Meisterlege matematikarar

Store tal kan også gjera livet til matematikarar lettare. Det kan matematikkprofessorane Erling Størmer og Ola Bratteli skriva under på etter at dei er tildelt Noregs forskingsråds pris for framifrå forsking (Møbiusprisen) på 500 000 kroner. - Pengane skal me bruka på reiser for å møta utanlandske kollegaer, fortel dei to prisvinnarane.

RADARPAR: Matematikkprofessorane Ola Bratteli og Erling Størmer er begge tildelt Møbiusprisen for blant anna å ha etablert Oslo-skulen i operator algebraer.
Foto: Ola Sæther

Uniforum møter dei på det svært ryddige kontoret til Erling Størmer i Niels Henrik Abels hus på Blindern.
- Gratulerer med Møbiusprisen!
- Tusen takk for det, svarar dei.
- Var det ein fortent pris?
- Det må me vel kunna svara ja på, sjølv om også andre matematikarar hadde fortent ein slik pris like mykje som oss, synest Ola Bratteli.

Skulle bli fysikar

Han var fysikkstudent då han møtte professor Erling Størmer for første gong ved UiO på slutten av 1960-talet.
- Ja, eg hadde tatt langt over 20 vekttal i fysikk og skulle berre ta ein del kurs i matematikk, då eg brått blei biten av matematikkbasillen og fann ut at det var matematikar eg ville bli. Eigentleg skulle eg ha matematikkprofessor Raphael Høegh-Krohn som rettleiar, men så fekk han tilbod om jobb ved Princeton-universitet i USA.

- Og så kom eg frå USA til UiO og fekk oppgåva med å vera rettleiar for Ola Bratteli, legg Erling Størmer til.

Operator algebraer

Fagfeltet deira ber altså namnet operator algebraer, men det må likevel ikkje forvekslast med algebra.

- Dei teoriane me finn fram til, kan brukast både i informasjonsvitskap og i biletbehandling. Kvanteteoriar kan ikkje forklarast på same måten som meir klassiske matematiske problem på grunn av Heisenbergs uvisse-relasjonar. Ein metode er då å ty til operator algebraer. Klassisk fysikk skjer i klassiske geometriar der ein snakkar om rom og avstand. Funksjonane på rommet dannar det som blir kalla for ein kommunativ operator algebra. Viss me gløymer rommet og erstattar funksjonane med element som ikkje naudsynleg kommuterer (endrar seg)med kvarandre, får ein det som blir kalla ein generell operator algebra. Men fleirtalet av fysikarane har ikkje vist så stor interesse for det, konstaterer Bratteli og Størmer.

Bratteli-diagrammet

Allereie som hovudfagsstudent studerte Bratteli ein spesiell klasse innanfor operator algebraer
som han skildra med diagram. I dag er dei kjende som Bratteli-diagram, og han har difor fått eit evigvarande namn innanfor matematikken.

- Ein gong Bratteli-diagrammet dukka opp, var då professor Vaughan Jones ved Berkeley-universitetet skulle laga ein klassifikasjon av noko som ber namnet subfaktorar. Denne klassifikasjonen leidde til ein ny klassifikasjon av knutar. Jones peika ut at det er mogleg å bruka denne teorien for å forklara kva som skjer når DNA-molekyl deler seg og det oppstår mutasjonar, fortel Bratteli.

Oslo-skulen

Ola Bratteli og Erling Størmer har samarbeidd i 35 år og saman etablert Oslo-skulen innanfor spesialfeltet sitt. Prisjuryen trekkjer fram at dei to har stått for internasjonal forskingsaktivitet på høgt nivå, og begge har i høg grad gjort sitt for å gi norsk matematikk den internasjonale statusen som den har i dag.

Størmer har dei siste åra vore ekstra mykje i vinden fordi han har leia juryen for Abelprisen. Dessutan er han leiar for Den norske matematikk-komiteen til Den internasjonale matematikarunionen.

I over 20 år forska Bratteli i utlandet. Først i USA, deretter i Frankrike, Australia og i Tyskland. I 1991 kom han tilbake til UiO.

- Du kan trygt seia at matematikkmiljøet var svært stabilt. For då eg kom tilbake, var det dei same vitskaplege tilsette som var der 20 år tidlegare. Då eg forlét UiO i 1971, var Oslo ein landsby, medan byen 20 år seinare verkeleg hadde fått eit storbypreg. Men universitetet hadde knapt endra seg i same grad, minnest Bratteli.

Emneord: Priser, Forskning Av Martin Toft
Publisert 23. nov. 2004 14:06 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere