Ingen streik på UiO

Det blei likevel altså ingen storstreik i staten. Det stadfesta riksmeklingsmann Svein Longva onsdag 24. mai klokka 15.40. Partane hadde då gått med på ein avtale som gir dei dårlegast lønna eit tillegg på 9000 kroner. Avtalen gir ein lønnsauke på 2,9 prosent for dei som har lønnstrinn 42 til 74 og eit kronetillegg på 16 500 kroner for dei som har lønnstrinn 75 til 87.

Dermed blei det altså heller ingen streik for dei 320 UiO-tilsette som fagforeiningane NTL, Forskarforbundet og Parat ville ha tatt ut.

Avtalen mellom staten og hovudorganisasjonane LO Stat, YS og Unio gir også ein ekstra pott på 1,75 prosent som skal nyttast til lokale lønnsforhandlingar. Dessutan skal låneramma for bustadlån i Statens pensjonskasse aukast frå 750 000 kroner til 1,25 millionar. Rundt ein halv prosent av den samla auken skal brukast til justeringar, skriv Aftenposten i dag.

Onsdag 24. mai klokka 13.00 var det enno ikkje klart om det ville bli streik for 320 tilsette ved UiO. Då var det klart at Tenestemannslaget ville ta ut NTL-organiserte i Vaktsentralen dersom partane ikkje hadde blitt einige. Det fekk UiO-leiinga til å bestemma seg for å stansa alle dei 100 heisane på UiO, sjølv om dei då ikkje visste kva som ville bli resultatet av forhandlingane.

- Det ville ha ført til at alle heisane ville ha stått utan overvaking frå natt til 25. mai. Av tryggingsomsyn må me difor stengja heisane no, sidan det tar så lang tid å få det gjort, sa teknisk direktør Frode Meinich då. Han viste til at det var sendt meldingar om stengingsvarselet til alle einingane på UiO.

- Me har bede dei om å få ut alle som er dårleg til beins, brukar rullestol eller har andre funksjonshemmingar før klokka 15.00 onsdag ettermiddag. Vaktsentralen vil stilla opp og hjelpa dei med denne oppgåva, lova han.

Då det var klart at det ikkje ville bli streik for dei statstilsette rundt klokka 16.00 onsdag 24. mai, streika straumen over heile Blindern. Og den kom ikkje igjen før klokka 17.00 den same dagen. Heisane byrja å gå igjen frå i dag tidleg. Alt i alt var straumbrotet og heisstenginga dei mest dramatiske tinga som skjedde på UiO den veka universitetet kunne ha blitt delvis lamma av ein streik.

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 24. mai 2006 15:46 - Sist endra 10. des. 2008 15:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere