Universiteta held fram som statlege forvaltingsorgan

Regjeringa har avgjort at universitet og høgskular skal halda fram med å vera statlege forvaltingsorgan, og ikkje omdannast til stiftingar. Det opplyser utdanningsminister Kristin Clemet i ein kronikk i dagens utgåve av Aftenposten. Både rektor Arild Underdal, fagforeiningane, Studentparlamentet og Attac Blindern er nøgde med avklaringa frå statsråden.

FEIRER CLEMET: Fagforeiningane og Attac Blindern feirer Kristin Clemets avgjerd om å lata universiteta få halda fram med å vera statlege forvaltingsorgan.
Foto: Martin Toft

Alle dei tre største fagforeiningane ved UiO, NTL, Forskarforbundet og 2FO og Attac Blindern feira avgjerda til regjeringa og statsråd Kristin Clemet med champagne på Frederikkeplassen på Blindern om formiddagen torsdag 12. februar.

- Statsråden skal ha ros for å ha tatt omsyn til høyringsfråsegnene frå universiteta, studentane og fagforeiningane, seier styremedlem i NTL, Ulrik Sverdrup.

- Dette viser at ho har eit demokratisk sinnelag, og tar på alvor innhaldet i dei høyringsfråsegnene ho har fått inn. Det er slett ikkje alle statsrådar som har gjort det, meiner han.

- Dette viser at samhald gjer oss sterke, ikkje minst når me har ei så god sak å kjempa for, synest leiaren for 2FO, Unni Bingen. Ho trur dette kan gi håp til andre statstilsette.

- Ja, då tenkjer eg på dei som arbeider i statlege sektorar som også snart vil få omorganiseringsspøkelset på nakken, understrekar ho.

Glad for avklaring

Også rektor Arild Underdal er glad for den raske avklaringa frå statsråden. Han seier til Aftenposten at nettogevinsten med ei omdanning virka høgst uklar - og det vil ikkje vera sjølvsagt at den ville vera positiv. Likevel understrekar han at universitetet står overfor store utfordringar når det gjeld leiing og styring. - Me må omstilla oss frå eit skjerma norsk samfunn til ein open internasjonal konkurranse-arena, seier han til avisa.

Høyringa viktig

Statsråd Kristin Clemet vedgår at ho ikkje er upåverka av synspunkta som har kome inn på forslaget.

- Høyringa har virka, seier ho til avisa. Eitt av argumenta Clemet brukar, er at lærestadene no står midt oppe i gjennomføringa av Kvalitetsreforma.

- Fleire av institusjonane har utnytta fullmaktene i Kvalitetsreforma meir enn venta, slår ho fast. Ho vil også vurdera om lova skal opna for alternative tilknytingsformer, for dei som måtte ynskja det.

Leiaren for Studentparlamentet i Oslo, Bjørn Niklas Sjøstrøm er også glad for denne avgjerda.

- Studentparlamentet har heile tida arbeidd for at UiO skal halda fram som eit statleg forvaltingsorgan, og registrerer med glede at statsråd Clemet no har kome til det samme standpunktet. Dette vil vera med på å sikra den framtidige påverknaden studentane kan ha på sin eigen studiekvardag, trur han.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. feb. 2004 12:49 - Sist endra 10. des. 2008 16:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere