Geir Ellingsrud leier rektorvalet
Matematikkprofessor Geir Ellingsrud leier rektorvalet på UiO etter første og andre runde av oppteljinga. Samtidig er det klart at medisinprofessor Stein Evensen og biologiprofessor Kristian Gundernsen er ute. Det er klart etter at oppteljinga viste at Ellingsrud hadde fått 31,88 prosent av stemmene medan Evensen hadde fått rundt 11 prosent og Gundersen rundt 14, 25 prosent av stemmene etter første runde. Det var rekordhøg deltaking i rektorvalet samanlikna med dei to føregåande rektorvala.
Tekst: Martin Toft
Foto: Ola Sæther
Stemmetala viser at han fekk 33,06 prosent av dei vitskapleg tilsette sine stemmer, 37,58 prosent av dei teknisk-administrative tilsette sine stemmer og 25,23 prosent av studentane sine stemmer. Det er berre hos studentane Ellingsrud ikkje fekk flest stemmer. Der vann psykologiprofessor Fanny Duckert med 7,11 prosent av stemmene. Under tidlegare rektorval med mange kandidatar har rekkjefylgja etter første runde også vore likt det endelege sluttresultatet.
Valdeltakinga under rektorvalet var rekordhøg. Til saman stemte 58,32 prosent av dei vitskaplege tilsette, 55 prosent av dei teknisk/administrative tilsette og 12,3 prosent av stemmene. Det vil seia at 1869 vitskaplege tilsette brukte stemmeretten sin medan 1330 teknisk/administative tilsette stemte. Blant studentane var det 3569 som deltok i rektorvalet.
Uniforum kjem tilbake med oppdaterte opplysningar også etter at dei neste rundane av rektorvalet er klare.
For å kommentere på dette dokumentet må du logge inn.
Om du ikkje har UiO- eller Feide-brukarnamn, kan du opprette ein WebID-brukar.