Isadore M. Singer: - Eg har fortent Abelprisen!

Sir Michael Francis Atiyah , University of Edinburgh i Skottland og Isadore M. Singer , Massachusetts Institute of Technology i USA får tildelt Abelprisen for 2004. - Eg synest faktisk eg har fortent prisen, seier Isadore M. Singer til Uniforum på telefon frå California. Han får altså halvparten av prissummen på seks millionar norske kroner.

FÅR ABELPRIS: Isadore M. Singer er glad og sjokkert over å bli tildelt Abelprisen for 2004. (Foto: Vitskaps-Akademiets biletarkiv)

Det er ein glad mann Uniforum får snakka med då me ringjer opp Abelprisvinnar Isadore M. Singer og gratulerer han med Abelprisen.

- Eg er framleis både glad og sjokkert sidan eg fekk vita at eg var tildelt prisen først for ein time sidan. Men eg hadde aldri rekna med at eg skulle få denne prisen.

- Har du fortent Abelprisen?
- Eg er glad for å kunna svara eit klart ja på det spørsmålet, svarar han. Singer ser fram til å ta med seg kona si og få utdelt Abelprisen i Oslo 25. mai. Men det blir ikkje første gongen han kjem til Noreg.

- Nei, for mange år sidan leigde me ein bil og drog på tur til Nord-Noreg. Det var ein heilt fantastisk tur, så det er på tide at me kjem tilbake, slår Singer fast. Han vil også trekkja fram kor viktig det er at det er etablert ein Abelpris i matematikk.

- Abelprisen understrekar kor viktig fag matematikken er for til dømes dei andre teknologiske faga. Dette er ein fin måte å skapa interesse for matematikk på internasjonalt. Og leiinga ved Massachusetts Institute of Technology fortalde meg då dei gratulerte meg med prisen at eg måtte rekna med å få ein haug med telefonar frå reporterar frå heile USA i dag. No var jo du først ute, men det kan ha noko å gjera med tidsskilnaden på åtte timar mellom California og Oslo, trur han.

- For Abelprisen byrjar faktisk å bli kjent i USA, også utanfor matematikkmiljøet, legg han til.

- Og kva skal du bruka prispengane til?
- Førebels er eg for sjokkert til at eg har fått tid til å tenkja på det spørsmålet, seier han til Uniforum.

Emneord: Niels Henrik Abel2, Internasjonalisering, Forskning Av Martin Toft
Publisert 25. mars 2004 17:12 - Sist endra 10. des. 2008 15:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere