Kritiske fagforeiningar og studentar

Fagforeiningane og studentpolitikarane ved UiO er svært kritiske til Universitetsstyrets endelege vedtak om normalreglar for fakultet og institutt.

- Etter ei førebels orientering om vedtaket konstaterer me at Universitetsstyret berre delvis har tatt omsyn til innspela og kommentarane våre når det gjeld rolla til fakultetsstyret som øvste organ på fakulteta. For oss ser det framleis ut som om rolla til fakultetsstyra er svekka, seier tillitsvald Kristian Mollestad i Forskarforbundet og nestleiar Ruth Norseng i NTL.

- Me meiner også det er gale at det berre skal rapporterast til dekan frå programutvala, og at det ikkje er spesifisert at alle relevante grupper er representert i det som blir kalla for "fora eller organer for rådgivning i utdannings- og forskningsspørsmål", seier Mollestad og Norseng. Mollestad har likevel tru på at det skal lata seg gjera å få til reglar som det går an å leva med.

Uforsvarleg sakshandsaming

- Når vedtaket no er gjort, ser me at den viktige kampen framover står på fakulteta i arbeidet deira med å laga eigne reglement. Her er det framleis mogleg å få presisert at både vitskapleg og teknisk/administrativt tilsette, så vel som studentane, skal vera representerte, krev Mollestad.

Norseng vil gjerne ha ei sterkare understreking av at det er fakultetsstyret som er det øvste styringsorganet.

- Det har vore viktig for oss å presisera at dekanen skal vera underlagt fakultetsstyret og rapportera til sitt eige styre. Dette ynsket har ikkje vore tatt godt nok vare på i vedtaket frå Universitetsstyret, seier Norseng. Ho synest heller ikkje at omsynet til fagforeiningane sin rett til medverknad i forhold til Tenestemannslova er tatt godt nok vare på.

- Det hadde vore fint å få understreka dette poenget i eit normalreglement, sjølv om me ikkje direkte mister denne retten, seier ho.

Både NTL og Forskarforbundet er kritiske til prosessen denne saka har gått gjennom før den blei handsama av Universitetsstyret.

- Den uforsvarlege sakshandsaminga som utarbeidinga av normalreglane har gått gjennom, må ikkje bli repetert når fakulteta no utviklar eigne reglar. Desse må få ei ordentleg handsaming, og me har difor insistert på at fristen for å senda desse til UiO sentralt må forlengjast, påpeikar dei to fagforeiningsrepresentane.

For personavhengig

Studentrepresentant SiljeWinther i Universitetsstyret er også svært kritisk til at student- og forskingssaker skal handsamast i særskilde "fora eller organer for rådgivning i utdannings- og forskningsspørsmål."

- Eg ynskjer at studie- og forskingsspørsmåla skal handsamast i eigne representativt samansette styre. Slik som det no er lagt opp til, får studentar og tilsette berre høve til påverknad gjennom rådgjevande organ, og dekanen og prodekanen , kan velja å ignorera innspela deira. Systemet blir for personavhengig, synest Winther.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 17. sep. 2003 15:38 - Sist endra 10. des. 2008 15:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere