Første UiO-tilsette i Veglaboratoriet

Torsdag 27. mai hadde 37 tilsette i Økonomi- og planavdelinga sin første arbeidsdag i Veglaboratoriet. Det er sju tilsette i innkjøpsseksjonen og 30 i rekneskapsseksjonen som har flytta frå 6. etasje i Administrasjonsbygningen til Gaustadalléen 25. - Me gler oss til å koma tilbake til ein nyoppussa 8. etasje i Administrasjonsbygningen om eitt år, seier gruppeleiar Elisabeth Kolstad.

FLYTTA: Delar av ØPA har flytta inn Veglaboratoriet: Framme frå venstre: Heidi Wang, Sofie Jakobsen og Elisabeth Kolstad. Bak: Stein Thoresen, Elisabeth Hegerstrøm, Ruth Karin Lødding og Vera Nilsen.
Foto: Martin Toft

Utan støy og nesten utan at nokon visste om det, er 37 av dei tilsette i Økonomi- og planavdelinga flytta til Veglaboratoriet i Gaustadalléen 25. Medan dei fleste er klar over at dei tilsette i Norsk Ordbok, Seksjon for namnegransking, Seksjon for leksikografi, Eining for digital dokumentasjon og delar av fakultetsadministrasjonen ved HF skal inn i Veglaboratoriet, var det få som visste at 37 av dei tilsette ved ØPA også skulle dit.

- Flotte og lyse kontor

Flyttelasset gjekk på måndag, tysdag og onsdag og allereie torsdag hadde dei tilsette sin første heile arbeidsdag i 5. etasje i Veglaboratoriet.

- Me har flotte og lyse kontor og god plass på parkeringsplassen, men me gler oss likevel til å koma tilbake til Administrasjonsbygningen om eitt år, seier Ruth Karin Lødding og Elisabeth Kolstad til Uniforum. Dei er dei første UiO-tilsette som får sete i vegingeniørane sin tidlegare tumleplass. No er dei klare til å ta imot både dei tilsette i Norsk Ordbok og dei av dei tilsette ved HF-fakultetet som har fått flyttevarsel.

Manglar kantine

- Me manglar ei kantine, så det største problemet vårt no, er kvar me skal gå og eta lunsjen vår, smiler dei. Førebels er lokalet prega av at alle tinga enno ikkje er på plass, men ligg rundt omkring på kontora eller i korridoren. Dessutan ber bygningen preg av at den framleis er ein byggjeplass.

- Det er likevel ingen takplater som fell ned slik som i 6. etasje i Administrasjonsbygningen, seier dei nøgde.

Emneord: Økonomi, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 28. mai 2004 14:56 - Sist endra 10. des. 2008 15:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere