Hans H. Skei:- Trekk tilbake planane om HF-fusjon!

- Eg spår opprør på HF om ikkje dekanatet trekkjer forslaget sitt til ny instituttstruktur. Det seier instituttleiar Hans H. Skei ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap. Han var sjølv med i arbeidsgruppa som la fram forslaget, men no angrar han seg.

OPPRØR: - Eg spår opprør på HF om ikkje dekanatet trekkjer forslaget sitt til ny instituttstruktur,seier instituttleiar Hans H. Skei ved INL.
Foto: Ola Sæther

For tre veker sidan gav allmøtet på HF i Georg Sverdrups hus eit godt signal på kor stor motstand det var mot forslaget til ny instituttstruktur. No har motstanden også spreidd seg til medlemane av arbeidsgruppa som la fram forslaget. For instituttleiar Hans H. Skei, som sjølv var medlem av arbeidsgruppa, tar no avstand frå innhaldet i notatet frå denne gruppa.

- Eg blei medlem i gruppa fordi eg hadde eit visst håp om at eg skulla klara å hindra at det verst moglege scenariet skulle bli ein realitet, nemleg å laga eit stort institutt for språk og eit stort eit for litteratur. Det klarte eg å hindra, men det var kanskje også det einaste, vedgår han.

I eit brev som er lagt ut på diskusjonsforumet på nettstaden til HF-fakultetet, forklarar han motstanden mot dette framlegget med at det ville kunne gå utover situasjonen til framandspråka, moderne tekst- og diskursvitskap og fakultetet sitt ansvar for lektor- og adjunktutdanninga.

- På nippet til å gå ut av gruppa

Han var også inne på tanken om å trekkja seg frå gruppa.
- Eg var fleire gonger på nippet til å gå ut av gruppa eller fremja særstandpunkt. No angrar eg på at eg ikkje gjorde det, men eg har i alle fall ikkje vore med på dei siste finpussingane og endringane av det opphavelege arbeidsnotatet. Då det arbeidet blei gjort, var eg på ein forskingskonferanse i USA, og eg trudde at heile gruppearbeidet var avslutta.

- Eg tenkte at det opphavelege forslaget til gruppa skulle vera eit ledd i ein lang prosess fram mot endringsvedtak, eller eit vedtak om å utsetja endringane til me har gjennomført andre ressurskrevjande omstillingar, seier Skei til Uniforum.

- Både modig og feig

- Men er du ikkje redd for å bli kalla for feig når du no toar hendene dine og tar avstand frå det ei gruppe som du var medlem av, har fremja som eit eige forslag?

- Ærleg talt, så gjekk eg inn i gruppa fordi eg trudde me meir eller mindre skulle sluttføra den omstillinga HF gjorde i 1990, og som først no byrjar å fungera. Difor var tanken min at me måtte prøva å få realisert ei mogleg samanslåing av Germanistisk institutt, Klassisk og romansk institutt og Institutt for britiske og amerikanske studiar. Dessutan rekna eg med at me også skulle ta stilling til korleis Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar kunne løysast opp og spreia stillingane sine på andre institutt.

- Då eg byrjar i gruppa, finn eg raskt ut at gruppa er sett saman på ein slik måte at det ikkje var mogleg å få gjennomslag for ting som fakultetsleiinga ikkje hadde tenkt sjølv, men eg kan likevel ikkje fråskriva meg delansvaret for gruppearbeidet. Eg synest det er viktig å seia frå før det er for seint, så difor kan du kanskje kalla reaksjonen min både for modig og feig, seier Skei.

Ikkje takk for sist

Hans H. Skei var motkandidaten til Bjarne Rogan då sistnemnde vann dekanvalet i fjor. Det er likevel ikkje ein takk for sist som gjer at han går imot forslaga som dekanen saman med prodekanane Trude Syvertsen og Tor Egil Førland forsøker å gjennomføra ved HF-fakultetet.

- Nei, på ingen måte. Grunnen til at eg går imot er at eg meiner at slike endringar berre må skje etter eit solid og grundig utgreiingsarbeid, der både personalmessige, økonomiske, administrative og faglege kostnader ved ei slik omstilling, blir vurderte.

- Å setja i gang ei slik omstilling midt under gjennomføringa av Kvalitetsreforma er i beste fall eit svært dårleg tidspunkt å gjera det på. Og reforma har vore positiv for HF-fakultetet, me produserer jo studiepoeng som aldri før. Men institutta treng ikkje bli organiserte etter studieprogramma av den grunn.

- Etter kvart trur eg også reforma vil vera til fordel for forskinga. Difor er det heller ikkje naudsynt med ny instituttstruktur med omsyn til forskinga. Den skal jo likevel vera overordna alt som har å gjera med undervisning, slår Skei fast, som ikkje ser korleis ein instituttstyrar skal klara å ha oversikt over 100 tilsette framfor toppen 50 som i dag.

Fryktar opprør

Han fryktar store konsekvensar om ikkje saka blir utsett.
- Eg trur det blir opprør på fakultetet om ikkje heile denne prosessen blir utsett. Det faktum at enkelte forskarar sjølve har fått høve til å velja kvar dei skal flytta til, tyder heller ikkje på at det ligg ei prinsipiell tenking bak alle desse forslaga. Eg vil oppfordra fakultetsleiinga til å føra ein dialog og lata argumenta tala før dei prøver å gjennomføra desse forslaga, er rådet frå instituttstyrar Skei.

Dekanen slår i bordet

Dekan Bjarne Rogan ynskjer ikkje å kommentera innhaldet i påstandane i nettinnlegget til Hans H. Skei.
- Det eg vil seia generelt er at dette viser klart problema med organisasjonskulturen på HF-fakultet. Denne typen utspel er med på å undergrava premissane for dei demokratiske prosessane ved universitetet, meiner Rogan, som ikkje har sans for handlingsmåten til Skei.

- Me må ha tillit til at folk går inn i ei arbeidsgruppe med eit ope sinn og har vilje til å lytta til andre synspunkt. seier HF-dekanen.

Emneord: Universitetspolitikk, Fakultetene, HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 10. feb. 2004 14:19 - Sist endra 10. des. 2008 15:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere