Seremoniane blir nesten som før

Opplegget for UiOs årsfest blir førebels ikkje radikalt endra. Det er klart etter at Universitetsstyret 8. september vedtok å senda forslaget om endring tilbake til Informasjonsavdelinga.

FOR HØGTIDELEG? Kreeringa av æresdoktorar (biletetet) og ferdige doktorandar skal i framtida få ei litt anna ramme enn i dag.
Foto: Ståle Skogstad

Skal årsfesten vera eit tiltak retta mot samfunnstoppar eller ei feiring for og med dei universitetstilsette? Før det er klart, kan ikkje Universitetsstyret ta stilling til ei drastisk omlegging av programmet, gjekk det fram av møtet. Difor skal Informasjonsavdelinga greia ut dei ulike alternativa enda meir før Styret på nytt skal handsama denne saka.

Likevel slutta Universitetsstyret seg til tanken om å leggja årsfesten til eit seinare tidspunkt på dagen. Utvalet som har gått gjennom seremoniane, har foreslått at årsfesten begynnar kl. 14 i staden for kl. 11 eller kl. 12 som i dag.

Den akademiske prosesjonen

Utvalet som har gått gjennom seremoniane, har også foreslått at medlemane i Universitetsstyret ikkje lenger treng delta i den akademiske prosesjonen. Grunngjevinga er at mange av dei eksterne medlemane kan føla det unaturleg å delta i ein slik prosesjon.

Utvalet understrekar sterkt at både rektor og prorektor saman med dekanane, universitetsdirektør, assisterande universitetsdirektør og prisvinnarane må delta i denne prosesjonen. Forslaget om å oppfordra fakulteta til å organisera ei eiga markering for alle ferdige kandidatar fekk full støtte frå dei 10 styremedlemane som var til stades.

Æresdoktorar

Også forslaget om at fakulteta skal overta det økonomiske ansvaret for reise og opphald i samband med kreeringa for æresdoktorane sine, slutta Styret seg til. Framlegget om at rektor skal setja ned eit utval av vitskapleg tilsette som utarbeider retningslinjer og klare kriterium for kven som kan bli foreslått som æresdoktor ved UiO, blei samrøystes vedtatt. Endringane skal setjast i verk ved seremoniane i 2004.

Emneord: Seremoniar, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. sep. 2003 16:04 - Sist endra 10. des. 2008 15:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere