Ord +tal= 2 utstillingar

Ei utstilling for Matematisk institutt og ei utstilling for Institutt for nordistikk og litteraturvitskap. Det er det synlege resultatet av Humanistisk prosjektsemester for fire studentar ved Institutt for kulturstudiar.

"ABELS KJØKKEN": Studentane Anette Storli Andersen og Gøril Sæther har saman med medstudentane Hanne Jacobsen og Ragnhild Norheim Førland laga ei matematikkutstilling i ein kjøkenseksjon.
Foto: Ola Sæther

Å stilla ut matematiske formlar i eit kjøken og ord på ein kafévegg skal i utgangspunktet ikkje vera lett. Men studentane Anette Storli Andersen, Gøril Sæther, Hanne Jacobsen og Ragnhild Norheim Førland ved Institutt for kulturstudiar har gjort nettopp det.

På oppdrag frå Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV) har dei brukt Humanistisk prosjektsemester til å laga utstillinga "Abels kjøkken" for Matematisk institutt i inngangspartiet til Niels Henrik Abels hus og "Eit litet ord gjerer stundom store verk" for Institutt for nordistikk og litteraturvitskap i inngangspartiet til Niels Treschows hus.

Abel som vegvisar

I den førstnemnde utstillinga har dei lete matematikkgeniet Niels Henrik Abel bli vegvisaren gjennom skuffer og skap og på den måten losar han oss gjennom den matematiske forskinga til professorane Carl Anton Bjerknes (1825-1903), Christopher Hansteen (1784-1873), Viggo Brun (1885-1978), Carl Størmer (1874-1957) og Enok Palm (1924-). På den måten blir både hydrodynamikk, nordlys, primtal og mønsterdanning presenterte for publikum.

Stiller ut ny-ord

I utstillinga dei har laga for Seksjon for leksikografi og målføregransking og Seksjon for namnegransking ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap har dei fire studentane blant anna trykt opp ein del av dei mange ny-orda som er komne i løpet av dei siste åra i ei stoveinnreiing.Her finst ord som interrail, bimbo og populære personnamn, som til dømes Nils. I vindauget som vender inn mot Kafé Niels, har dei brukt ord som har med kaffi og mat å gjera, til dømes kaffi, kafé, sulten og mett.

I rapporten som studentane har laga i samband med dei to utstillingane går det klart fram kva målsetjing dei har med dei to utstillingane.

"Alt handlar om å få tinga til å synast - ikkje berre for det blotte auget, men på ein slik måte at dei får meining i ei museal verkelegheit - den verkelegheita som me sjølve skaper i møte med utstillinga", understrekar dei.

Nei til faste utstillingar

Anette Storli Andersen, Gøril Sæther, Hanne Jacobsen og Ragnhild Norheim Førland går heller ikkje av vegen for å få gå imot ynsket til Fenstadutvalet om at universitetsbygningane skal ha faste utstillingar. Hovudankepunktet deira er at ei fast utstilling treng tilsyn. "Utstillingar treng omsorg og fornying om dei ikkje skal forsøpla foajéane etter ei tid," er konklusjonen dei trekkjer.

Det høyrer med til historia at dei fire kvinnelege studentane fekk best mogleg karakter, altså bokstavkarakteren A på denne oppgåva.

Emneord: Museene, Utstillinger Av Martin Toft
Publisert 16. des. 2003 10:12 - Sist endra 10. des. 2008 15:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere