Dekanane får meir makt

Dekanane vil få makt til å ta endeleg avgjerd i fleire saker enn i dag. Det er klart etter at Universitetsstyret måndag 8. september mot to stemmer vedtok dei nye normalreglane for fakultet og institutt.

PÅ LANDET: Universitetsstyret samla under ein pause i møtet i Baroniet Rosendal 8. september 2003.
Foto: Ola Sæther

Det var langt ute i nynorskland på Avlsgarden til Baroniet Rosendal i Kvinnherad, Universitetsstyret hadde lagt møtet sitt denne gongen. Og det var forslaget til normalreglar for fakultet og institutt som skapte størst debatt under møtet. Dei to studentrepresentantane Silje Winther og Torgeir Tofte Jørgensen stemte mot forslaget om å utvida dekanen sine fullmakter i utkastet til nye normalreglar for fakultet. Representanten for dei teknisk/administrativt tilsette Hanna Ekeli stemte saman med resten av Styret for forslaget etter at det i vedtaket blei understreka at dekanen normalt skal underleggjast fakultetsstyret.

Vedtaket inneber at det overordna ansvaret i alle saker som ikkje er lagde til fakultetsstyret, blir plassert hos dekanen, som også bestemmer den vidare delegeringa til prodekan, fakultetsdirektør og moglege studie- og forskingsdekanar. Det vil seia at dekanen har direkte linjeansvar for prodekan, fakultetsdirektør og instituttleiarar.

I vedtaket står det også at når det blir innført einskapleg leiing, så vil det vera behov for både å velja og å tilsetja leiarar. Difor skal det utarbeidast reglar som tar vare på dette. I tillegg skal det innførast ein valkomité som får i oppgåve å vurdera kandidatane til dekan- og instituttleiarfunksjonane.

Fakultetsstyre

Kvart fakultetsstyre skal ha ni eller elleve medlemar. Studentane skal vera representerte med 20 prosent og aldri færre enn to av medlemane. Det teknisk-administrative personalet skal ha eitt medlem. Dekanen skal vera leiar og prodekanen nestleiar i styret. Vitskapleg tilsette og representantar for det teknisk-administrative personalet blir valde frå dei gruppene dei representerer. Minst to og maksimalt tre av medlemane i fakultetsstyret skal vera eksterne. Desse skal oppnemnast av Universitetsstyret etter framlegg frå fakultetsstyret. Det blei også vedtatt at alle fakultet skal ha ein fakultetsdirektør.

Studentane nedstemt

Studentrepresentantane kom også med forslag om å påleggja alle fakultet å ha studie- og forskingsstyre. I tilfelle eit fakultet ikkje vil etablera slike styre, skal det søkja Universitetsstyret om dispensasjon. Forslaget falt mot dei to stemmene til studentrepresentantane. Dermed blei det opphavlege framlegget til vedtak ståande. Det vil seia at eit fakultet skal ha fora eller organ som tar vare på behovet for ein intern dialog om utdannings- og forskingsspørsmål der aktuelle grupper ved fakultetet kan delta, står det i vedtaket. Dessutan skal kvart fakultet ha eit Programutval for studie- og forskarutdanningsprogram.

Instituttstyre- eller -råd

Når det gjeld normalreglar for institutt, så blei det vedtatt at kvart institutt skal ha eit styre eller råd, ein instituttleiar, ein som kan representera instituttleiaren og ein administrasjon som normalt skal leiast av ein kontorsjef. Instituttstyret skal leiast av instituttleiar, og skal ha maksimalt ni medlemar. Også her skal studentane vera representerte med minst 20 prosent av medlemane. Dei mellombels vitskapleg tilsette skal ha ein representant i styret.

I styre med berre fem medlemar skal vararepresentanten til studentane også ha tale- og forslagsrett på møtene. Styret kan setjast saman av berre interne medlemar. Vitskapleg tilsette og representantar for det teknisk-administrative personalet blir også her valde frå dei gruppene dei representerer.

Einskapleg leiing

Utgangspunktet for å endra normalreglane for fakultet og institutt var Universitetsstyrets vedtak i møtet 3. juni om å innføra ei einskapleg leiing for fakulteta og institutta, men ei todelt leiing for den sentrale universitetsleiinga. I det endelege vedtaket heiter det at forslaget legg opp til å få fram dei overordna oppgåvene til fakultets- og instituttleiing, avgjerdsorgan, råd og utval.

Formålet er å opna for lokal tilpassing ved kvart einskild fakultet innanfor desse overordna rammene. Det blir meir ope korleis fakultetet blir organisert med styringsorgan utover styret, heiter det. Dette inneber dessutan at alle fakulteta skal utarbeida styrings- og administrasjonsreglement for kvart fakultet og institutt. Det nye normalreglementet skal virka frå 1. januar 2004. Tre fakultet har bede om overgangsordningar. Det gjeld HF-fakultetet, MN-fakultetet, og Det odontologiske fakultetet.

Professorkompetanse

Det blei også vedtatt at dekanar og instituttleiarar normalt skal ha professorkompetanse.
Styret vedtok også at korkje dekan eller prodekan kan veljast inn i Universitetsstyret. Det vil heller ikkje bli mogleg for ein instituttstyrar eller fungerande instituttstyrar å bli valt inn i fakultetsstyret.

Fakultetsstyret vedtar:

- overordna mål, prinsipp og prioriteringar for verksemda
- langtidsplanar, med vekt på strategi for forsking, utdanning og formidling
- årsplan og budsjett
- den interne organiseringa av fakultetet
- reglar om val eller tilsetjing av dekan, prodekan og instituttleiarar
- tilsetjingar og innstillingar i vitskaplege stillingar

Instituttstyret vedtar:

- overordna planar, prinsipp og prioriteringar for verksemda
- langtidsplanar, med vekt på strategi for forsking, utdanning og formidling
- årsplan og budsjett
- den interne organiseringa av instituttet
- det har ansvar for oppfylging gjennom godkjenning av rekneskap og årsrapport

Dessutan skal instituttstyret:
-leggja fram for fakultetet forslag til valkomité for utpeiking av instituttleiar, og fremja framlegg til innstilling dersom instituttleiaren skal tilsetjast
- innstilla i vitskaplege stillingar

...........

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 17. sep. 2003 11:09 - Sist endra 10. des. 2008 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere