SINTEF krev 55 millionar etter byggjeskandale

SINTEF krev 55 millionar kroner i erstatning frå entreprenøren M+W Zander/Reinertsen Anlegg AS etter at dei ikkje klarte å gjera Mikro- og nanoteknologilaboratoriet i Gaustadbekkdalen vibrasjonsfritt. SINTEF måtte difor setja i verk eit omfattande ekstraarbeid for å få ferdigstilt bygningen.

KREV 55 MILLIONAR: SINTEF krev 55 millionar kroner i erstatning frå entreprenøren på grunn av manglane som blei avdekka i Mikro- og nanoteknologilaboratoriet i Gaustadbekkdalen.
Foto: Grethe Tidemann

Tysdag 20. april blei Mikro- og nanoteknologilaboratoriet (MiNaLab) i Gaustadbekkdalen opna av statssekretær Helle Hammer i Næringsdepartementet. Det skjedde eitt år og tre månader etter den opphavelege planen. Det var den 29. april i fjor Uniforum kunne avsløra at Nordens mest moderne laboratorium for mikro- og nanoteknologi stod tomt blant anna på grunn av at entreprenøren M+W Zander/Reinertsen Anlegg AS ikkje hadde klart å gjera laboratoria vibrasjonsfrie. Undersøkingar som blei gjort av ekspertar engasjerte av SINTEF viste at betongplata som luftputene kvilte på, var for mjuk til å hindra vibrasjonar. Det førte til at den fungerte som ei slags trampoline og forsterka vibrasjonane frå personell som gjekk rundt i laboratoriet, får Uniforum opplyst av pålitelege kjelder hos SINTEF.

Manglande brannsikring

Byggherren sine eigne ekspertar avdekka også ei lang rekkje andre manglar, blant anna manglande brannsikring. Det førte til at Branntilsynet kom på inspeksjon sommaren 2003 og trekte tilbake bruksløyvet. M+W Zander/Reinertsen Anlegg AS blei kritisert for å ha gjort svært alvorlege feil og blei også fråtatt ansvarsretten over bygningen av Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune.

Ny entreprenør

SINTEF engasjerte ein ny entreprenør som utførte arbeidet med avstiving og liming av nye stålbjelkar for å gjera laboratoria vibrasjonsfrie. No har altså SINTEF reist ei valdgiftssak mot entreprenøren og krev 55 millionar kroner i erstatning for dei ekstrakostnadene som byggjeskandalen har kosta selskapet. Entreprenøren M+W Zander/Reinertsen Anlegg AS har frist til 21. mai med å levera svaret sitt til valdgiftsretten.

Kostar 242 millionar

Bygningen har til saman kosta 242 millionar kroner. I denne summen er det også inkludert ei investering på 90 millionar kroner i vitskapleg utstyr. Forskingsrådet har løyvd 65 millionar kroner av byggjesummen medan SINTEF betalar resten. UiO stiller med forskarar, men betaler elles ingenting for bygningen.

Byggjekontrakten til entreprenørfirmaet var på 119 millionar kroner. Forskarar frå UiO og SINTEF brukar Mikro- og nanoteknologilaboratoriet blant anna til å utvikla mikrosystem som kan overvaka blodsukkernivået i kroppen, skanna mønsteret på fingeren din for å erstatta passord og PIN-kode og utvikla millimeterstore sensorar som utløyser airbag ved rulleulykker i bil. Desse forsøka er heilt avhengige av at det er vibrasjonsfritt.

- Sidan luftputene gjorde problemet verre, blei dei fjerna i samband med utbetringsarbeidet, opplyser prosjektdirektør Anders Hanneborg til Uniforum.

- Men no er det blitt eit heilt fantastisk flott mikro- og nanoteknologilaboratorium som forskarane endeleg har kunna ta i bruk for fullt, legg han til.

Fakta om Mikro- og nanoteknologilaboratoriet
- kostar 242 millionar kroner inkludert vitskapleg utstyr for 90 mill. kr.
- inneheld to 5000 kvm. store reint rom-laboratorium for mikro- og nanoteknologi fordelte mellom UiO og SINTEF
- grunnsteinen blei nedlagt av næringsminister Ansgar Gabrielsen 7. juni 2002
- bygningen blei opna av statssekretær Helle Hammer i Næringsdepartementet 20. april 2004
Emneord: Forskning, Mikro- og nanoteknologi Av Martin Toft
Publisert 30. apr. 2004 13:30 - Sist endra 10. des. 2008 15:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere