30 år i teneste for UiO
Førstekonsulent Manhar Patel ved Senter for utvikling og miljø fekk denne veka utdelt Norges Vels medalje for lang og tru teneste etter å ha arbeidd ved UiO i tretti år. - Det har vore ein svært hyggeleg arbeidsplass for meg etter at eg kom til Noreg som politisk flyktning frå Uganda i 1972, sa Patel, like etter at han hadde fått utdelt medaljen av styreleiar for SUM, Hans Christian Bugge.
Det var etter at despoten Idi Amin tok makta i Uganda i 1971 og utviste alle asiatiske innvandrarar, Manhar Patel måtte dra frå heimlandet sitt.
- Medan me var i Roma i desember 1972, fekk 300 av oss beskjed om at eit fly skulle henta oss og flyga oss til Noreg. Sidan me allereie kunne engelsk gjekk integreringa av dei første farga flyktningane i Noreg ganske greitt. Men også me opplevde diskriminering. Heldigvis har eg møtt utruleg mange kjekke menneske, og det har vore fantastisk å bu her, slo Patel fast i takketalen sin.
Kollegaene hans trekte også fram den viktige rolla han hadde
spelt som medarbeidar ved Den internasjonale sommarskulen,
UiO.
- Då kan han bruka alle språka han kan, både swahili og
stammespråk frå Uganda. Dessutan inviterer han på eige
initiativ dei utanlandske studentane heim til seg i fritida,
vart det fortalt.
For å kommentere på dette dokumentet må du logge inn.
Om du ikkje har UiO- eller Feide-brukarnamn, kan du opprette ein WebID-brukar.