Takplater ramla ned

Fleire av takplatene i Økonomi- og planavdelinga i 6. etasje i Administrasjonsbygningen på Blindern har ramla ned dei siste vekene. - Det er berre utruleg flaks som har gjort at ingen av dei 40 tilsette har fått platene i hovudet, fortel verneombod Sofie Jakobsen.

FALL NED: - Denne takplata fall ned i korridoren like ved kopimaskina, fortel verneombod Sofie Jakobsen i Økonomi- og planavdelinga.
Foto: Ola Sæther

Det er dei tilsette ved Innkjøpsseksjonen og Rekneskapsseksjonen til ØPA, som held til i 6. etasje, som kan risikera liv og lemmer på jobben. No krev verneombod Sofie Jakobsen at platene blir forsvarleg festa.

- Ja, til no har folka frå Teknisk avdeling berre kome hit og hengt platene forsiktig opp igjen, og så ramlar ei ny plate eller den same plata ned igjen nokre dagar seinare. Her må det gjerast noko snarast for å unngå at det skjer ei alvorleg ulykke som kan enda opp med ei eller fleire forsikringssaker for Universitetet i Oslo, seier ho.
Ho viser til at UiO stengte lesesalane i UB då takplatene raste ned der for å verna studentane.

- Eg håpar at universitetsleiinga også meiner dei tilsette i Sentraladministrasjonen er like viktige å verna slik at noko kan bli gjort fort for å få arbeidsplassen vår trygg, understrekar ho. - Eg føreset at leiarane ved Økonomi- og planavdelinga fylgjer opp denne saka sidan dei har eit arbeidsgjevaransvar for medarbeidarane sine, slår ho fast.

Ingen er åleine på jobb

Ei av dei som så vidt har unngått å få ei av takplatene i hovudet er førstekonsulent Aliye Demirel Aas i Rekneskapsseksjonen.

- Eg var på veg til toalettet då eg brått høyrde eit brak. Då eg gjekk tilbake, såg eg at ei av takplatene i korridoren hadde gått rett i golvet. Ingen av oss vågar lenger å vera åleine på jobb i tilfelle me skulle få ei av platene i hovudet. Då vil ingen vera der som kan hjelpa oss, seier ho.

- Nei, dette går ikkje lenger an. Det kan eg skriva under på, supplerer nestleiar Mimi Wiese Bjørnsen i Rekneskapsseksjonen.

Vil sikra takplatene

- Teknisk direktør Frode Meinich, kva vil de gjera for å hindra at fleire takplater fell ned i 6. etasje?

- Eg var på synfaring der måndag 27. oktober, og situasjonen ser ikkje bra ut. Difor vil eg senda inn folk frå Teknisk avdeling som kan sikra platene på kort sikt slik at det ikkje skal vera farleg å opphalda seg der. Førebels har me ikkje avgjort om me skal festa platene til ei eiga list slik som me har gjort i UB, seier Meinich. Han ser likevel ikkje bort frå at det må til ei enda større utbetring.

- Når budsjettet til UiO er klart, kan me vurdera om me kan gjera noko meir. Det kan vera snakk om ei skikkeleg opprusting av heile etasjen eller berre ei utskifting av himlinga i 6. etasje finansiert av ordinære vedlikehaldsmidlar. Alt er avhengig av korleis budsjettet blir sjåande ut, understrekar Meinich.

Emneord: Arbeidsmiljø, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 30. okt. 2003 10:28 - Sist endra 10. des. 2008 15:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere