NSU og fagforeiningane negative til ny styringsmodell

Både Forskarforbundet og Norsk Studentunion er kritisk til delar av innstillinga frå fleirtalet i Ryssdal-utvalet. Studentane fryktar svekka studentdemokrati medan dei tilsette fryktar auka konkurranse.

- Gratisprinsippet er grunnlaget for lik rett til utdanning. Dermed verkar det merkeleg at Ryssdalutvalet no opnar for at det kan krevjast pengar av studentane på dei høgare utdanningsinstitusjonane, om institusjonen meiner den statlige finansieringa er for dårleg, meiner Trond Enger, leiar i NSU.

- Med dette risikerer me at studentane blir ein salderingspost ved landets universitet og høgskular. NSU kan ikkje godta ei slik løysing, slår han fast.

- Norsk høgare utdanning skal vera eit offentleg ansvar, synest Trond Enger.

Mindre studentdemokrati

NSU er heller ikkje nøgd med at det ser ut til å bli mindre studentdemokrati enn før med den nye modellen.
- Det blir foreslått at ein skal gå ned frå to til ein studentrepresentant i styra. Dermed får studentane mindre makt, samtidig som det blir foreslått å gi styra meir makt. Dette lovforslaget vil kanskje ikkje føra til nokon raske endringar i høve til dagens status, men over tid kan me sjå ei snikinnføring av både eigenfinansiering av studium og svekka medverknadsrett for studentane, seier Trond Enger.

- Lite overtydande

Heller ikkje Forskarforbundet sluttar seg til synspunkta til Anders Ryssdal om at fleirtalsinnstillinga vil gi universiteta og høgskulane større fridom enn før.

- Me meiner Ryssdal var svært lite overtydande i argumentasjonen sin. Det er framleis uklart for oss kva ein ynskjer å oppnå ved denne reforma. Ei fristilling vil innebera svært mykje arbeid med fokus utanfor universiteta og høgskulane sine primæroppgåver. Ryssdal rekna til dømes med at det ville ta fem år å avgjera kva eigedomar, midlar og verdiar som den enkelte institusjon skal få med seg "ut av staten", seier hovudtillitsvald Live R. Skrindo i Forskarforbundet ved UiO. Denne fagforeininga deler fullt ut synspunkta til mindretalet i Ryssdalutvalet som vil halda fram med dagens organisasjonsform.

- Forskarforbundet er samd med mindretalet i at modellen til fleirtalet er risikabel fordi den overlet utviklinga av høgare utdanning og forsking til den frie konkurransen, seier hovudtillitsvald Live R, Skrindo.

I fylgje NTB meiner Norsk Tenestemannslag (NTL) at fleirtallsforslaget vil seia eit farvel til akademisk fridom og politisk folkevald kontroll.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. sep. 2003 17:15 - Sist endra 10. des. 2008 15:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere