Gamal kortkatalog digitalisert

Måndag 13. oktober var Universitetsbibliotekets eldste alfabetiske kortkatalog over utanlandske bøker ferdig digitalisert og gjort tilgjengeleg og mogleg å søka i via Internett,fortel bibliotekdirektør Jan Erik Røed og hovudbibliotekar Berit Timm Marcussen.

DIGITALISERT: Dette rommet rommar dei 887 000 kartotekkorta i hovudkatalogen over utanlandske bøker. Hovudbibliotekar Berit Timm Marcussen er glad for at samlinga no er digitalisert.
Foto: Martin Toft

Hovudkatalogen dekkar alle utanlandske titlar frå Universitetsbiblioteket blei grunnlagt i 1813 og fram til 1965. Til saman inneheld utanlandskatalogen 870 000 kartotekkort fordelte på 480 skuffer. På slutten av 1960-talet blei kortkatalogen overført til mikrofilm og gjort lettare tilgjengeleg for publikum. Det er mikrofilmane som no er blitt digitaliserte og gjort tilgjengelege for alle via Internett.

- Store delar av samlinga er allereie registrert i det nasjonale søkjesystemet BIBSYS, men den er svært mangelfull når det gjeld dei eldste delane av UBs eldste utanlandske samlingar. Difor har me vore avhengige av den gamle kortkatalogen for å finna fram til kva som fanst og kvar det var lokalisert, fortel hovudbibliotekar Berit Timm Marcussen.

- Det som skil denne katalogen frå andre katalogar er at den er ordna etter gamle tyske tradisjonar. For å gjera det lettare for publikum å forstå dette systemet, vil me leggja inn tips om korleis dei skal søkja for å finna fram til den rette boktittelen, seier bibliotekdirektør Jan Erik Røed. Det er eit firma i Tyskland som har utført skanninga medan tilsette ved Universitetsbiblioteket har gjort det omfattande arbeidet med indeksen. Arbeidet har til saman kome på
570 000 kroner.

- Oppgåva har vore å skanna mikrofilmen og gjera det mogleg å søkja opp korta via Internett. Dessutan er det lagt inn ein nettpresentasjon med hjelpe- og informasjonssider. Prosjektgruppa har også utvikla ein funksjon for å tinga desse bøkene, fortel Marcussen. Og de kan finna denne elektroniske katalogen ved å gå inn på nettsida til Universitetsbiblioteket i Oslo: www.ub.uio.no

Emneord: Undervisning, Internasjonalisering, Litteratur (skjønn-) og forfattere Av Martin Toft
Publisert 30. sep. 2003 13:33 - Sist endra 10. des. 2008 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere