Geir Ellingsrud overtok rektorkjeda

- Eg går inn i rektorvervet med både glede og med stor innsatsvilje. Og eg vil takka universitetssamfunnet som valde meg til rektor. Det sa matematikkprofessor Geir Ellingsrud, då han blei offisielt innsett som rektor ved Universitetet i Oslo under rektorinaugurasjonen i Universitetets Aula, onsdag 25. januar 2006. Samtidig takka Arild Underdal av som rektor etter å ha sete i vervet sidan 1. januar 2002.

REKTORSKIFTE: Avgått rektor Arild Underdal overlet rektorkjeda til nyinnsett rektor Geir Ellingsrud under rektorinaugurasjonen 25. januar 2006.
Foto: Ola Sæther

Til tonane frå Johan Svendsens Festpolonaise, framført av Universitetets symfoniorkester, skreid den akademiske prosesjonen opp midtgangen før dei sette seg på kvar si side av podiet. Nyvald rektor Geir Ellingsrud tok plass på venstre side, medan avgått rektor Arild Underdal slo seg ned på høgre side. Etter at Akademisk Korforening hadde sunge tre songar av Claude Debussy, David Wikander og Baldassare Donati, kom Arild Underdal fram for å halda avskilstalen sin.

- Det gode universitetet

- Prorektor Anne-Brit Kolstø og eg hadde som mål å forma det gode universitetet. For å få det til, måtte det både vera ein fristad og eit kraftsenter. Det skulle vera eit intellektuelt kraftsenter som kunne gi forskarar og studentar godt høve til å koma med nye idéar. Som eit kraftsenter skulle det også skaffa ny kunnskap til beste for resten av samfunnet. Og som ein fristad skulle det gi eineståande høve til eigenutvikling for både forskarar og studentar, understreka han. Underdal trekte dessutan fram den nasjonale og internasjonale bylgja innanfor universitetssektoren.

- Difor kan universitetet sine eigne disposisjonar i dag få store konsekvensar på lang sikt. Den viktigaste avgrensinga vår var rammene me fekk frå regjeringa. Det kan illustrerast med eit døme frå Institutt for statsvitskap for ti år sidan, då regjeringa gjerne ville setja i gang med ei ny maktutgreiing. Forskingsrådet skulle finna ut kven som burde gjera jobben, på grunnlag av open konkurranse. Då var mange skeptiske til å begynna med, men etter å ha tenkt oss om og funne ut korleis me sjølve ville definera denne oppgåva, sette me i gang arbeidet med å utarbeida ein søknad og eit slagkraftig lag klarte ved hjelp av hardt arbeid og høgt fagleg nivå å skaffa dette oppdraget til instituttet, konstaterte han.

- Viser oss tillit

Så trekte han fram den årlege velkomstseremonien for nye studentar i august.

- Ingen som har opplevd å møta mange tusen nye studentar på Universitetsplassen, kan unngå å bli påverka av det. Det dei har til felles er at dei viser oss tillit til at dei skal få den utdanninga dei ynskjer. Det er grunnen til at me har sett oss som mål å utvikla universitetet til eit forskingsuniversitet på godt europeisk nivå, og gi studentane eit læringsmiljø som kan gi dei godt rom for god fagleg utvikling, sa han, før han igjen kom inn på rektorrolla.

- Ein amerikansk forskar sa at rektorane gjer universitetet sitt ei teneste både når dei kjem og når dei går. Leiarskifta er viktige, spesielt når universiteta opplever store endringar, peika han på før han takka både prorektoren sin, universitetsdirektøren, dekanane, styret, fagdirektørar, studentleiarar og den politiske leiinga og embetsverket i Kunnskapsdepartementet.

- Men først og fremst vil eg takka henne som eg deler mitt private liv med, sa han med ettertrykk. Så vende han seg til nyvald rektor Geir Ellingsrud:

- Du har eit klart mandat frå universitetet og eg vil ynskja deg og dine medarbeidarar alt godt. Dermed kalla han fram etterfylgjaren sin og la rektorkjeda rundt halsen på han. Etterpå gav han også ordet til Geir Ellingsrud.

- Først vil eg takka både Arild Underdal og Anne-Brit Kolstø for at det er eit velfungerande universitet eg overtar ansvaret for. Etter ein besøksrunde til 50 institutt blir eg slått av det store mangfaldet og den positive tonen som rår på UiO, konstaterte han og klarte ikkje unngå å koma inn på det viktigaste temaet i rektorvalkampen.

- Vil evaluera studiereforma på UiO

- Studiereforma var både viktig og riktig, men det er bra at det no skal setjast i gang ei nasjonal evaluering av den. Eg lovar å fylgja opp med ei lokal evaluering, slik at me veit kva som har vore til gagn for UiO, slo han fast.
Også han kom inn på dei store utfordringane universitetet står overfor.

- Det blir auka konkurranse om studentane og me kjem til å bli meir avhengige av eksterne finansieringskjelder både nasjonalt og internasjonalt. I tillegg står eit generasjonsskifte for døra på universitetet. Men me må heile tida formidla rolla vårt som universitet tydeleg og finna ein endå større plass i det offentlege rommet, meinte han.

Både forskings- og breiddeuniversitet

Ellingsrud hadde si bestemte oppfatning av korleis universitetet skal vera.

- Det skal vera eit forskingsuniversitet av høg europeisk standard, men samtidig skal det vera eit breiddeuniversitet, der me skal gi studentane både utdanning og danning. Sjølvsagt skal det også vera plass for spissmiljø som er i forskingsfronten på sine felt. Den frie forskarinitierte grunnforskinga er jo den som legg grunnen for morgondagens forsking.

- Det går an å samanlikna det med idrettsverda. Der eksisterer både toppidrett og masseidrett side om side, men det er masseidretten som har mest å seia for folkehelsa. Og eg vil alltid halda fast på at undervisninga skal vera forskingsbasert og at studentane skal få undervisning av aktive forskarar, lova Ellingsrud.

Deretter slapp cellokvartetten Forskjelli for celli, leidd av Aage Kvalbein, til med tre melodiar av Scott Joplin, Ary Barroso og Evert Taube. Seremonien runda av med Universitetets symfoniorkester si framføring av Richard Nordraaks Purpose frå "Maria Stuart".

Festkvelden blei avslutta med ein æresmiddag for avgått rektor Arild Underdal i Teatersalen på Hotel Continental.

Emneord: Rektorvalet 2005, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 26. jan. 2006 15:13 - Sist endra 10. des. 2008 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere