium. I dag er UiO eitt av dei nordiske universiteta som er lengst framme i utviklinga av fleksibel læring. Det er viktig at universitetet dreg nytte av dei røynslene som er gjort på feltet fleksibel læring. Ikkje minst sidan utlysinga skal utvidast til også å omfatta etter- og vidareutdanningsprosjekt, understrekar Bach-Gansmo.

Rådgjevar Ida Heier i Gruppe for etter- og vidareutdanning og fjernundervisning (UNIVETT)i Studieavdelinga inviterer difor alle interesserte til eit heildagsseminar om fleksibel læring i etter- og vidareutdanning i Helga Engs hus på Blindern fredag 25. august.

- Seminaret er ope for alle dei tilsette på UiO, både forskarar, universitetslærarar, programleiarar og tilsette i administrasjonen, understrekar ho. Både prorektor Haakon Breien Benestad og departementsråd Trond Fevolden i Kunnskapsdepartementet vil halda innlegg på seminaret.

- Førebels har det meldt seg på 75 deltakarar, men me vil gjerne ha endå fleire, kunngjer Heier. - Me håpar dette vil vera med på å visa deltakarane korleis fagkunnskapen deira ved hjelp av informasjons- og kommunikasjonsteknologi kan utnyttast innanfor etter- og vidareutdanning. Og som alltid er det kvaliteten på prosjekta som står i høgsetet, slår ho fast, og trekkjer gjerne fram eitt av foredraga under seminaret.

- Møtet mellom akademia og næringslivet er eit spennande tema som både vil engasjera og interessera mange av oss, trur ho. Og alle dei fagmiljøa som har bestemt seg for å søkja om pengar til fleksibel læring, kan få gode råd på eit eige søkjarseminar fredag 18. august i Rådssalen i Administrasjonsbygningen. Då kan dei møta folk frå dei miljøa som sit på pengesekken og bestemmer kva prosjekt som skal få pengar.

- Av tidlegare prosjekt som har fått pengar, har me vore spesielt nøgde med det digitale læringsverktyet som fagreferent José Maria Izquierdo ved Universitetsbiblioteket utvikla for spanskundervisninga. Men også andre miljø på HF og på Det teologiske fakultetet har laga prosjekt som me er svært nøgde med, fortel Edvin Bach-Gansmo. Og fristen for å søkja pengar frå denne pengesekken er 15. september, medan fristen for å melda seg på seminaret er 18. august.

Emneord: Undervisning, Fleksibel læring Av Martin Toft
Publisert 14. aug. 2006 13:42 - Sist endra 10. des. 2008 14:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere