Oslo-dialekten under lupa

Forskarane Unn Røyneland og Bente Ailin Svendsen har saman med andre språkforskarar fått 10 millionar kroner frå Forskingsrådet for å studere ungdomsspråket i blant anna Oslo. Talemålsutviklinga i hovudstaden er blitt neglisjert av språkforskarane i ein generasjon. Det har likevel skjedd store endringar i talemålet dei siste tretti åra, særleg fordi det språklege mangfaldet i Oslo er blitt mykje større.

OSLO-DIALEKTEN:- "Kebab-stua" er eit illustrerande døme på språkleg hybridisering, synest sosiolingvistane Unn Røyneland (t.v.) og Bente Ailin Svendsen.

- Det er på høg tid at det blir forska på talemålet i Oslo og dei andre større byane i Noreg. I det nyleg avslutta TEIN-prosjektet, der vi har studert dialektutviklinga i dei såkalla bygdebyane i Noreg, har vi nemleg funne at dei språklege normideala er byane. Vi har til dømes kunna stadfeste at nivelleringa av bygdedialektane går i retning av Oslo eller andre større byar, men så veit vi relativt lite om talemålsendringane i byane. Vi er difor svært nøgde med å ha fått 10 millionar kroner frå Forskingsrådet over tre år for å studere blant anna ungdomsspråket i Oslo, fortel Unn Røyneland.

Ho har nett blitt tilsett som post.doc-stipendiat ved det nyetablerte, nasjonale forskingsprosjektet UPUS, "Utviklingsprosessar i urbane språkmiljø", der Universitetet i Oslo er eitt av fleire universitet som deltar. I Oslo er det særleg språkbruk og språklege praksisformer i multietniske ungdomsmiljø som står i fokus.

Bente Ailin Svendsen er den andre post.doc-stipendiaten i prosjektet. Både ho og Røyneland kjem frå Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo. I tillegg er ein doktorgradsstudent og to frikjøpte forskarar knytte til Oslo-delen av prosjektet.

"Kebab-norsk"

Svendsen har tidlegare forska på fleirspråkleg praksis hos ei gruppe norsk-filippinske skulebarn. Svendsen vil blant anna følgje opp desse ungdomane for å sjå om deira språklege praksis har endra karakter frå dei var åtte-ni år gamle til i dag når dei er om lag 15 år gamle. Ho vil også inkludere andre ungdomar med tre eller fleire språk i sitt språklege repertoar, særleg ungdom med indisk foreldrebakgrunn, og er svært oppteken av dei funksjonane dei ulike språka har for dei enkelte ungdomane.

Kjært barn har mange namn. Talemålet i multietniske miljø i Oslo har blitt kalla "kebab-", "volla-" eller "Grønland-"norsk. - Så langt finst det svært få granskingar av den norske språkbruken i desse fleirspråklege miljøa, og dei få som finst konsentrerer seg om leksikalske lån frå ulike minoritetsspråk. Den kunnskapen vi har om "kebabnorsk" er med andre ord svært avgrensa. Vi vil finne ut kva som karakteriserer den multietniske norsken både når det gjeld lydsystem, grammatikk og setningsbygnad - og ikkje minst kva for funksjonar den har, seier Røyneland.

- Vi skal samle inn data blant anna frå Holmlia i bydel Søndre Nordstrand og Jordal i bydel Gamle Oslo. Her er det spesielt mange innbyggjarar med innvandrarbakgrunn. I tillegg vil vi samle inn data frå ei kontrollgruppe med ungdom frå eit mer homogent norsketnisk område, også i den austlege delen av Oslo. Informantane vil vere i aldersgruppa 15 til 20 år, fortel Svendsen.

Hovedtyngda av materialet skal bestå av lydopptak av autentisk språkleg samhandling i ungdomsgruppene, men også videoopptak, spørjeskjema og observasjonsdata frå skular, ungdomsklubbar, idrettslag og heimemiljøet.

125 ulike språk

- Det klassiske øst-vest-skiljet i Oslo er ikkje lenger så tydeleg. Det språklege mangfaldet er mykje større no enn på 70-talet då det sist vart forska på talemålet i Oslo, meiner Røyneland, og Svendsen supplerer:

- Ungdomane er dei språklege innovatørane. I Oslo-skulane har vi no 125 ulike språk representert. Det er difor interessant å finne ut korleis ungdom i multietniske miljø bruker dei språka dei kan, og i kva grad norsk ungdom tar over språktrekk frå innvandrarungdom. Talemålet har blant anna ein viktig funksjon som identitetsmarkør.

Røyneland er særleg oppteken av prosodi, av dei lydlege trekka i talemålet, blant anna tonem. Tonem er tydingsskiljande tonegang, det vil seie at tonegangen er det einaste som skil to ord, som til dømes bønner og bønder, eller vanne og vannet. - Tonemdistinksjonar forsvinn gjerne i område med mykje språkkontakt. Min hypotese, som eg no vil teste, er at noko liknande skjer i multietniske område i Oslo.

Emneord: Lingvistikk, Minoriteter i akademia, Nynorsk Av Lars Hoff
Publisert 24. aug. 2005 15:51 - Sist endra 10. des. 2008 15:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere