Streik kan råka UiO hardt

320 av medlemane til Tenestemannslaget, Forskarforbundet og Parat på Universitetet i Oslo blir tatt ut i streik frå onsdag 24. mai, dersom Staten og arbeidstakarorganisasjonane ikkje blir einige. I første omgang vil Vaktsentralen, Sentraladministrasjonen og dei odontologiske klinikkane bli hardast råka. Men også tilsette ved Naturhistorisk museum, Kulturhistorisk museum og ved fakultetsadministrasjonen til HF og Jus blir tatt ut, om det blir streik.

SAMORDNAR OSS: -Me har samordna oss med dei andre fagforeiningane slik at me kan visa kor mange viktige funksjonar medlemane våre tar seg av ved UiO, seier Live R. Skrindo i Forskarforbundet.
Foto: Ståle Skogstad

Etter eit møte mellom UiOs personaldirektør Elisabeth Halsen og dei tre fagforeiningane måndag ettermiddag, gjorde UiO-leiinga det kjent kven av dei tilsette dei vil be om å få innvilga dispensasjon frå streiken for.

Det som er heilt klart, er at det vil bli bede om dispensasjon for alle dei tilsette i Vaktsentralen. Dette er sentralnervesystemet til UiO, og også på grunn av tryggleiken til både dei tilsette, bygningane og utstyret, vil UiO-leiinga ha dei på jobb, også om det blir streik. Om søknaden til UiO-leiinga blir tatt til fylgje, blir ikkje avgjort før klokka 12 tysdag formiddag. NTL ynskjer nemleg å halda eit medlemsmøte før foreininga tar endeleg stilling til dispensasjonssøknadane til universitetsleiinga.

Parat og NTL går inn for at det blir gitt dispensasjon frå streiken for to av dei tilsette ved sterilsentralen ved dei odontologiske klinikkane. Det blir også gitt dispensasjon for ein av Parat-medlemane i Organisasjons- og personalavdelinga, som er ein nøkkelperson i utbetaling av lønn ved UiO. Men fagforeiningane går imot å innvilga dispensasjon for arkivleiaren ved Kulturhistorisk museum, opplyser Parat-leiar Ole Martin Nodenes til Uniforum.

- Me kan først senda den samla dispensasjonssøknaden til Fornyings- og administrasjonsdepartementet etter klokka 12, seier organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen til Uniforum.

Førebels er det i alle fall klart at dersom det blir streik, vil Sentraladministrasjonen få merka det. Då vil nemleg medlemar dei tre organisasjonane har i Økonomi- og planavdelinga, Organisasjons- og personalavdelinga og Forskingsadministrativ avdeling leggja ned arbeidet frå onsdag 24. mai kl. 06.00. I tillegg vil altså alle medlemane til NTL på Vaktsentralen, Bodsentralen og Reprosentralen i Teknisk avdeling halda seg borte frå jobb, dersom det blir streik og ingen får dispensasjon frå den moglege streiken.

Lønningsseksjonen til OPA og alle som jobbar med eksamen på dei to fakultetsadministrasjonane blir haldne utanfor streikevarselet. På nettsidene til NTL går det klart fram at organisasjonen ikkje ynskjer å råka ein tredjepart meir enn naudsynt. Difor vil dei unngå å lamma eksamensavviklinga. Av dei 320 som først blir tekne ut i streik, vil 200 vera medlemar i NTL, 70 i Forskarforbundet og 50 i Parat.

- Tannlegestudentane må gjera alt sjølve

Fagforeininga Parat vil ta ut 31 tannhelsesekretærar i ein eventuell konflikt.

- Det vil føra til at tannlegestudentane sjølve må gjera klar instrumenta og verktya dei brukar under pasientbehandling. Tannhelsesekretærane sit også i skranken og tar imot pasientane og ordnar med eigenbetalingar, fortel Parat-leiar, Ole Martin Nodenes.

- Me vil visa at fagpersonane vil merka det når desse tannhelsesekretærane er borte frå dei odontologiske klinikkane. Dei gjer ein viktig jobb, men dei har likevel berre eit lønnstrinn på rundt 30, dvs. 265 100 i årslønn, konstaterer han.

Nodenes viser til at Parat hadde eit møte med alle dei tilsette som skulle takast ut i streik før helga.
- Alle godtok at dei ville bli tatt ut. For tannhelsesekretærane sin del gjekk det eit sukk av overrasking gjennom forsamlinga, men dei tok det med fatning, fortel han.

NTL-leiar Anita K. Solhaug har varsla streik for klinikkfullmektigane på Det odontologiske fakultetet. Også tilsette i Kulturhistoriske museum og Naturhistorisk museum blir tatt ut saman med NTL-medlemane i Sentraladministrasjonen.

- Målet vårt er å råka ein del av framdrifta når det gjeld innføring og utvikling av nye informasjonssystem, slår ho fast. I fase 2 blir medlemane hos USIT (Universitetet sitt senter for informasjonsteknologi) og resten av medlemane på HF tatt ut i streik.

- Skuffa over regjeringa

I dei sentrale lønnsforhandlingane har arbeidstakarorganisasjonane kravd 4,70 prosent lønnsauke, medan staten har gitt dei eit tilbod på 3,2 prosent.
- Dette er eit skambod for alle statsstilsette og har ingen låglønnsprofil. Det viser at det er eit hav av avstand mellom partane. Det er ikkje dette eg vil kalla for ein solidarisk lønnspolitikk. Dei som har mest, får mest og dei som har minst, får minst, men ingen får nok. Me er skuffa over denne regjeringa, som me har vore med og hjelpt fram, og som ifylgje Soria Moria-erklæringa skulle satsa på offentleg sektor. Diverre har me ikkje klart å sjå nokon skilnad på denne regjeringa og den som sat tidlegare. Årsaka er at signala departementa får, framleis kjem frå arbeidsgjevarsida. Me har skifta regjering, men ikkje arbeidsgjevar, meiner Solhaug.

Samordnar seg

Forskarforbundet vil ta ut alle medlemane sine på Odontologi, Organisasjons- og personalavdelinga, Forskingsadministrativ avdeling og heile leiinga i Økonomi- og planavdelinga i tilfelle det blir streik. Det stadfestar hovudtillitsvald Live R. Skrindo.
- Me har samordna oss med dei andre fagforeiningane slik at me kan visa breidda og kor mange viktige funksjonar som blir tatt vare på ved UiO. No vurderer me fortløpande signala frå hovudorganisasjonen vår, Unio og tar dei til etterretning. Det er dei som i samråd med oss avgjer kven av medlemane våre som blir tatt ut i neste fase i ein eventuell streik. Den startar 29. mai, fortel ho.

Fakta om streiken på UiO:
320 tilsette kan bli tatt ut i streik frå onsdag 24. mai kl. 06.00:
200 frå NTL, 70 frå Forskarforbudet og 50 frå Parat
Krav: 4,7 prosent høgare lønn. Tilbod frå staten: 3,2 prosent høgare lønn
Desse einingane blir råka:
Dei odontologiske klinikkane, OD
Kulturhistorisk museum
Naturhistorisk museum
Fakultetsadministrasjonane ved HF og Jus, unntatt dei som arbeider med eksamen
Vaktsentralen, Bodsentralen og Reprosentralen i Teknisk avdeling
Organisasjons- og personalavdelinga (OPA), unntatt Lønningsseksjonen
Økonomi- og planavdelinga (ØPA)
Forskingsadministrativ avdeling
Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 22. mai 2006 15:09 - Sist endra 10. des. 2008 15:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere