47 prosent svarte på språkgransking

47 prosent eller 1735 av dei vitskaplege tilsette svarte på spørjeundersøkinga som UiOs språkutval sende ut i januar. Det opplyser leiar for språkutvalet, professor Helge Hveem og sekretær Ram Gupta til Uniforum.

47 PROSENT: 47 prosent av dei vitskaplege tilsette har svart på spørjeskjemaet som UiOs språkutval leidd av Helge Hveem, har sendt ut.
Foto: Ola Sæther

Hveem er godt nøgd med denne oppslutnaden, og språkutvalet sender denne veka ut eit liknande skjema til eit tilfeldig utval av studentane og eitt til resten av dei tilsette. Den siste undersøkinga har særskilde spørsmål om undervisningsspråk og informasjonsverksemd. Elles er det kortare, men det har også ein del felles spørsmål med det spørjeskjemaet som blei sendt til dei vitskaplege tilsette. Hveem håpar alle vil ta seg tid til å svara på det elektroniske spørjeskjemaet når dei får det.

Emneord: Nynorsk, Universitetspolitikk
Publisert 17. feb. 2006 15:59 - Sist endra 10. des. 2008 14:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere