Vibeke Roggen blir ambassadør for latinen

Postdoktor Vibeke Roggen er tatt opp i Akademiet til fremje av latinen i Roma ( Academia Latinitati Fovendae ). - Dette er svært morosamt, for er det noko eg brenn for så er det å spreia interessa for latinen. Difor er det ei stor ære for meg å bli tatt opp i dette akademiet, seier Vibeke Roggen til Uniforum.

TEIKNESERIE PÅ LATIN: Postdoktor Vibeke Roggen viser fram ein teikneserie på latin.
Foto: Ola Sæther

Brevet som gjorde kjent at ho er blitt utnemnd til ein av dei 30 medlemane i dette akademiet, kom frå Finland, der presidenten for akademiet, Tuomo Pekkanen, held til. I brevet står det at vedtaket om å ta Vibeke Roggen opp i akademiet blei gjort 25. november 2005, og at opptaksseremonien vil vera på Romas fødselsdag, fredag 21. april kl. 17.00.

Vibeke Roggen har i lag med andre forfatta lærebøker i latin med fellestittelen "Omnibus." Ho trur det kan vera ein av grunnane til at ho er tatt opp i dette akademiet. I bøkene har ho laga øvingar i munnleg latin til bruk for elevar og studentar.

- Dessutan har eg deltatt i arbeidet med å laga nye læreplanar i latin for den vidaregåande skulen. Eg har i tillegg drive mykje med informasjonsarbeid om dei klassiske faga både på og utanfor universitetet, viser ho til.
Talet på studentar i innføringskurset i latin ved UiO har i mange år halde seg stabilt på rundt 60 i året.. Når dei har fullført det, vil dei kunna lesa ein del originaltekstar frå antikken, seier ho.

Sjølv driv ho og forskar på tekstane til Catull.

- Han skreiv både pornografiske tekstar og lyriske kjærleiksdikt. Både Jens Bjørneboes og Agnar Mykles erotiske tekstar, ville ha framstått som småpene samanlikna med tekstane til Catull. Desse tekstane var borte i over 1000 år til dei blei funne igjen i heimbyen hans, Verona, på 1300-talet, fortel ho.

Også norske forfattarar har skrive på latin.

- Ludvig Holberg skreiv Niels Klims underjordiske Rejse på latin, medan Petter Dass også skreiv enkelte vers på latin. Dessutan finst både Donald Duck og Asterix på latin.

Roggen har også ei bøn til dei namneansvarlege for Centrum Atlethica.

- Namnet er ikkje grammatikalsk korrekt. Centrum er eit inkjekjønnsord, og dermed skal den rette versjonen vera Centrum Atlethicum, understrekar ho.

Emneord: Fakultetene, HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 16. des. 2005 13:30 - Sist endra 10. des. 2008 16:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere