UiO auka talet på doktorgradar

Universitetet i Oslo kunne i 2003 notera seg for ein liten auke i talet på avslutta doktorgradar. 234 personar blei doktor ved UiO i fjor, medan 231 blei det året før. I heile landet var det ein liten nedgang i talet på ferdige doktorgradar, melder NIFU.

HJERNEKRAFT: UiO auka talet på kandidatar som brukte hjernekrafta til å produsera ein doktorgrad.
Foto: Hanne Buxrud

Av dei fire norske universiteta var det berre Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø som kunne rapportere om ein auke i talet på doktorgradar i fjor, melder Norsk institutt for forsking på forsking og utdanning (NIFU). Både NTNU i Trondheim og Universitetet i Bergen måtte registrera ein liten nedgang i høve til 2002.

Ved dei vitskaplege høgskulane kunne både Noregs Handelshøgskule og Noregs idrettshøgskule skryta over ein framgang i høve til 2002. Dei private høgskulane Handelshøyskolen BI og Menighetsfakultetet registrerte begge ein doktorgrad kvar i fjor.

39 prosent kvinner

I heile landet kunne til saman 722 personar smykka seg med tittelen doktor i 2003. Dette er ein nedgang på 17 doktorgradar i høve til 2002. Det var 442 menn og 280 kvinner blant dei som tok doktorgraden i Noreg i fjor. Det gir ein kvinnedel på 39 prosent medan den var på 40 prosent i 2002. Men både i medisin og landbruksfag/veterinærmedisin utgjorde kvinnene 50 prosent av dei som tok doktorgraden i 2003. I humaniora og samfunnsvitskap var kvinnedelen på 40 prosent, medan 35 prosent av dei som disputerte i matematikk og naturvitskap var kvinner.

21 prosent utlendingar

I 2003 utgjorde personar med utanlandsk statsborgarskap rekordhøge 21 prosent av dei som gjorde seg ferdig med ein norsk doktorgrad. Ved Noregs landbrukshøgskule hadde ein av tre av dei ferdige doktorane eit utanlandsk statsborgarskap. Ein av fire doktorandar var frå eit anna land enn Noreg ved NTNU i Trondheim. I fagområdet teknologi stod utlendingar bak kvar tredje doktorgrad. Blant dei utanlandske doktorandane var det 31 prosent kvinner, melder NIFU.


Dette er tala for dei fire universiteta:
År 2001 2002 2003
UiO 232 231 234
UiB 130 158 153
NTNU 174 203 195
UiT 62 55 57
Emneord: Forskning
Publisert 27. feb. 2004 10:47 - Sist endra 10. des. 2008 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere