Rett før jul gjekk den gamle CT-skanneren til Avdeling for kjeve- og ansiktsradiologi sund midt under undersøkinga av ein pasient. Sidan avdelinga undersøkjer pasientar med ansikts- og kjevelidingar frå heile landet, hasta det med å få erstatta den øydelagde skanneren.
- Det var ikkje mogleg å få lagt ut eit slikt oppdrag på tilbod som ein vanlegvis må når Staten skal gjera store innkjøp. Heldigvis fekk med god hjelp av Innkjøpsseksjonen til Universitetet i Oslo. Dei kalla inn fire av dei norske leverandørane av CT-skannerar til eit møte, og like etterpå kom dei med eit pristilbod til oss. Vesle julaftan 2003 enda det altså med at me skreiv under ein kontrakt om kjøp av ein CT-skanner til fem millionar kroner frå General Electric, fortel leiar for Institutt for klinisk odontologi, Pål Barkvoll. Slik kom investeringa med på universitetsbudsjettet for 2003.
Både han og professor Tore A. Larheim er glade for at rektor Arild Underdal kunne ta turen til fakultetet onsdag 14. april for å markera at skanneren no er tatt i bruk.
Først ute etter Japan
- Det er faktisk berre tannlegeinstitusjonar i Japan som har tatt i bruk tilsvarande CT-skanner tidlegare. Tidlegare er det berre medisinske institusjonar som har tatt i bruk dette fantastiske verktyet for biletdiagnostikk. Dermed fylgjer me opp den stolte tradisjonen vår. Me var nemleg også ein av dei første tannlegeinstitusjonane som tok i bruk den gamle CT-skanneren då den var ny og moderne på byrjinga av 1990-talet, fortel Larheim.
Den nyinnkjøpte skanneren vil føra til at Det odontologiske fakultetet vil halda fram med å vera verdsleiande på biletdiagnostikk av ansikts-og kjevelidingar. Larheim illustrerer gjerne fordelane dette har for pasientane og helsepersonalet.
- Redda kjeven
- Det var ein ung pasient som kom til oss fordi han hadde fått ein svulst i kjevepartiet. Kirurgane frykta at dei ville bli nøydde til å fjerna halve kjeven for at pasienten skulle bli bra igjen. Etter at me hadde tatt røntgenbilete av kjeven til denne guten med CT-skanneren, fann me ut at svulsten hadde ein struktur som gjorde at det ville vera mogleg å fjerna den utan at det ville vera behov for å operera vekk halve kjeven. Dermed kunne pasienten behalda kjeven som den var. Dette hadde me ikkje kunne påvisa ved vanleg pasientbehandling, understrekar han.
Invitert til USA
I mai er Larheim invitert til ein kongress om ansiktssmerter og kjevelidingar som National Institutes of Health i USA skipar til. Der skal han halda foredrag om kor langt Det odontologiske fakultetet har kome i røynslene sine med biletdiagnostikk. Også ein av stipendiatane hans har fått invitasjon til å delta på denne konferansen. Noregs forskingsråd har nyleg gitt Larheim økonomisk støtte for å forska vidare på bruk av avansert biletdiagnostikk i USA.
- Det er svært mykje hyggeleg som skjer i fagmiljøet vårt for tida, synest han.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere