Ingen reell internhusleige no

Med seks mot fem stemmer stemte Universitetsstyret i dag for å utsetja ei ordning med reell internhusleige til 2006. Representantar for fleirtalet med prorektor Anne-Brit Kolstø i brodden meinte det kunne vera fornuftig å venta med å setja ordninga i verk til masterplanen var klar ein gong i løpet av neste år.

INGEN REELL LEIGE: Det blir ingen reell internhusleige ved UiO enno. Dermed blir det framleis ein symbolsk pris for å leiga PC-stova i Urbygningen.

Universitetsdirektøren gjekk inn for at dei tildelte midlane til internhusleige skulle bli frosne frå 1. januar 2006 og at dagens arealfordeling skulle bli lagt til grunn ved fastsetjing av tildelinga. Dersom forslaget hadde blitt vedtatt, måtte institutt, senter eller andre einingar som ville ha større areal, sjølve ha finansiert meirkostnadene av dette. Men dei kunne også ha sagt opp areal og på den måten frigjort midlar dei kunne ha brukt til det dei ville.

Kontrakt om leige og drift av areal skulle etter planen ha blitt inngått mellom Teknisk avdeling og einingane. 430 millionar kroner av Teknisk avdelings budsjett inngår i dag i ordninga med internhusleige, opplyste teknisk direktør Frode Meinich til medlemane i Universitetsstyret.

Ekstern styremedlem Egil Myklebust syntest det var viktig å definera areal som ein ressurs, og gjorde det tidleg klart at han ville stemma for framlegget til universitetsdirektøren.

- Viss eg hadde site i Kunnskapsdepartementet, så hadde eg konkludert med at me ikkje kunne overføra pengar til ein institusjon som ikkje opererer med ein pris på areala. Areal er nemleg også ein ressurs, understreka han.

Styremedlem for dei tekniske-administrative tilsette, Kristian Mollestad meinte at saka burde utsetjast.

- Ei slik ordning vil skapa ein unaturleg skeivleik mellom forskjellige fag og institutt, slo han fast.

Han fekk fylgje av Harriet Bjerrum Nielsen som meinte at dette også kunne få alvorlege fylgjer for forskinga.

- I dag får forskarane rundt 14 prosent i kontor- og utstyrskostnader (overhead) i kvart prosjekt frå Forskingsrådet. Dersom det blir innført ei reell ordning med internhusleige, blir denne summen fort eten opp. Dessutan kan ein utanlandsk forskar i dag ta eit sabbatsår ved UiO utan å betala noko for kontor og utstyr. Internhusleige kan dermed vera med på å øydeleggja dei såkorna som finst, konstaterte ho.

Ho fekk støtte frå prorektor Anne-Brit Kolstø.

- Eg vil foreslå at me ventar med å setja dette i gang til det ligg føre ein masterplan for heile ordninga med internhusleige. Difor bør me utsetja saka til 2006, meinte ho. Under avrøystinga stemte altså seks for utsetjing, medan fem stemte i mot.

Einige om organisasjonsmodell

Derimot stemte eit samla universitetsstyre for framlegget til mogleg organisasjonsmodell for aktivitetar som ikkje inngår i primæroppgåvene til UiO. I første rekkja skal slike aktivitetar organsierast utanfor UiOs ordinære struktur. Verksemd som universitetet finn formålstenleg å organisera som aksjeselskap, skal vanlegvis organiserast som dotterselskap av UniRand. Føresetnaden er at oppgåvene fyller eitt eller fleire av desse kriteria:

- dei må ha relevans for og støtta opp under UiOs kjerneaktivitetar forsking, undervisning og formidling

- dei må ha relevans for UiOs samfunnsansvar

- dei krev samarbeid med UiO for å halda ein høg fagleg kvalitet.

Det er enno ikkje endeleg avgjort kva einingar som vil koma inn under ein slik modell. Universitetsstyret ber difor universitetsdirektøren om å greia nærmare ut dei innspela som ei arbeidsgruppe kom med i desember i fjor om organisasjonsendring for konkrete einingar.

Der var både Laboratorium for ferskvassøkologi og innlandsfiske (LFI). Forskings- og kompetansenettverk for IT i utdanninga (ITU), Mikrobiologisk Diagnostisk Service, Unifor (Seksjon for kapitalforvalting) og Eining for digital dokumentasjon (EDD) nemnde. Før noko blir endeleg bestemt, må det altså gjennomførast ei inngåande utgreiing av om det er reelt grunnlag for omdanning av dei aktuelle einingane.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. des. 2005 16:43 - Sist endra 10. des. 2008 15:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere