Styret utset truleg rektorvalet

Fleirtalet i Universitetsstyret kjem truleg til å stemma for å utsetja rektorvalet til hausten. Det viser ei rundspørjing som Uniforum har gjort. K Kristian Gundersen er den einaste representanten som tar eit klart standpunkt mot forslaget.

VIL UTSETJA REKTORVALET: Styrerepresentant Harriet Bjerrum Nielsen vil utsetja rektorvalet til hausten.
Foto: Trine Nickelsen

Seks av dei ti medlemane i Universitetsstyret som Uniforum har vore i kontakt med, vil gå inn for å utsetja rektorvalet til hausten. Ein vil gå imot og tre har førebels enno ikkje bestemt seg. Det er berre den eine representanten for dei vitskaplege tilsette, Kristian Gundersen, som har signalisert at han kjem til å stemma imot. Prorektor Anne-Brit Kolstø vil førebels berre seia at det viktigaste er at det er nok tid.

-Fornuftig

Den andre representanten for dei vitskaplege tilsette, Harriet Bjerrum Nielsen, støttar derimot forslaget om å leggja rektorvalet til hausten.

- Eg synest det er eit fornuftig forslag. Dersom rektorvalet kjem for tidleg, blir det vanskeleg for eventuelle kandidatar å vita kva dei stiller opp i. Viss me legg rektorvalet til hausten, kan det bli ein betre valprosess og det vil bli lettare og gi oss meir tid til å finna kandidatar som ulike grupper kan stå bak. Sidan både rektor Arild Underdal og prorektor Anne-Brit Kolstø og resten av Styret får forlengja rektorperioden sin fram til nytt, vil det gi oss høve til å byrja med realiseringa av den nye strategiske planen, understrekar Bjerrum Nielsen.

- Upassande

Kristian Gundersen er altså ikkje einig i at dette er eit fornuftig framlegg.

- Nei, eg tykkjer at det er upassande at Styret sjølv skal meina noko om å forlengja funksjonsperioden sin med eit halvt år. Tidlegare har jo både rektoratet og dei fire eksterne representantane fått forlengja perioden sin med eit halvt år. Meininga var jo at både rektoratet, dei eksterne styremedlemane og dei tilsette sine representantar berre skulle sitja tre år i Styret.

- Men den nye lova om universitet og høgskular blir ikkje vedtatt før 28. februar. Trur du ikkje det blir vanskeleg å få gjennomført eit rektorval i den perioden som er igjen før sommarferien?

- Det er berre i tilfelle det reint teknisk ikkje går an å gjennomføra eit val at det bør leggjast til hausten. Og det må i tilfelle Utdannings- og forskingsdepartementet bestemma. Universitetsdirektøren har sagt at det er mogleg å gjennomføra eit val i vårsemesteret. Eg meiner at det er viktig at universitetssamfunnet no må få visa kva det meiner gjennom val. Det er jo fleire avgjerder som er gjort av det sitjande styret som er kontroversielle, slår han fast.

Hanna Ekeli, som er representant for dei tekniske/administrative tilsette har enno ikkje bestemt seg.
- Nei, eg må lesa sakspapira først og sjå kva argumentasjon som blir brukt for å leggja rektorvalet til hausten. Når eg har gjort det, kjem eg til å ta stilling til dette spørsmålet, seier ho til Uniforum.

Positive studentar

Kim Rand-Henriksen og Elisabeth Thorkildsen er studentrepresentantar i Styret. Begge er positive til forslaget.

- Eg synest dette er svært fornuftig. Dette vil gi dei som er rektorkandidatar god tid til å få vita kva går inn på. Utan at eg har lese saksdokumentet, så høyrest dette forslaget bra ut, synest Rand-Henriksen.

- Det er ingen dum idé. Eg synest det er viktig å få ein god prosess rundt valet der det blir god tid til å lansera kandidatar. Dessutan vil kandidatane også få høve til å presentera seg for veljarane på ein god måte, meiner Thorkildsen.

- Klokt

Redaktør Hilde Haugsgjerd, som er ekstern representant i Styret, synest det er fornuftig å utsetja rektorvalet.

- Det vil vera klokt å leggja rektorvalet til hausten, ikkje minst på grunn av at Stortinget akkurat no held på med den siste handsaminga av den nye universitets- og høgskulelova. Dersom valet blir lagt til hausten kan det organiserast på grunnlag av innhaldet i den nye lova, understrekar ho. Haugsgjerd viser til at den store utskiftinga av leiarar ved UiO, er eit anna argument for å utsetja rektorvalet.

- Det har nettopp vore utskifting av universitetsdirektør med ein konstituert universitetsdirektør på grunn av svangerskapspermisjon, det er nyleg tilsett ny studiedirektør medan UiO enno ikkje har tilsett nokon forskingsdirektør. Det talar for at dagens styre held fram ei stund til og sikrar kontinuiteten, meiner ho.

Abelia-direktør Paul Chaffey, som også er ekstern representant i Styret, hellar mest mot å flytta rektorvalet til hausten.

- Dekanane har jo gått samrøystes inn for å leggja rektorvalet til oktober, og det er mykje som talar for dette sidan det blir kort tid å få organisert eit rektorval på. Det kan vera lurt å setja seg godt inn i innhaldet i den nye lova om universitet og høgskular slik at me veit kva prosedyrar UiO skal fylgja i samband med valet. For meg er dette eit reint praktisk spørsmål og ikkje noko prinsippspørsmål, meiner Chaffey.

Helene Falch Fladmark vil møta som ekstern representant i staden for Egil Myklebust på styremøtet på måndag. Ho deler synet til Paul Chaffey.

- Ja, eg meiner det er fornuftig å utsetja rektorvalet. Då kan me få ein ordentleg og betre valprosess, seier ho.

Den fjerde eksterne representanten, Boel Flodgren, har enno ikkje bestemt seg.
- Nei, eg har ikkje tatt stilling til det spørsmålet enno.

Eit tidsspørsmål

Prorektor Anne-Brit Kolstø har akkurat som rektor Arild Underdal sagt seg villig til å halda fram i vervet til nyttår. Ho ynskjer ikkje å vera altfor bastant i synet på tidspunktet for rektorvalet.

- Det viktigaste er at det er nok tid til at det kan gjennomførast eit forsvarleg val, svarar ho. Før helga lykkast det ikkje for Uniforum å få tak i rektor Arild Underdal for å høyra korleis han vil stilla seg til forslaget om å utsetja rektorvalet.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. feb. 2005 16:52 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere